Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Dahle kunstgresspark fre., 27. sep. 2019 19:00
Dahle
Dahle
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 20. sep. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
0-1 Averøykameratene
AK

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 18 44 37
2 Dahle 18 20 34
3 Eide 18 14 33
4 Surnad. 18 10 33
5 Tomref 18 1 26
6 Malmefj. 18 1 25
7 Midsund 18 -11 25
8 KFK 18 -1 22
9 Varfjell 18 -16 22
10 ÅIF 18 -4 21
11 AK 18 -17 16
12 Elnesv. 18 -41 15

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
VVIL 2: Ingen prestisjeduell, men seier PDF Skriv ut E-post
Skrive av nettredaksjonen   
fredag 01. juli 2011 22:45

Rekdal (bak) og Rypdal Eide (foran) var frontfigurar på kvart sitt lag.Bernt Hulsker måtte melde forfall i siste liten og dermed vart det ikkje noko av "prestisjeduellen" med gamletrenar Kjetil Rekdal på Rekdal stadion fredag. Anført av Tarjei Rypdal Eide vann Vestnes Varfjell 2 4-1 i 5.-divisjonskampen. - Me skal vere eit betre lag, men dei legg seg bakpå og held oss lenge. Det løsna då me fekk mål, sa spelande trenar Bjørn-Vegard Løvik om kampen til VarfjellTV. - Fortjent seier, dei var betre enn oss stort sett heile kampen, sa Kjetil Rekdal.

Videoar | Bildegalleri | Fiksdal/Rekdal om kampen | Tabell

Fiksdal/Rekdal hadde den første store sjansen i kampen, men etter det vart det mest Vestnes Varfjell. Heimelaget la seg i forsvar der Kjetil Rekdal regjerte og lenge heldt Vestnes Varfjell 2 på avstand. Oddgeir Vikås hadde likevel nokre sjansar som burde gitt skåring.

Det sto 0-0 ved pause, men snart skulle Tarjei Rypdal Eide vise seg fram. To flotte skot på kort tid gav Vestnes Varfjell leiinga 2-0. Det var kvelden for fine skot. Sander Valde auka til 3-0 på skot i lengste hjørne, medan Thomas Marken reduserte på eit skot heilt ute ved stolpen. 4-1 kom på eit fint gjennomspel der Jørgen Hovde avslutta med skot i mål.

Ingen stor fotballkamp, der Vestnes Varfjell 2 hadde ballen mest og etter kvart også viste at dei hadde betre kondisjon enn heimelaget. Tarjei Rypdal Eide og Sivert Øveraas viste igjen at dei er for gode for dette nivået, medab Bjørn-Vegard Løvik som vanleg regjerte i forsvar.

60 tilskuarar såg kampen. Dommar var Harald Gule, som delte ut eitt gult kort til kvart lag. Vestnes Varfjell sitt gjekk til ein spelar på benken, utan at me fekk med oss kven.

Dette var siste kamp før ferien. Neste kamp er 12. august heime mot stjernegalleriet til MFK 5. Ein utsatt kamp mot Bjørset har enno ikkje fått ny dato.



Laget: Svale Leren; Tor Gunnar Venås, Per Johnny Nordvik, Bjørn-Vegard Løvik, Sander Valde - Sivert Øveraas, Tarjei Rypdal Eide, Azim Ahmadi - Thomas Utgård, Oddgeir Vikås, Kay Connor.



Innbyttarar: Stian Ramstad, Kristoffer Presthus, Fredrik Sæter, Jørgen Hovde, Thomas Grüner, Daniel Kvendbø, Morten Schulze, Pål Magne Bjørdalsbakke

Sist oppdatert fredag 01. juli 2011 23:24
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar