Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Effektiv førsteomgang sikra historisk cupavansement PDF Skriv ut E-post
måndag 18. mars 2013 22:45

Vestnes Varfjell kjempa Averøykameratene i senk i cupkvaliken. I tillegg var laget effektive og skåra på sjansane sine slik at det sto 4-0 alt ved pause. AK greide berre å redusere ein gong. Dermed er Varfjell klare for 2. kvalifiserenade runde for første gong sidan 1976. Då nådde laget for første og einaste gong i historien 1. ordinære runde der Molde vart for sterke og vann 4-0 på gamle Molde stadion. Får me ein reprise i år? Sjå opptak av heile kampen i VarfjellTV | AK om kampen

 

 

AK starta best i fint, men kaldt marsvær denne søndagen og hadde eit skot på innsida  av stolperota og ein ball som Vestnes Varfjell-målvakt Thomas André Brastad fekk fista via tverrliggar og over. Gjestane frå divisjonen over var store favorittar med namn som Jan Roger Angvik (eks Træff og KBK) og tidlegare Færøyane-proff Stig Roger Søbstad i angrepsrekka.

 

Heimelaget spelte seg etter kvart inn i kampen. Muleg vart Amund Stavem snytt for straffe etter ein hekt før kaptein Tommy Kanishi Andreassen opna skåringsballet eter 25 minutt. Han kjempa til seg ballen på midtbanen, spelte til Ørjan Tangen som la inn til same Kanishi. Ein AK-spelar var uheldig då han skulle klarere og Kanishi sette ballen kontant i nota frå seks meter.

 

Vestnes Varfjell var no på hogget og med innsats vart AK-pressa bakover på bana. 2-0 kom etter 33 minutt eit langt framspel frå Elling Olafsen fann Tommy Kanishi som kjempa til seg ballen inne i 16-meteren og avslutta med eit skot i mål frå kloss hald.

 

Men det var ikkje slutt med dette. Heimelaget kunne gå til pause med ei nesten utruleg 4-0-leiing etter to nye skåringar på tampen av omgangen. 4-0 kom ved Ørjan Tangen som var sist på ballen etter at midtstoppar Jo Sigurd Vold hadde heada mot mål etter eit frispark lagt av Ole-Gunnar Kjærstad. 4-0 kom etter at Elling Olafsen vann duellen med keeper og heada i mål etter eit framspel frå Tommy Kanishi.

 

2. omgang starta med at AK forsøkte å presse høgt for å få ei tidleg redusering. Den kom også på ei heading etter ein corner. Seinare var det sjansar i begge endar, og kampen store spelar Tommy Kanishi hadde dei største for heimelaget. Vestnes Varfjell let aldri seieren bli truga, og er dermed med blant laga når NFF skal setje opp 2. kvalifiserande runde. Den kampen skal etter planen spelast 2. påskedag. Eit lag frå Sunnmøre (Herd, Spjelkavik, Larnes/Gursken, Bergsøy) eller eit av laga som er att frå Nordmøre/Romsdal (Elnesvågen, Sunndal, Surnadal) blir mest truleg motstandar.

 

Men før den tid gjer laget som MFK og dreg til Tyrkia for å finpussen formen. Der skal laget møte Herd palmelaurdag, i tillegg blir det truleg ein kamp mot eit lokalt lag.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Averøykameratene 4-1 (4-0)

NM i fotball (cupen), 1. kvalifiserande runde

Vestnes idrettspark, søndag 18. mars 2013 kl 15

Tilskuarar: 60

Mål:

1-0 (25) Tommy Kanishi Andreassen

2-0 (33) Kanishi Andreassen

3-0 (44) Ørjan Tangen

4-0 (45) Elling Olafsen

4-1 (53) Lars Gustad

Gult kort: Emil Folland (45) og Lars Gustad (83), AK

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Vestnes Varfjell: Thomas André Brastad; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide,  Vegar Skare, Ole Gunnar Kjærstad (Nirut Mjøs 56.) - Amund Stavem (Tore Akselsen 83.), Elling Olafsen (Sondre Akselsen 89.), Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert tysdag 19. mars 2013 00:40
 

Våre sponsorar