Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Kanishi-hattrick berga poenga (oppdatert) PDF Skriv ut E-post
laurdag 16. juni 2012 16:18

Vestnes Varfjell leverte ein svak kamp, men greidde likevel å hale i land ein 4-2-seier borte mot Tingvoll laurdag. Tommy Kanishi Andreassen var den store skilnaden på laga. Han skåra dei tre første måla for Vestnes Varfjell, som leia 2-1 til pause etter at heimelaget sjokkopna og skåra før minuttet var spelt. Tingvoll var best i andre omgang og hadde taket på kampen på stillinga 2-2. Så dukka Kanishi opp igjen før Sindre Balstad fastsette resultatet til 4-2. - I dag var me ufatteleg svake i periodar, men heldigvis gjekk det vår veg til slutt. Me må vise oss frå ei mykje betre side når Midsund kjemp på besøk til toppoppgjer neste fredag, seier trenar Alexander Connor. Kampfakta

 

 

Publikum hadde knapt satt seg på tribuna i Vorpbukta før heimelaget var i føringa. Ein Tingvoll-spelar kom fri på venstresida og lobba elegant over keeper og i mål.

 

Vestnes Varfjell kom seg etter kvart til hektene, men sleit med å få spelet til å sitte. Utlikninga kom likevel etter 22 minutt då Tommy Kanishi Andreassen tok ned ballen og sendte i veg eit skot på halv volley.

 

Like før pause var same mann frampå igjen då han heada i mål etter innlegg frå Magnus Nerheim. Effektive gjestar kunne dermed gå til pause med leiing. Den siste sjansen for heimelaget i omgangen var det Yngve Solevågseide som sto for då han sendte i veg ei klarering mot eige mål som målvakt Alexander Aarø måtte strekke seg for å redde.

 

I andre omgang skulle ein kanskje tru at høgt plasserte Vestnes Varfjell skulle vise kva lag som er best, men det var igjen heimelaget som tok kommandoen og skapte dei første sjansane. Dei ropte på straffe etter fem minutt, men fekk ikkje noko i situasjonen der Nirut Mjøs var involvert. Utlikninga kom etter 20 minutt etter eit innlegg som vart heada i mål.

 

Heimelaget presse no på for eit leiarmål, men Vestnes Varfjell slo tilbake på kontringer. Igjen ordna Kanishi Andreassen opp når laget trengte det som mest. Kapteinen drog seg fri og fekk av garde eit skot som sneik seg inn ved stolpen til ny leiing for Vestnes Varfjell.

 

Medan Vestnes Varfjell tok vare på sine sjansar, var det verre stilt med vertane. Og det er kanskje nettopp det som skil topp og botn i fotball. Nærast var heimelaget då både stolpe og Nirut Mjøs på strek hindra baklengs.

 

Heilt mot slutten ordna innbyttar Sindre Balstad 4-2 på eit fint skot frå hjørnet av 16-meteren. Dermed tre poeng på ein dag der berre poenga varma. Tremålsskårar Kanishi var einar på bana. Også innbyttar Kalle Stokkeland var god så lenge kreftene heldt.

 

Neste kamp er mot Midsund heime komande fredag, eit reint toppoppgjer.

 

Kampfakta:

Tingvoll - Vestnes Varfjell 2-4 (1-2)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Laurdag 16. juni 2012 kl 15
Tingvoll kunstgrasbane, 85 tilskuarar (7 Vestnes)
Mål:
1-0 (1)
1-1 (22) Tommy Kanishi Andreassen
1-2 (43) Kanishi Andreassen
2-2 (62)
2-3 (73) Kanishi Andreassen
2-4 (85) Sindre Balstad
Dommar: Ragnar Ness, Dahle
Gult kort; 1 til Tingvoll
Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Sander Valde, Marius Ulla, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Sondre Akselsen (Karl Arne Stokkeland 34.), Yngve Solevågseide (Svein Erik Lange Male 65.), Vegar Skare - Tore Akselsen (Sindre Balstad 65.), Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert laurdag 16. juni 2012 21:52
 

Våre sponsorar