Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Over 200 såg Hulsker-comeback PDF Skriv ut E-post
Skrive av nettredaksjonen   
laurdag 18. juni 2011 19:04

{seyretpic id=1347 align=right}Vestnes Varfjell 2 slo Tomrefjord 1-0 i 5. divisjon laurdag. Ronny Leikarnes skåra det einaste målet, det første Tomrefjord har slept inn i årets serie. Bernt Hulsker sto for framspelet i sin comeback-kamp i Vestnes Varfjell-trøya (video). Sjå intervju med Hulsker i VarfjellTV. I overkant av 200 tilskuarar fekk sjå ein spennande kamp der heimelaget hadde flest og størst sjansar, medan Tomrefjord dominerte i banespelet den siste timen.

Hulsker innrømte etter kampen at han nok ikkje er i si beste form, men at han no har tenkt å trene litt før neste kamp. Det er mot Fiksdal/Rekdal og gamletrenar Kjetil Rekdal på bortebane om to veker.

- Den kampen hadde det vore artig å spele, så får me sjå kor mange kampar eg får med meg framover, seier Hulsker.

Han var nære skåring på to gode headingar tidleg i kampen, den første vart hindra nettkjenning etter eit tigersprang av Tomrefjord-målvakta. Også heilt mot slutten var Hulsker nære då han var på bakre stolpe etter ei heading på corner, men ballen gjekk utanfor.

Hulsker spelte fra start i drakt nummer 10, men tok ein pause etter 37 minutt for så å komme innpå att det siste kvarteret. Han meinte seg også snytt for straffespark i første omgang, medan det "obligatoriske" gule kortet kom etter ein sein takling. Kampen vart filma av ein kollega på tv-kanalen  Max, der Hulsker er reporter.

Til VarfjellTV legg han til at det var artig å spele lokaloppgjeret mot Tomrefjord. Han var også raus med rosen til motstandaren, eit ungt lag med stor løpskapasitet.

For sjølv etter at Jørgen Gravdehaug vart utvist tidleg i andre omgang etter at han kasta ballen etter Bjørn-Vegard Løvik, dominerte gjestane banespelet. I talet på store sjansar var heimelaget likevel i klar føring, ikkje minst tidleg i kampen. Då dominerte laget også i banespelet, anført av Tarjei Rypdal Eide. I andre omgang, etter kvart som kreftene forsvann, var det berre snakk om å sikre seieren.

Laget: Reistad; Valde, Lange Male, Løvik, Smith - Brennvik, Mjøs, Rypdal Eide - Vikås, Hulsker, Leikarnes. Inn: Eik, Connor, Skjegstad, Schulze

Sist oppdatert søndag 19. juni 2011 21:03
 

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Våre sponsorar