Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Sliteseier mot Isfjorden PDF Skriv ut E-post
fredag 13. august 2010 22:23

Alexander Connor og Bjørn-Vegard Løvik er fornøgd med kampen
Connor og BV
Vestnes Varfjell tok sin første seier på fire kampar då Isfjorden vart slått 1-0 på bortebane fredag. Ronny Leikarnes skåra det einaste målet i kampen, midtvegs i første omgang. Vestnes Varfjell skapte flest store sjansar, men måtte slite for seieren. Laget har dermed framleis heng på tetlaga, og styrka posisjonen for å bli mellom dei 6 beste som får spele 4. divisjon også neste sesong.

 

- Ein veldig viktig seier for oss. No ser me fram til å få på plass fleire spelarar frå ferie og at fleire får trent jamnt slik at dei kjem i form til resten av haustsesongen, seier spelande trenar Alexander Connor. Neste kamp er lokalderbyet mot Måndalen, ein kamp som er flytta frå torsdag til fredag 20. august.

 

 

Vestnes Varfjell har heitt ei dalande formkurve etter to uavgjortkampar før ferien og klart tap i første haustkamp tidlegare denne veka. Dermed var det eit revansjesugent lag som entra den strøkne grasmatta i Isfjorden fredag kveld. Kampen var tett og jamn gjennom 90 minutt. Vestnes Varfjell spelte seg bra opp etter ein svak start og viste etter kvart at dei er eit betre lag. Isfjorden hadde likevel krefter til ei sluttspurt, utan at dei klare å skape meir enn halvsjansar. 

 

Best på Vestnes Varfjell var etter vår meining Thomas André Brastad i midtforsvaret, det var også han som sto bak førearbeidet til den avgjerande skåringa. Også Jørgen Gravdehaug og Tommy Kanishi Andreassen gjorde mykje bra i den offensive delen av spelet, men først og fremst var dette ein lagseier.

 

Trond Klokset spelte sin siste kamp i utlånsperioden mot CFK tirsdag og var ikkje med fredag, det var heller ikkje Simen Brennvik og Ørjan Tangen, som framleis er på ferie.

 

Kampen:

13 min: Elling Olafsen header i stolpen etter ein corner. Ronny Leikarnes tar returen, men Isfjorden reddar på strek

25 min: Stor sjanse til Isfjorden, skot like utanfor

26 min 0-1: Thomas André Brastad går frå eigen banehalvdel, innlegget når Ronny Leikarnes som treng to forsøk på å få ballen i mål til leiing 1-0

38 min: Isfjorden avsluttar like over etter ein corner

45 + 3 min: Tommy Kanishi Andreassen på veg inn i feltet, men blir kroppstakla av ein Isfjorden-spelar. Dommaren vinkar spelet vidare.

 

2. omgang:

51 min: Knallhardt skot frå Kanishi Andreassen, keeper reddar

53 min: Innlegg frå Kanishi Andreassen blir heada i tverrliggar og over av ein Isfjorden-forsvarar

54 min: Leikarnes headar over på den påfølgjande corneren

58 min: Svein Erik Lange Male startar eit angrep frå midtstopparposisjon, finn Kanishi Andreassen på venstrekanten. Eit flott angrep blir avslutta med skot over frå Leikarnes

59 min: Eit langt frispark går gjennom heile forsvaret, men ingen får ei tå på ballen og Isfjorden-målvakta får rydda opp

68 min: Leikarnes på skothald i god posisjon, men ein isfjording får eit bein på ballen

70 min: Isfjorden er frampå, men skapar berre halvsjansar

75 min: Innlegg frå Bjørn-Vegard Løvik finn hovudet til Leikarnes, men headinga går over

85 min: Jørgen Gravdehaug serverer Leikarnes, men med "feil fot" går skotet utanfor

90 + 2 min: Dommaren dømmer indirekte frispark frå 11 meter etter tilbakespel til keeper. Yngve Solevågseide smeller til, men keeper står i vegen for skotet og returen frå Alexander Connor

 

 

Kampfakta:

Isfjorden - Vestnes Varfjell 0-1 (0-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 13. august 2010 kl 19

Isfjorden stadion, 35 tilskuarar

Mål:

0-1 (26) Ronny Leikarnes

Dommar: H Talstad, Molde

Gult kort: Bjørn-Vegard Løvik, Vestnes Varfjell (83), eitt til Isfjorden

Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Sander Valde, Thomas André Brastad, Svein Erik Lange Male, Bjørn-Vegard Løvik - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Elling Olafsen (Magnus Nerheim 61), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen (Martin Sylte 88)

 

Sist oppdatert søndag 15. august 2010 14:06
 

Våre sponsorar