Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Kanishi og Skare sørga for draumestart PDF Skriv ut E-post
torsdag 28. april 2011 22:04

Vegar Skare har nettopp bltt matchvinnar. (Foto: GK)
Skare blir tiljubla.
Vestnes Varfjell fekk ein best muleg start på sesongen i 4. divisjon då laget slo ein av opprykksfavorittane, Kristiansund BK 2, 2-1 heime torsdag kveld. Heimelaget skåra faktisk alle mål i kampen, idet Alexander Connor gav gjestane 1-0 på eit sjølvmål (video). Tommy Kanishi Andreassen utlikna før pause (video) før Vegar Skare avgjorde like før slutt (video).

Videoar | Bildegalleri | KBKs syn | program vvil-kbk2 Program

 

 

Spelande trenar Alexander Connor var naturleg nok godt fornøgd etter seriepremiera i den nye og spissa 4.-divisjonen.

 

- Ein kjempebra kamp defensivt og god uttelling på sjansane offansivt, oppsummerte han etter kampen.

 

Og la det vere sagt med ein gang: Gjestane styrte kampen spelemessig gjennom det meste av kampen. Men medan kristiansunderane var sørgeleg ineffektive, var Vestnes Varfjell flinke til å ta vare på sine sjanser.

 

Vestnes Varfjell vart pressa bakpå frå start, men KBK 2 måtte ha hjelp til å ta leiinga. Ein uheldig Alexander Connor heada ballen i eige mål før kvarteret var spelt. KBK 2 greide ikkje å halde oppe same trykket og etter kvart kom også heimelaget betre med. Sondre Akselsen spelte glimrande igjennom Tommy Kanishi Andreassen som runda keeper og sette inn 1-1 fem minutt før pause.

 

Litt same kampbilde også etter pause, men ikkje like stor KBK 2 dominans i starten. Tommy Kanishi Andreassen ropte på straffe då han vart lagt ned i feltet etter fem minutt. Same mann hadde også nokre andre halvsjansar.

 

I andre enden serverte Roar Henden det eiene presise framspelet etter det andre, men gjestane var ikkje presise i avslutningane. Det var derimot Vegar Skare. Den heimevendte sonen frå Måndalen hadde først ein stor sjanse der han kom i ubalanse aleine med keeper, før han vart spelt presist igjennom av Elling Olafsen. Avslutninga i steget gjekk via keeper sitt bein og i boge i mål.

 

Resten av kampen vart ein kamp for å forsvare leiinga. Ei meisterleg redning av skotet frå Henden av keeper Marius Sivertsen på overtid var det siste som skjedde.

 

Dermed tre poeng og god stemning mellom dei knapt 100 som hadde tatt turen i vårsola.

 

 

Kampfakta:

 

Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 2-1 (1-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Torsdag 28. april 2011 kl 19.00

Vestnes idrettspark, 95 tilskuarar

Mål:

0-1 (14) sjølmål (Alexander Connor)

1-1 (39) Tommy Kanishi Andreassen

2-1 (86) Vegar Skare

Dommar: Marius Hansen Grøtta, Træff

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Knut Øyvind Hoem, Marius Ulla, Svein Erik Lange Male, Sander Valde - Yngve Solevågseide, Alexander Connor (Tore Akselsen 87.), Sondre Akselsen (Elling Olafsen 57.) - Vegar Skare, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert fredag 29. april 2011 11:23
 

Våre sponsorar