Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Kanishi x 2 og tabelltopp PDF Skriv ut E-post
fredag 06. mai 2011 22:39
Tommy Kanishi har nettopp skåra. Foto: Bjørn Ove Ulla
Jubel for skåring
To mål av Tommy Kanishi Andreassen sikra seier 2-0 i bortemøtet med Måndalen på Åndalsnes fredag. Det sto 0-0 ved halv tid. Vestnes Varfjell avgjorde ein jamnspelt kamp i ein god periode like etter pause. Laget er noko overraskande det einaste med full pott etter to serieomgangar i 4. divisjon. Trond Klokset sesongdebuterte etter at han nyleg vart speleklar for moderklubben att. Måndalen om kampen

 

Måndalen starta best i vårsola på Øran, og var nære skåring då ein ball vart redda på streken etter ein beinparade av Varfjell-målvakt Marius Sivertsen etter ein corner. Vertane var som vanleg farlege på dødball, der dei lange saltoinnkasta frå Tommy Nikolaisen skapte mykje bry for Vestnes Varfjell-forsvaret.

 

Kampen jamna seg ut utan at nokon av laga makta å skåre i første omgang. Det næraste Vestnes Varfjell kom før pause var ei annulert skåring der Ronny Leikarnes vart avvinka for offside etter fint framspel frå Kanishi Andreassen.

 

Trond Klokset
Trond Klokset
Vestnes Varfjell starta langt betre etter pausem og etter berre to minutt sette Tommy Kanishi Andreassen inn 1-0 etter eit fint angrep. Trond Klokset sesongdebuterte i andre omgang etter at han vart speleklar for moderklubben torsdag. Hørgrekanten gav meir fart i angrepsspelet. Han sente Vegar Skare igjennom etter ti minutt, men keeper snappa ballen. Så skaut Kanishi utanfor i god posisjon, før han sette inn 2-0 etter presist gjennomspel frå Klokset.

 

Vestnes Varfjell styrte no kampen og var farleg kvar gong laget kom i overtall. Måndalen gav seg likevel ikkje og tok over mot slutten. Det næraste laget kom redusering var då Varfjell-målvakt Marius Sivertsen fista eit skot i eigen tverrliggar.

 

Solid innsats over heile linja, men ekstra pluss naturleg nok til tomålsskårar Kanishi som verkar å vere i betre form enn på mange år. Trond Klokset viste også at han blir ei massiv forsterking.

 

Kampfakta:

Måndalen - Vestnes Varfjell 0-2 (0-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 6. mai 2011 kl 19.00

Øran stadion (kunstgras)

60 tilskuarar (15 frå Vestnes)

Mål:

0-1 (47) Tommy Kanishi Andreassen

0-2 (63) Kanishi Andreassen

Dommar: Karl Fredrik Røsok, Rival

Gult kort: Elling Olafsen og Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell. Audun Leikarnes, Stein Åge Strand og Andrew Hudson, Måndalen.

Vestnes Varfjell (4-3-3):  Marius Sivertsen; Sander Valde (Nirut Mjøs 82.), Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Knut Øyvind Hoem (Magnus Nerheim 90.) - Elling Olafsen (Sondre Akselsen 70.), Alexander Connor (Trond Klokset 46.), Yngve Solevågseide - Vegar Skare, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen 

 

Sist oppdatert fredag 13. mai 2011 23:20
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå