Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Sjansesløsing, 1-1 og Cato-comeback PDF Skriv ut E-post
fredag 02. juli 2010 23:09

Comeback: Cato Andreassen kom innpå i andre omgang.
Cato Andreassen
Vestnes Varfjell slit med å avgjere heimekampar. Fredag vart det uavgjort for fjerde gong denne sesongen då Bud/Elnesvågen 2 kjempa med seg eitt poeng frå Vestnes idrettspark. Gjestane tok leiinga 1-0 like før pause, medan Simen Brennvik utlikna i andre omgang. Trass store sjansar til heimelaget og eit annulert mål, vart det berre 1-1. Heimelaget hadde mange forfall til denne kampen og i andre omgang måtte også assistenttrenar Cato Andreassen trø til. 42-åringen spelte med drakt nummer 42 i det som var hans første seriekamp på 12 år! 4. divisjon tek no ferie, med Vestnes Varfjell som eitt av fire lag som kjempar om den eine opprykksplassen.


Image
VM-stemning med Vuvuzela
Vestnes Varfjell starta kampen med eit solid overtak og skapte fleire store sjansar utan å få utelling. Så fulgte ein svak periode med mange feilpasningar og balltap i farleg posisjon. Bud/Elnesvågen 2, som stilte eit svært ungt lag, hadde to avslutningar utanfor før dei tok leiinga 1-0 like før pause. Publikum og heimelaget ropte på hands, men Bud-spelaren fekk lobbe i mål aleine med keeper. Sjølv ikkje den einslege vuvuzelaen på tribuna greide å få heimepublikumet i stemning.

Image
Brennvik med ballen
Andre omgang starta som den første, men no fekk Vestnes Varfjell straks uttelling. Trond Klokset slo ein stikkball fram til Ronny Leikarnes som la 45-grader tilbake til Simen Brennvik som skåra frå kloss hald. Heimelaget skapte sjanse på sjanse, men fekk berre ballen i mål ein gong. Det var då Simen Brennvik sette ballen i mål etter ein retur frå keeper, men linjemann Eivind Solnørdal meinte han hadde drege nytte av ei offsideplassering i tidlegare trekk.

Gjestane hadde berre spede kontringsforsøk etter pause, men avslutta kampen langt på overtid med eit skummelt frispark som målvakt Svale Leren fekk slått ut. Gjestane hadde ei solid målvakt i Ole Martin Varhol, som også vart kåra til banens bestemann.

Cato Andreassen la opp etter 1998-sesongen, men var altså på bana igjen i går. 42-åringen spelte på rutinen i midtforsvaret og kom innpå for å frigjere meir offensiv kraft. Andreassen seier til varfjell.no at det blir med denne eine kampen. Me tippar han i alle fall kjem innpå minst ein gong til slik at han får spele saman med sonen Tommy Kanishi Andreassen som sto over på grunn av skade fredag. Jakob Talberg var tilbake på laget i denne kampen, han er no heime etter eit lengre opphald utanlands.

 

Dagens gladaste i Vestnes idrettspark: Frans Hulsker stilte i oransje hatt og slips til ære for Nederland som tidlegare på kvelden hadde slått i Brasil i kvartfinalen i fotball-VM.

 

Kampen minutt for minutt:
7 min: Elling Olafsen med skot i tverrliggaren
10 min: Innlegg frå Trond Klokset treff Ronny Leikarnes og det resulterer i ein stor sjanse
11 min: Thomas André Brastad headar like utanfor
21 min: Bud med skot like over
26 min: Nytt forsøk frå gjestane, men over frå god posisjon
32 min: Leikarnes med skot utanfor, publikum "ser ballen i mål" og jublar for det dei trur er skåring
38 min: Kanonande føre gjestane sitt mål, Jakob Talberg skyt på keeper
45 min: Bud spelar seg igjennom i midten, men ved hjelp av det som såg ut som ei aktiv hand. Lobb over mål og gjestane går til pausen med leiing 1-0
Pause
2. omgang
51 min: Simen Brennvik er flytta fram og toppskåraren utliknar til 1-1. Trond Klokset slo ein stikkball fram til Ronny Leikarnes som la 45-grader tilbake til Simen Brennvik som skåra frå kloss hald

52 min: Olafsen med stikkar til Leikarnes, men igjen er Bud-målvakta umuleg å overliste
60 min: Trond Klokset dreg seg innover i feltet, avsluttar med skot på keeper
61 min: Bud på farleg kontring, skot over
62 min: Klokset og Leikarnes med forsøk før ballen hamnar i retur frå keeper og hos Simen Brennvik som set ballen i mål. Dommaren annullerer for offside.
77 min: Leikrnes blir trædd igjennom og avsluttar med skot utanfor
80 min: Brennvik aleinere med keeper, som blokkerer
88 min: Trond Klokset med flott langskot, ballen har retning mål, men igjen får gjestane si målvakt ei hand på ballen

Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Bud/Elnesvågen 2 1-1 (0-1)
Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 2. juli 2010 kl 19
Vestnes idrettspark, 60 tilskuarar
Mål:
0-1 (45) Andreas Rød
1-1 (51) Simen Brennvik
Dommar: Karl Fredrik Røsok, Træff
Gult kort: Cato Andreassen (73, pga smykke!) og Thomas André Brastad (90), Vestnes Varfjell, 3 til Bud/Elnesvågen 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Simen Brennvik, Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad, Martin Lange Sylte - Jakob Talberg (Ørjan Tangen 46), Jørgen Gravdehaug, Elling Olafsen (Jakob Talberg 74) - Sondre Akselsen (Cato Andreassen 62), Ronny Leikarnes, Trond Klokset

Sist oppdatert laurdag 03. juli 2010 18:53
 

Våre sponsorar