A-laget: Træff 2 vart for sterke |
![]() |
![]() |
![]() |
fredag 31. august 2012 20:34 | |||
   Vestnes Varfjell har i haust merka at stallen ikkje er den same som i vÃ¥r dÃ¥ laget dominerte i 4. divisjon. Spelarar har gÃ¥tt til andre klubbar og til denne kampen var det ogsÃ¥ eit par forfall grunna skade og sjukdom. Førsteellevaren var likevel bra, men i kveld var det rett og slett ikkje nok mot eit Træff-lag med ei angrepsrekke bestÃ¥ande av spelarar som Thomas Flemmen, Radek Bugaj og Stian Rødal. Legg til Bertil Kjørsvik pÃ¥ midtbanen og du har eit halvt lag som kunne spelt pÃ¥ eit lag i 2. divisjon.  Det var likevel eit anna kjent fotbalnamn, Øystein Sletvold, som fekk æren av Ã¥ skÃ¥re først denne kjølige seinsommarkvelden pÃ¥ Reknesbanen. Veteranen fekk stÃ¥ heilt umarkert og heade inn 1-0 etter eit kvarter. Â
 I staden sto det 2-0 etter ein halvtime, der det var litt kommunikasjonssvikt mellom målvakt og forsvar. Radek Bugaj let seg ikkje be to gongar og sette ballen enkelt i det tomme målet. Karl Arne Stokkeland, Nirut Mjøs og Elling Olafsen (frispark) hadde skotforsøk, men det vart ikkje fleire mål før pause.  Vestnes Varfjell starta best etter kvilen, men greidde ikkje å spele seg fram til dei heilt store sjansane. Træff 2 var farlege på kontringar. Alexander Aarø hindra ny skåring etter ei fantastisk dobbeltredning, men kunne ikkje hindre Bugaj i på skåre sitt andre for kvelden etter ein drøy time. Polakken, som var toppskårar i 3. divisjon med Sunndal for nokre sesongar sidan, sprang igjennom på ei kontring.  No gjekk litt av lufta ut av Vestnes Varfjell, og Træff 2 fekk lov til å skåre to mål til før kampen var over. Etter 77 minutt var Eirik Kavli Franzen sist på ballen etter at Vestnes Varfjell-forsvaret var utspelt på nok ei kontring. Like før slutt var Yngve Solevågseide uheldig med ei klarering som hamna i eit Træff-bein og til slutt endte i kampens siste mål.  Træff 2 hadde langt fleire sjansar og det var ikkje noko å seie på at det til slutt vart 5-0. Nærast skåring for Vestnes Varfjell etter pause var Vegar Skare, men avslutninga frå bakre stolpe hamna utanfor.  Ikkje noko å seie på innsatsen i kveld, men det heldt rett og slett ikkje mot eit så godt Træff 2-mannskap.  Kampfakta: Træff 2 - Vestnes Varfjell 5-0 (2-0) Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal Reknesbanen (kunstgras), fredag 31. august 2012 kl 19.30 20 tilskuarar (6 Vestnes) Mål: 1-0 (15) Øystein Sletvold 2-0 (30) Radek Bugaj 3-0 (62) Bugaj 4-0 (77) Eirik Kavli Franzen 5-0 (88) Kavli Franzen? Dommar: Jan Roger Strømsvåg, Sunndal Gult kort: Radek Bugaj, Træff 2 (44) Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Yngve Solevågseide, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Trond Klokset (Ronny Leikarnes 65.), Karl Arne Stokkeland, Vegar Skare - Amund Stavem (Azim Ahmadi 75.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen
|
|||
Sist oppdatert fredag 31. august 2012 21:10 |