Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: 250 såg Varfjell tukte naboen (oppdatert) PDF Skriv ut E-post
fredag 29. juni 2012 20:06

Vestnes Varfjell vann fredag 2-1 borte i nabooppgjeret mot Tomrefjord i 4. divisjon. Vestnes Varfjell makta berre i periodar å vise at dette var topp mot botn, men det var nok til å sikre tre poeng. Vestnes Varfjell leia 2-0 ved pause. Karl Arne Stokkeland heada Vestnes Varfjell oppskriftsmessig i leiinga etter perfekt innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen. Så auka Kanishi Andreassen sjølv til 2-0 på eit fint skot. Allan Hansen reduserte på straffespark og skapte litt spenning mot slutten. 250 tilskuarar såg eit ikkje spesielt velspelt lokalderby på ei perfekt grasmatte denne varme junikvelden.

 

 

Før kampen hadde Vestnes Varfjell skåra 48 mål i årets 4. divisjon, like mange som heimelaget hadde sluppe inn. Det skulle borge for einvegskjøring, men slik blir det aldri i lokaloppgjer som dette.

Heimelaget yppa seg litt i starten, før Vestnes Varfjell sette standaren etter eit kvarter. Då raga Karl Arne Stokkeland høgast i feltet og heada i mål etter innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen. No skrudde Vestnes Varfjell opp tempoet og skapte fleire store sjansar. Stokkeland avslutta like over, medan Tore Akselsen trefte stolpen på eit skotforsøk. 2-0 kom etter 39 minutt då Kanishi Andreassen fann ei opning og skaut i mål frå 17 meter. Tomrefjord hadde også eit par feite sjansar før pause, det eine forsøket stoppa Svale Leren i Varfjell-målet, det andre var eit skot over.

 

Andre omgang starta med ei avslutning like over frå Tore Akselsen. Vegar Skare var nære då han var vaken frampå etter ein frispark-retur.

 

Vestnes Varfjell trudde tydeligvis at jobben var gjort og lot etter kvart heimelaget komme inn i kampen att. Dette gav fleire sjansar, alle endte med skot over.  I andre enden var innbyttar Per Kristian Os Nakken nære på med skot over og heading utanfor frå bakre stolpe. Ein annan innbyttar, den gamle målkongen Ronny Leikarnes, hadde ei stupheading like utanfor, medan eit skot frå Tore Akselsen på veg i mål vart stoppa i lufta av ein Tomrefjord-forsvarar.

 

Tomrefjord gav seg ikkje og berre ein god Svale Leren hindra redusering. Den kom likevel då Vegard Ellingseter vart felt av Elling Olafsen og Allan Hansen sette straffesparket i mål. Då var det framleis fem minutt igjen, men Vestnes Varfjell greide å ro inn seieren utan større problem.

Dermed tre poeng til Vestnes Varfjell i ein kamp der laget ikkje spelte for full maskin og dermed gjorde det unødvendig jamnt. Eit godt unntak var Yngve Solevågseide som sto på gjennom heile kampen. Også Nirut Mjøs i forsvaret var solid, og Svale Leren var stødig som keepervikar.

 

Første haustkamp er alt spelt (seier 3-2 borte mot KFK), dermed er neste kamp heimemøtet med Kvass/Ulvungen fredag 10. august.

 

Kampfakta:

Tomrefjord - Vestnes Varfjell 1-2 (0-2)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 29. juni 2012 kl 19
Tomrefjord stadion, ca 250 tilskuarar (150 betalande)
Mål:
0-1 (14) Karl Arne Stokkeland
0-2 (39) Tommy Kanishi Andreassen
1-2 (86) Allan Hansen, straffespark
Dommar: Henning Sunde, Molde
Gult kort: Elling Olafsen (62), tre til Tomrefjord
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Sander Valde (Per Kristian Os Nakken 46.), Marius Ulla, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Karl Arne Stokkeland (Ronny Leikarnes 65.), Yngve Solevågseide - Tore Akselsen (Ole Gunnar Kjærstad 89.), Amund Stavem (Elling Olafsen 62.), Tommy Kanishi Andreassen

 

 

Sist oppdatert fredag 29. juni 2012 21:52
 

Våre sponsorar