Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Avslutta med tap PDF Skriv ut E-post
søndag 10. oktober 2010 20:44

ImageVestnes Varfjell tapte søndag 1-4 borte mot Kvass/Ulvungen i sesongens siste seriekamp. Heimelaget leia 1-0 ved pause. Thomas André Brastad (bildet) reduserte til 1-2 på straffespark. - Me tapte fortent, Kvass/Ulvungen var betre enn oss kampen sett under eitt. På stillinga 1-2 prøvde me å satse meir offensivt i eit forsøk på å utlikne, men fekk i staden to nye mål i mot, oppsummerer spelande trenar Alexander Connor.

 

Tidleg kampstart (søndag klokka 12) og haustferie gjorde nok sitt til at berre 11 spelarar var tilgjengeleg ved avreise til Ålvundfjord.

- Det var bra innsats av dei som stilte, men litt skuffande at ikkje fleire kunne stille, seier Connor. Han kårar Svale Leren til lagets bestemann. Målvakta redda mellom anna eit straffespark.

Straffesparket som gav Vestnes Varfjell sitt einaste mål i kampen kom etter ei felling av Magnus Nerheim.

 

Kampenvar utan betydning for nokon av laga. Vestnes Varfjell endte til slutt på ein 6. plass i 4. divisjon, eit skuffande resultat etter ein vårsesong der laget lenge var på tabelltoppen. Sluttabellen >>

 

 

 

Kampfakta:
Kvass/Ulvungen - Vestnes Varfjell 4-1 (1-0)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Søndag 10. oktober 2010 kl 12
Ålvundfjord stadion, 30 tilskuarar
Mål:
1-2 Thomas André Brastad
Dommar:
Gult kort: Thomas André Brastad

Vestnes Varfjell (4-4-2): Svale Leren; Tor Gunnar Venås, Ørjan Tangen, Thomas André Brastad, Tommy Solevågseide - Sondre Akselsen, Yngve Solevågseide, Alexander Connor, Magnus Nerheim - Ronny Leikarnes, Azim Ahmadi

Sist oppdatert onsdag 27. oktober 2010 00:05
 

Våre sponsorar