Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Tapte borte mot Malmefjorden (oppdatert) PDF Skriv ut E-post
fredag 10. september 2010 23:33

ImageDen skuffande haustsesongen i 4. divisjon held fram for Vestnes Varfjell som fredag tapte 0-3 borte mot Malmefjorden. Heimelaget leverte ifølge publikum årsbeste og kjempa Vestnes Varfjell på defensiven i første omgang. Det resulterte likevel berre i eitt mål, men like etter pause kom 2-0 på eit knallhardt volleyskot. No vakna Vestnes Varfjell som skapte 4 hundreprosentsjansar på rad utan uttelling, ikkje minst takka vere ein god målvakt på heimelaget. I staden for redusering auka Malmefjorden til 3-0 mot slutten.


Vestnes Varfjell starta friskt i fint haustver på intime Malmefjorden stadion. Det vart likevel ikkje noko av angrepsforsøka, og etter kvart tok heimelaget meir og meir over. Vertane fann spelte direkte angrepsfotball og Vestnes Varfjell hadde problem med å svare. Etter eit kvarter kom 1-0 etter eit fint angrep, der ballen hamna hos ein Malmefjorden-spelar etter at den først var innom eit Vestnes Varfjell-bein. Mot slutten av omgangen leverte Svale Leren ei god redning, medan Elling Olafsen vart avblåst hårfint for offside då han sette ballen i nota etter fint framspel frå Jørgen Gravdehaug,

Ronny Leikarnes måtte ut med ein strekk i pausen, men Vestnes Varfjell gjekk likevel på banen med mål om å snu kampen. Det greide dei også i banespelet, men ikkje før vertane hadde auka til 2-0 på eit knallskot på halv volley - rett i krysset. Så kom fire kjempestore sjansar for Vestnes Varfjell på løpande band:

Tommy Kanishi Andreassen med skot etter framspel frå Gravdehaug. Keeper redda.
Kanishi til Elling Olafsen, keeper stoppar skotet frå kloss hald.
Framspel til Olafsen som avsluttar med skot like på utsida av bortre stolpe.
Nytt skot frå Olafsen, denne gongen frå rundt 10 meter, men keeper reddar.

I staden for redusering og utlikning utnytta Malmefjorden ein av sine få sjansar og auka sluttresultatat til 3-0.

Vestnes Varfjell får ta med seg innsatsen og tendensar til bra spel i 2. omgang. Jørgen Gravdehaug var best på laget i denne kampen. Han styrte det meste av det Vestnes Varfjell skapte framover, saman med Tommy Kanishi Andreassen.

Malmefjorden er saman med Isfjorden dei to laga Vestnes Varfjell må kjempe hardast for å halde på avstand på sluttabellen. Malmefjorden er 7 poeng bak, Isfjorden 3 poeng bak når fire runder står att å spele.

Laget: Leren; Tangen, Lange Male, Løvik, Sylte - Solevågseide, Gravdehaug, Connor - Olafsen, Leikarnes (Venås 46.), Kanishi

Gult kort: Lange Male, Løvik og Sylte
Dommar: Talstad
Publikum: ca 50

Sist oppdatert fredag 10. september 2010 23:54
 

Våre sponsorar