Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Mållaust i toppoppgjeret PDF Skriv ut E-post
fredag 20. mai 2011 22:16

ImageVestnes Varfjell måtte nøye seg med eitt poeng i kveldens toppoppgjer i 4. divisjon heime mot Rival. Ingen av laga makta å skåre i det som var ein jamn kamp før pause. I andre omgang styrte heimelaget det meste, men det svikta i avslutningane. Laget held framleis tabelltoppen.

 

Program | Bildegalleri | Video | Rival om kampen

 

Dette var altså kampen mellom lag nummer ein og to på tabellen, men det var ikkje 3.-divisjonstakter over det som vart vist i denne kampen. Heimelaget spelte sin svakaste kamp for sesongen og kom aldri skikkeleg i gang med det offansive spelet dei har vist i dei siste kampane.

 

Rival skal sjølvsagt ha sin del av æren for det. Dei stoppa Vestnes Varfjell sine forsøkt effektivt og hadde eit lite overtak i store delar av første omgang. Laget opna med eit godt skot, medan Vestnes Varfjell avslutta omgangen med tre gode forsøk frå Tommy Kanishi (skot som keeper redda), Ronny Leikarnes (lobb utanfor) og Svein Erik Male (skot over).

 

ImageBegge lag ropte også på straffespark i første omgang. Først for ein hands på ein Rival-spelar, så meinte Ronny Leikarnes seg sparka ned bakfrå  (sjå bilda) I andre enden meinte kampens gode dommar Fredrik Angen at Varfjell-målvakt Andreas Reistad var først på ballen då ein Rival-spelar var igjennom.

 

Vestnes Varfjell tok over etter pause Tommy Kanishi hadde kampens største sjansen alt etter tre minutt. Eit frispark frå 20 meter forandra retning, men traff foten til Rival-målvakt Alexander Årø som slengte seg i motsatt retning.

 

Det var mykje slurv i pasningspelet gjennom heile kampen og det vart berre nesten resten av kampen. Vegar Skare hadde eit godt skotforsøk etter fint samspel med Kanishi. Skare trefte også stolpen etter ei avslutning frå dørlinja. Rival var farleg på nokre kontringar, men hadde elles lite å by på etter pause. Svein Erik Lange Male rydda opp i stor stil i forsvaret og var etter vår meining best på heimelaget i kveld.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Rival 0-0

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Vestnes idrettspark

Fredag 20. mai 2011 kl 19

75 tilskuarar

Dommar: Fredrik Angen, MFK

Assistentdommarar: Modolf Holm, Isfjorden og Stig Gule, MFK

Gult kort: Bendik Hareide, Rival

Vestnes Varfjell (4-3-3): Andreas Reistad; Sander Valde, Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Knut Øyvind Hoem (Tore Akselsen 72.) - Vegar Skare, Yngve Solevågseide, Alexander Connor (Elling Olafsen 62.) - Tommy Kanishi Andreassen. Ronny Leikarnes, Nirut Mjøs.

Sist oppdatert torsdag 26. mai 2011 23:45
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå