Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Brent straffespark og nytt tap PDF Skriv ut E-post
søndag 19. september 2010 20:16

Sander Valde (Foto: Asbjørn Vik)
Sander Valde
Vestnes Varfjell tapte 1-3 heime mot Træff 2 i 4. divisjon fredag kveld. Gjestane leia 1-0 ved pause i ein omgang der Ronny Leikarnes missa på straffespark for heimelaget. Træff 2 auka til 3-0 før Sander Valde reduserte på overtid (sjå video). Vestnes Varfjell held framleis den siste ståplassen i divisjonen og kan avgjere sjøl. - Me skal gjere det me kan for å behalde plassen i divisjonen, sa trenar Alexander Connor etter kampen.


Vestnes Varfjell har no att kampane mot Skåla (b), Gossen (h) og Kvass/Ulvungen (b). Det bør bli seier i minst ein av kampane om laget skal halde Isfjorden og Malmefjorden bak seg på tabellen.

- Ingen kampar er lette og slik me spelar for tida kan me tape mot alle. Derfor må det full skjerping til i dei siste kampane, me tar i alle fall ikkje lett . Erfaringar viser også at det blir ein del "rare" resultat mot slutten av sesongen, seier Connor til varfjell.no.

Mot Træff 2, formlaget i divisjonen saman med serieleiar Midsund, fekk Vestnes Varfjell det tøft frå start. Kampen jamna seg likevel ut etter kvart og Vestnes Varfjell var absolutt ikkje sjanselause på poeng slik kampen utvikla seg, men med 0-3 midtvegs i andre omgang var håpet ute.

Moldenserane starta friskt, men var likevel ineffektive og greide ikkje å sette store sjansar. Tommy Kanishi Andreassen hadde den første store sjansen for heimelaget, men skotet frå skrått hald gjekk i stolpen. Så skåra i staden Træff 2 ved Ola Andersen på innlegg føre mål i neste angrep. Så jamna kampen seg ut og Ronny Leikarnes fekk sjansen til å utlikne frå straffemerket etter at Elling Olafsen vart felt av ein utrusande keeper. Leikarnes plasserte straffen utanfor målet.

Omgangen ebba ut med ein stor sjanse til begge lag: Abel Araya i stolpen via Bjørn-Vegard Løvik, så Kanishi Andreassen skot utanfor via keeper etter framspel frå Jørgen Gravdehaug.

2. omgang starta med at Gravdehaug skaut like utanfor på halv volley før ein corner hamna på bakre stolpe der Johan Oltedal sette inn 2-0 til gjestane. Så heldt Svale Leren heimelaget inne i kampen med to flotte redningar. Kanishi Andreassen lurte nesten keeper med eit overraskande skot, medan returen etter eit skot frå same mann vart sett over av Tor Gunnar Venås. Kampen vart avgjort etter 20 minutt av andre omgang då Fredrik Kosberg var først frampå etter at Leren hadde gitt retur på eit langskot.

Innbyttar Magnus Nerheim hadde ein stor stor sjanse på overtid etter presist framspel frå Thomas Brastad, men ein Træff-spelar fekk reinsa unna på strek. På den påfølgande corneren var Sander Valde sist på ballen og reduserte til 1-3.

Pluss til Tor Gunnar Venås for solid innsats på høgrebacken, her er det fleire av dei andre på laget noko å lære. Noko billege gule kort til Elling Olafsen og Bjørn-Vegard Løvik gjer at dei må stå over neste kamp.

Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Træff 2 1-3 (0-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 17. september 2010 kl 19

Vestnes idretttspark, 50 tilskuarar

Mål:

0-1 (26) Ola Andersen

0-2 (53) Johan Oltedal

0-3 (65) Fredrik Kosberg

1-3 (90) Sander Valde

Dommar: Roger Hagbø, MFK
Gult kort: Elling Olfasen og Bjørn-Vegard Løvik, VVIL, 1 til Træff 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Tor Gunnar Venås (Sander Valde 62)., Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad, Bjørn-Vegard Løvik - Elling Olfasen, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes (Magnus Nerheim 80.), Sondre Akselsen (Azim Ahmadi 62.)

Sist oppdatert fredag 17. september 2010 23:28
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå