Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Ein god omgang ikkje nok PDF Skriv ut E-post
fredag 27. mai 2011 22:42

ImageVestnes Varfjell gjekk på sesongens første tap i 4. divisjon då laget tapte 1-3 borte mot Åndalsnes fredag kveld. Gjestane styrte det meste før pause og gjekk til kvilen på 1-0-leiing etter at Trond Klokset skrudde ein corner i mål med litt hjelp av keeper. ÅIF kjempa seg tilbake i kampen og tok leiinga 2-1 etter ein god periode tidleg i andre omgang. Vestnes Varfjell pressa på for utlikning, men i staden sette Alexander Connor ballen i eige mål.


Tabell og resultat | ÅIF om kampen | Åndalsnes Avis om kampen


Vestnes Varfjell jakta sin første seier mot ÅIF på Øran sidan 1977. Då sytte Roger Valldal og eit sjølvmål for seier 2-1.

Oppgjera mellom laga dei siste åra har vore tette og prega av stor innsats, og slik vart det denne gongen også. Vestnes Varfjell er det spelande laget av desse to og i første omgang såg det ut som om denne stilen skulle vere smartare enn ÅIFs direktefotball.


ÅIF hadde den første store sjansen, men etter kvart pressa Vestnes Varfjell vertane på defensiven. Laget fekk mellom anna ei rekke med cornerar på kort tid og på ein av desse tok laget leiinga. Trond Klokset skrudde ballen mot mål, målvakta greip etter den, men for seint. Linjemannen markerte at ballen hadde vore inne.


ÅIF gav ikkje opp og hadde ei god avslutning på omgangen. Denne offensiven heldt fram etter pause og utlikninga kom på ei heading etter ein corner. Så tok laget leiinga på eit skot og styrte no kampen ein periode. Vestnes Varfjell sleit med å få etablert sitt angrepsspel og vart pressa til å gjere feil av eit aggressivt heimelag. Varfjell-målvakt Andreas Reistad varta også opp med fleire gode redningar i denne perioden.


Vestnes Varfjell gjorde nokre endringar på laget og greide å få til ein sluttoffensiv. Tore Akselsen var svært nære utlikning, men ei god redning hindra skåring på skotet frå kloss hald. Like etter sette same mann eit frispark like over krysset.


I staden var innbyttar og spelanede Vestnes Varfjell-trenar uheldig og beina ballen i eige mål på ein corner. Dermed var kampen i realiteten avgjort. Fortent nok, då ÅIF viste størst vilje til å vinne denne kampen.

Kampen var prega av mange tøffe duellar, der begge lag pådrog seg mange gule kort.



Kampfakta:

Åndalsnes - Vestnes Varfjell 3-1 (0-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag

Øran stadion

Tilskuarar: 70 (20 frå Vestnes)

Mål:

0-1 (28) Trond Klokset

1-1 (56) Ole Tommy Holm

2-1 (64) (Kawan Hussaini

1-3 (86) sjølmål (Alexander Connor)

Dommar: Hallgeir Talstad, MFK

Gult kort: Elling Olafsen, Yngve Solevågseide og Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell; 4 til ÅIF

Vestnes Varfjell (4-3-3): Andreas Reistad; Sander Valde, Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Hoem (Magnus Nerheim 78.) - Elling Olafsen (Tore Akselsen 46.), Vegar Skare, Yngve Solevågseide - Trond Klokset, Ronny Leikarnes (Alexander Connor 69.), Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert laurdag 28. mai 2011 12:01
 

Våre sponsorar