Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Tap i lokaloppgjeret PDF Skriv ut E-post
fredag 20. august 2010 22:10

Dommaren i fokus ved kampslutt
Etter kampen
Vestnes Varfjell vart straffa hardt på dødball av effektive Måndalen og måtte tåle tap 2-4 i lokalderbyet i Vestnes idrettspark fredag. Vertane førte kampen i første omgang, men gjekk likevel til pause to mål under. To kjappe skåringar av Yngve Solevågseide og Ronny Leikarnes rett etter pause gav håp om seier, men Måndalen kom sterkt tilbake og vann til slutt fortent. Som vanleg høg temperatur i dette nabooppgjeret og like før slutt vart Jørgen Gravdehaug utvist etter å ha dratt på seg sitt andre gule kort. Måndalen om kampen | Program VVIL-Måndalen 2010 Program VVIL-Måndalen 2010 | Videoar i VarfjellTV

 

Vestnes Varfjell har hatt eit godt tak på naboane frå Måndalen og vann mellom anna 4-1 i vårkampen. Etter jubelen i garderoben å dømme var det ein etterlengta seier for eit Måndalen-lag med fleire tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar på laget.

 

{seyretpic id=1251 align=right}Måndalen opna også kampen friskast, men Vestnes Varfjell tok gradvis over og skapte den første store sjansen då Alexander Connor lobba i stolpen etter fem minutt. Tommy Kanishi Andreassen kom nære etter ein corner, men skotet vart redda av ein Måndalen-spelar som hadde tatt oppstilling ved stolpen.

 

{seyretpic id=1252 align=right}Måndalen hadde lite å by på før pause, men var farleg på dødballar. Etter 24 minutt vart eit frispark slått inn i feltet der tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Marius Ulla på meisterleg vis heada tilbake og rett i mål frå nærast død vinkel. Åtte minutt før pause hamna eit langt innkast frå Tommy Nikolaisen i beina på Kåre Totlund som sette inn 2-0. Omgangen vart avslutta ved at Thomas André Brastad heada over etter ein corner. 

 

{seyretpic id=1253 align=right}Vestnes Varfjell hadde tydeleg bestemt seg i pausen for at dette var ein kamp dei ikkje ville eller burde tape. Det kunne likevel stått 0-3 etter fem minutt då Yngve Solevågseide heada bakover til Freddy Nikolaisen som heade like over. Eit minutt etter gjorde Tommy Kanishi Andreassen forarbeidet før han serverte til Yngve Solevågseide som reduserte til 1-2. To minutt seinare var det klart for kvittering. Alexander Connor la inn til Ronny Leikarnes som heada inn 2-2.

 

{seyretpic id=1254 align=right}No skulle ein tru at heimelaget ville få eit psykologisk overtak, men laget let i staden gjestane komme inn i kampen att. Etter eit kvarter vart det diskusjon etter eit innkast frå Tommy Nikolaisen gjekk i mål.  Dommar og linjemann meinte ingen hadde vore borti ballen og dømte utspel frå mål. Måndalen gav seg likevel ikkje og etter fleire svake avklaringar vart ballen servert til Jonas Våge som skaut i mål frå 16-meterstreken. Same mann var sist på ballen etter ein skrudd corner like før slutt og dermed 4-2 til Måndalen.

 

Vestnes Varfjell hadde nokre spede forsøk i andre omgang, men kom ikkje nærare enn eit skot som keeper Espen Pedersen plukka ned. 

 

Høg stemning i Vikebukt-leieren også på tribuna, der 175 hadde møtt opp i fint seinsommarver. Vegar Skare og Marius Ulla starta kampen, medan Audun Leikarnes og Hans Sætre kom innpå etter pause. Dermed var det også duka for ein bror på kvart sitt lag etter at Vestnes Varfjell sette innpå Christian Leikarnes.

 

Dommaren delte ut eit raudt og mange gule kort, alle unntatt eitt til heimelaget.

 

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Måndalen 2-4 (0-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Vestnes idrettspark, 175 tilskuarar

Mål:

0-1 (24) Marius Ulla

0-2 (37) Kåre Totlund

1-2 (51) Yngve Solevågseide

2-2 (53) Ronny Leikarnes

2-3 (65) Jonas Våge

2-4 (85) Våge

Dommar: Karl Fredrik Røsok, Træff

Raudt kort: Jørgen Gravdehaug, Vestnes Varfjell (89, to gule)

Gult kort: Thomas André Brastad (12), Jørgen Gravdehaug (12), Svein Erik Lange Male (22), Elling Olafsen (71), Ørjan Tangen (88), alle Vestnes Varfjell. Freddy Nikolaisen, Måndalen (88)

Vestnes Varfjell: Svale Leren; Sander Valde, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad (Martin Lange Sylte 71) - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Elling Olafsen (Christiam Leikarnes 85), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert søndag 22. august 2010 15:49
 

Våre sponsorar