Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Tapte klart mot Clausenengen PDF Skriv ut E-post
tysdag 10. august 2010 22:43

Cato og Tommy Andreassen
Cato og Tommy Andreassen
Vestnes Varfjell fekk ein svak start på haustsesongen då laget tapte 1-7 i toppkampen borte mot Clausenengen tirsdag. Stillinga ved pause var 4-1. Tommy Kanishi Andreassen skåra for Vestnes Varfjell. CFK var klart best, men mange av måla var også reine gavepakker. Far Cato Andreassen og son Tommy Kanishi Andreassen var på bana samtidig dei siste minutta. CFK om kampen


Ein svak kamp av Vestnes Varfjell. Laget hang godt med i periodar og hadde også fortent å skåre meir enn ein gong. CFK låg lavt og tok godt vare på dei sjansane dei fekk på overganger, i tillegg rota Vestnes Varfjell det til for seg sjølv fleire gongar.

Kampen:
1 min: Ronny Leikarnes er frampå, men CFK var rensa unna på strek
4 min: CFK nære på, men bommar for ope mål
13 min 1-0: Svak avklaring fører til at ballen hamnar i beina på Ronny Svanemsli.Toppskåraren i divisjonen treng ikkje bli bedd to gongar og set ballen i mål frå 11 meter.
14 min: Tommy Kanishi Andreassen skyt over via ein CFK-spelar.
15 min: CFK skyt like utanfor etter ein kontring
16 min: Kanishi Andrassen med flott avslutning i mål, men er avvinka for offside
20 min: Kanishi med flott stikkball til Ronny Leikarnes som skyt like utanfor
25 min 2-0: Meir rot i forsvaret gir ny skåring for heimelaget. Svanemsli kan til slutt trille ballen i ope mål.
30 min 2-1: Leikarnes spelar igjennom Kanishi som set ballen kontrollert i motsett hjørne til 2-1
33 min 3-1: Eit utspell blir heada rett tilbake i bakrommet der Svanemsli igjen dukkar opp og lobbar ballen i mål
37 min: Det blir temperatur på Idrett etter at ein CFK-spelar set albogen i magen på Svein Erik Lange Male.
40 min 4-1: Eit nølande Varfjell-forsvar blir straffa med skot i mål
44 min: Eit frispark hamnar på foten til Leikarnes, men spissen nølar og får ikkje avslutta skikkeleg

pause
2. omg
51 min: Godt skot frå CFK, men Svale Leren leverer ei god redning
56 min 6-1. Ny lang ball i bakrom, ny lobb i mål
58 min: Kanshi finn Trond Klokset som får avslutta med skot på keeper, Leikarnes er nære på å sette returen i mål
59 min: Elling Olafsen med skot utanfor frå skrått hald
63 min 6-1: Skot i mål
Begge lag byttar ein del spelarar
84 min: Olafsen hindra i å skyte innanfor 16-meteren, det blir ropt på straffe
85 min: Alexander Connor spelar fri Leikarnes, aleine med keeper skyt han rett på målvakta. Stor sjanse
89 min 7-1: Kampens siste skåring kjem etter ein corner
90 min: Assistentrenar Cato Andreassen har komme inn og reddar på streken

Kampfakta

Clausenengen - Vestnes Varfjell 7-1 (4-1)

4. divisjon, tirsdag 10. august 2010 kl 19

Idrettsplassen, 30 tilskuarar

Mål:

1-0 (12) Ronny Svanemsli

2-0 (25) Svanemsli

2-1 (30) Tommy Kanishi Andreassen

3-1 (33) Svanemsli

4-1 (40) Robin Pettersen

5-1 (54) Pettersen

6-1 (63) Kenneth Larsen

7-1 (89) Arve Sundli

Dommar: Bjørn-Erik Hjellset, Molde
Gult kort: Henden, CFK og Trond Klokset, Vestnes Varfjell
Vestnes Varfjell: Svale Leren; Sander Valde (Martin Sylte 73), Svein Erik Lange Male, Bjørn-Vegard Løvik (Magnus Nerheim 65), Thomas André Brastad (Cato Andreassen 85) - Elling Olafsen, Yngve Solevågseide (Jørgen Gravdehaug 62), Alexander Connor - Trond Klokset, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert søndag 15. august 2010 16:15
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå