Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Sterk bortseier på Nordmøre (oppdatert) PDF Skriv ut E-post
fredag 27. april 2012 22:49
Elling Olafsen har nettopp satt inn 1-3.Vestnes Varfjell tok sin andre strake seier i 4. divisjon etter at laget slo Kvass/Ulvungen 4-2 på bortebane fredag. Etter ein jamn og rotete 1. omgang der laga skåra ein gong kvar, lausna det skikkeleg etter pause. Då fekk Vestnes Varfjell sving på spelet sitt og sikra seg ein fortent seier. Målskårarar var Amund Stavem, Elling Olafsen (2) og Tommy Kanishi Andreassen.



Kvass/Ulvungen skåra først i ein jamnspelt og sjansefattig førsteomgang på Alvundfjord stadion. Vestnes Varfjell fekk ikkje avklart eit angrep på venstrekanten og ballen hamna til slutt framfor mål der Emil Melkild Loe lett kunne sette inn 1-0 etter 24 minutt.

Vestnes Varfjell slo tilbake omtrent umiddelbart då Amund Stavem fekk ta ned ballen og banka ballen i mål frå 16 meter. 1-1 sto seg til pause.

Trond Klokset erstatta ein småsjuk Yngve Solevågseide i pausen. Veteranen skapte meir ro i midtbaneleddet og etter kvart kom Vestnes Varfjell igang med angrepsspelet sitt. No satt kombinasjonane og heimelaget vart løpande etter. Dette gav seg utslag i ein del etterslengar som skapte litt tempertatur både på bana og benken.

Elling Olafsen slo an tonen med eit skot over. Så sette same mann inn leiarmålet på eit skot etter innlegg frå Tommy Kanishi Andreassen etter ti minutt, og same mann auka til 3-1 ti minutt seinare då han kom aleine i feltet og sette ballen til side for keeper.

Olafsen hadde eit nytt godt forsøk med skot like over, før Loe skapte litt spenning då han også vart tomålsskårar og reduserte til 2-3 på ei kontring og skot forbi Varfjell-målvakt Alexander Aarø. Like etter bytta heimelaget heile seks spelarar på ein gong, utan at det snudde kampbildet.

Vestnes Varfjell hadde god kontroll og kampen vart endeleg avgjort då Tommy Kanishi Andreassen sette inn 4-2 med eit skot i nettaket omtrent frå død vinkel ti minutt før full tid.


Dette var ein solid lagseier for Vestnes Varfjell mot ein god mostandar. Klokset er alt nemnt, i tillegg var Vegar Skare jamn og god heile kampen i sin midtbaneposisjon. Framover må tomålsskårar Olfasen nemnast, medan Stavem, Tore Akselsen og Kanishi var stadige uromoment. Bak skapte Nirut Mjøs og målvakt Aarø den nødvendige roen som skulle til for å trygge seieren i andre omgang.


Kampfakta:

Kvass/Ulvungen - Vestnes Varfjell 2-4 (1-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 27. april 2012 kl 19
Ålvundfjord stadion, 45 tilskuarar

Mål:

1-0 (24) Emil Melkild Loe

1-1 (27) Amund Stavem

1-2 (50) Elling Olafsen

1-3 (60) Olafsen

2-3 (75) Loe

2-4 (80) Tommy Kanishi Andreassen

Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord

Gult kort: Svein Erik Male (44) og Amund Stavem (50)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Alexander Aarø; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Per-Kristian Os Nakken (Magnus Nerheim 78.) -  Vegar Skare, Yngve Solevågseide (Trond Klokset 46.), Elling Olafsen - Tore Akselsen, Amund Stavem, Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert laurdag 28. april 2012 15:52
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå