Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Opna med seier (oppdatert) PDF Skriv ut E-post
fredag 20. april 2012 21:58
Tore Akselsen (tv) og Tommy Kanishi gratulerer Elling Olafsen.
Mål: Akselsen, Olafsen, Kanishi.
Vestnes Varfjell fekk ein fin start på årets 4. divisjon då laget slo Kristiansund FK 3-1 i Vestnes idrettspark fredag. Stillinga ved pause var 3-0 etter skåringar av Tore Akselsen (video ), Elling Olafsen (video ) og Tommy Kanishi Andreassen (video ). Heimelaget dominerte i første omgang og hadde også store sjansar til å auke leiiinga etter pause. Så reduserte KFK på straffespark (video ) og skapte også fleire store sjansar. På overtid fekk Marius Ulla sitt andre gule kort og vart utvist (video ). Kampfakta | KFK om kampen | Videoar | Bildegalleri

Lite skjedde i starten av kampen i vårsola i Vestnes idrettspark, men etter kvart fekk heimelaget fart på spelet sitt og skapte etter kvart mange sjansar. Den første skåringa kom likevel på eit frispark som Tore Akselsen sette frekt mellom keeper og første stolpe frå skrått hald etter 18 minutt.

 

Ikkje lenge etterpå var det Elling Olafsen sin tur. KFK-forsvaret ropte på offside då Olfasen først fekk skyte i stolpen for så å heade i mål sin eigen retur nærast frå liggande posisjon.

Samme Olafsen hadde to gode forsøk med hovudet på rappen like etter. Like før pause kom 3-0 på eit godt plassert skot frå Tommy Kanishi Andreassen etter perfekt framspel frå Yngve Solevågseide.

I starten av andre omgang hadde Vestnes Varfjell eit par feite sjansar som kunne gitt fleire mål.  Først vart Olafsen igjen hindra av ei god målvakt, før Vegar Skare (?) skaut i tverrliggaren.

Etter ti minutt førte rot i Vestnes Varfjell-forsvaret til slutt til straffespark og redusering ved Mujo Mesan. Dette gav gjestane ny tru på poeng, samtidig som heimelaget starta  slurve og ikkje fekk til spelet sitt som i før pause. Gjestane skapte fleire store sjansar - mellom anna ei heading i stolpen - som kunne gitt ny spenning, men kampen ebba ut utan fleire mål.

På overtid meinte dommaren at Marius Ulla hindre keeper frå å kaste ut. Dermed gult kort nummer to og utvisning for vikebuktingen.

Neste kamp er borte mot Kvass/Ulvungen.

Kampfakta:
Vestnes Varfjell - KFK 3-1 (3-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

 Vestnes idrettspark, fredag 20. april 2012 kl 19

75 tilskuarar

Sist oppdatert laurdag 21. april 2012 01:32
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå