Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Tapte klart mot Rollon PDF Skriv ut E-post
fredag 08. mars 2013 19:23

Vestnes Varfjell held fram med å spele målrike treningskampar. Fredag ettermiddag vart det tap 3-6 mot Rollon under fine speleforhold i Vestnes idrettspark. Vestnes Varfjell sleit med å komme igang, og låg under 0-3 tidleg mot effektive ålesunderar. Ei tidleg redusering av Tommy Kanishi Andreassen i andre omgang, kunne ikkje hindre at Rollon kontra inn tre nye mål. Mot slutten pynta eit straffespark ved Tore Akselsen og ei ny skåring ved Kanishi på resultatet. Kort oppsumert ein litt rar fotballkamp der heimelaget var langt meir med spelemessig enn resultatet tyder på. Laget brente også ein god del sjansar i begge omgangar, medan Rollon var heldigare med uttellinga. For heimelaget debuterte Jo Sigurd Vold. Midstopparen frå Måndalen signerte overgangspapira fredag kveld. Videoar i VarfjellTV | Rollon om kampen Kampfakta under:

 

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Rollon 3-6 (0-3)

Treningskamp, fredag 8. mars 2013 kl 17

Vestnes idrettspark, 15 tilskuarar

Mål:

0-1 (16)

0-2 (24)

0-3 (26)

1-3 (46) Tommy Kanishi Andreassen

1-4 (54)

1-5 (62)

1-6 (70)

2-6 (72) Tore Akselsen, straffespark

36 (90) Kanishi Andreassen

Målskårarar Rollon: Greger Lunheim, Adnan Idrissi, Runar Olsen, Erik Farstad Hamnes og Johan Strand (2)

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Gult kort: Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell, 3 til Rollon

Vestnes Varfjell (4-3-3): Thomas André Brastad (Svale Leren 46.); Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Jo Sigurd Vold (Kevin Gravdehaug 71.), Magnus Nerheim - Yngve Solevågseide (Vegar Skare 46.), Karl Arne Stokkeland, Elling Olafsen (Ole Gunnar Kjærstad 87.) - Tore Akselsen (Sondre Akselsen 75.), Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert fredag 08. mars 2013 22:11
 

Våre sponsorar