Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Slo Gossen i vindbygene PDF Skriv ut E-post
laurdag 19. juni 2010 01:04

Ronny Leikarnes og Tommy Kanishi
Leikarnes og Kanishi
Vestnes Varfjell held tabelltoppen i 4. divisjon etter seier 4-0 borte mot Gossen fredag. Laga hadde kvar sin omgang med kraftig medvind, og det prega kampbildet. Vestnes Varfjell var heldige som leia 2-0 ved pause etter skåringar av Alexander Connor og Tommy Kanishi. Etter kvilen dominerte laget stort, men det vart med to mål ved Thomas Brastad og Ronny Leikarnes. Sjå videointervju med trenar Alexander Connor i VarfjellTV. | Gossen om kampen | Bilder i MMS-bloggen.


Ein kraftig langsgåande vind og regnbyger gjorde speleforholda alt anna enn enkle på Riksfjord-kunstgraset. Heimelaget hadde vinden i ryggen frå start og Vestnes Varfjell hadde ei stund problem med å komme i angrep. Gossen hadde fleire store sjansar, ikkje minst etter ein serie cornerar.


Image
Fra kampen
Vestnes Varfjell var likevel ikkje ufarlege dei gongane laget spelte seg fram langs bakken. Både Simen Brennvik og Ronny Leikarnes hadde skotforsøk før spelande trenar Alexander Connor sette inn 1-0 etter ein stuss frå Leikarnes. Tommy Kanishi Andreassen dobla til 2-0 på eit skot etter forarbeid av Brennvik.

I andre omgang var det Vestnes Varfjell som bokstavleg talt var i vinden. No var det dei som fekk corner på corner og skapte sjansane. Det varte likevel ein halvtime før neste skåring kom. Før det hadde Kanishi skote i stolpen og Elling Olafsen lobba i tverrliggaren. Kanishi hadde fekk også eit godt skotforsøk stoppa av ein god keeper.

Image
Ombyting på ferja
3-0 kom ved Thomas André Brastad på eit skot etter framspel av Leikarnes. Like etterpå var det Leikarnes sin tur og på andre skotforsøk gjekk ballen i nettaket.

Spelande trenar Alexander Connor meinte laget var heldig som leia til pause, men at dei hadde full kontroll i medvinden i andre omgang. Han gav ros til dei fire innbytterane som kom innpå. Tommy Kanishi vart kåra til BB. Også Bjørn-Vegard Løvik sto fram frå start i midtforsvaret til han måtte ut med ein vond ankel.

 

 

Vestnes Varfjell heldt "nullen" for første gong sidan Clausenengen vart slått 3-0 i serieopninga.

 


Gossen - Vestnes Varfjell 0-4 (0-2)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Fredag 18. juni 2010 kl 19

Riksfjord stadion (kunstgras)
Tilskuarar: 10
Mål:
0-1 (32) Alexander Connor
0-2 (37) Tommy Kanishi Andreassen
0-3 (76) Thomas André Brastad
0-4 (77) Ronny Leikarnes
Dommar: Marius Hansen Grøtta, Molde
Assistentdommarar: Roger Hagbø og Harald Gule, MFK
Raudt kort: 1 til Gossen (89, 2 gule)
Gult kort: 3 til Gossen
Vestnes Varfjell 4-3-3: Svale Leren; Ørjan Tangen, Bjørn-Vegard Løvik (Sander Valde 83.), Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad - Alexander Connor (Sondre Akselsen 55.), Jørgen Gravdehaug, Elling Olafsen - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes (Tommy Solevågseide 85.), Tommy Kanishi Andreassen (Magnus Nerheim84.)

Sist oppdatert måndag 21. juni 2010 14:09
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå