Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Det lausna etter pause PDF Skriv ut E-post
fredag 13. mai 2011 22:47

Tommy Kanishi Andreassen. Foto: Asbjørn Vik
BB: Kanishi
Vestnes Varfjell brente straffespark og sette ballen tre gongar i stengene før pause mot Bryn fredag. Heldigvis var uttellinga betre i andre omgang og med solide 4-0 tok laget sin tredje strake seier for sesongen. Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes, Marius Ullla og Nirut Mjøs skåra måla. - Me dominerte stort frå start, sa ein fornøgd trenar Alexander Connor til VarfjellTV etter kampen.

Video: Måla | Video: Heile kampenTabell  | Bryn om kampen 

 

Vestnes Varfjell styrte kampen frå start og før halvtimen var spelt hadde Vegar Skare avslutta i stolpen aleine med keeper, medan Yngve Solevågseide (langskot) og Tore Akselsen (skot) traff tverrliggaren. Den største sjansen til å gje laget leiinga hadde likevel Svein Erik Lange Male, som ikkje lukkast i å sette ballen i mål forbi Bryn-målvakta frå straffemerket. Ronny Leikarnes vart felt.

 

I andre omgang skulle det altså lausne for eit heimelag i vårform. Måla kom slik:

1-0: Sander Valde med langt framspel, der Tommy Kanishi Andreassen dukkar opp og headar ballen over keeper og i mål.

2-0: Innlegg frå Knut Øyvind Hoem til Tore Akselsen. Keeper gir retur på skotet frå Akselsen, men der er den gamle måltjuven Ronny Leikarnes (39 år i morgon) på plass og set inn returen.

3-0: Presis corner frå Tore Akselsen når Marius Ulla som styrer ballen opp i lengste hjørne.

4-0: Tommy Kanishi Andreassen la tilbake til Nirut Mjøs som på frekt vis hælflikkar ballen mot mål. Med litt hjelp av Bryn-målvakta trillar ballen over streken.

 

Kampfakta: 

Vestnes Varfjell – Bryn 4–0 (0-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Vestnes idrettspark fredag 13. mai 2011 kl 19
Tilskuarar: ca 70
Mål:
1-0 (51) Tommy Kanishi Andreassen
2–0 (58) Ronny Leikarnes
3–0 (80) Marius Ulla
4–0 (89) Nirut Mjøs
Dommar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden

Gult kort: Marvin Hellberg. Bryn

Vestnes Varfjell (4-3-3): Andreas Reistad; Sander Valde, Svein Erik Lange Male, Marius Ulla, Knut Øyvind Hoem - Elling Olafsen (Nirut Mjøs 60.), Yngve Solevågseide (Christian Leikarnes 89.), Vegar Skare - Tore Akselsen (Tor Gunnar Venås 90.), Ronny Leikarnes (Sondre Akselsen 87.), Tommy Kanishi Andreassen

 

Program VVIL-Bryn 2011 Program

Sist oppdatert søndag 15. mai 2011 00:16
 

Våre sponsorar