Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Rekordstor seier mot Skåla: 15-1! PDF Skriv ut E-post
laurdag 12. juni 2010 11:49
Ørjan Tangen og Simen Brennvik (Foto: Asbjørn Vik)
Tangen og Brennvik
Vestnes Varfjell slo Skåla heile 15-1 (5-0) i 4. divisjon fredag kveld. Målskårarar: Simen Brennvik 5, Ronny Leikarnes 4, Ørjan Tangen 3, Tommy Kanishi Andreassen 2, Elling Olafsen 1. Sjå måla i VarfjellTV etter kvart. Dette er klubben sin største seier nokon gong for A-laget. - Ei fin vitamininnsprøyting etter to svake kampar, seier spelande trenar Alexander Connor til VarfjellTV.

 

Det gjekk 26 minutt med sjansesløsing og redningar på strek før første målet kom mot eit Skåla-lag som hadde forfall frå 9 mann og stilte kraftig svekka.

 

- Det er ikkje så mykje å seie om kampen anna enn at det var einvegskøyring. Spelarane skal ha ros for at dei heldt intensiteten oppe sjølv om måla rann inn, seier oppmann Lars Jørgen Skjegstad.  

 

5-målsskårar Simen Brennvik vart kåra til banens beste, tett fulgt av Ørjan Tangen.

 

- Alle gjorde ein god kamp og intensiteten var god. Alle på benken fekk også sleppe til, seier Skjegstad. Mellom dei som fekk prøve seg var Christian Leikarnes som fekk sin debut i seriekamp for A-laget.

 

Eit fåtalig publikum fekk med seg kampen, men ein ferierande Bernt Hulsker var mellom dei som kjende si besøkstid.

Slik kom måla:

1–0 (26) Ronny Leikarnes. Elling Olafsen skyt i stolpen, Leikarnes er på returen og finn ei opning frå skrått hald. Video

2–0 (28) Ørjan Tangen.

3–0 (33) Simen Brennvik. Retur etter ein corner, der Brennvik er på rett plass.

4–0 (40) Leikarnes. Langt framspel frå Yngve Solevågseide blir stussa vidare i mål med hovudet.

5–0 (43) Leikarnes. Etter mykje fram og tilbake føre mål, klinkar den gamle toppskåraren ballen i mål med venstreslegga.

6–0 (52) Brennvik. Corner er mål. Brennvik flikkar vidare i mål ved første stolpe.

7–0 (55) Leikarnes. Elling Olafsen gjer forarbeidet, Leikarnes rundar keeper og skyt i mål.

8–0 (60) Tangen. Skot innanfor 16-meteren.

9–0 (66) Elling Olafsen. Fekk stå aleine og dundre ballen i mål.

9–1 (70) Trøstemålet kjem på ei heading frå kloss hald etter eit langt innkast.

10–1 (77) Tangen. Litt fram og tilbake føre må, før Tangen får skote frå rundt 10 meter.

11–1 (87) Tommy Kanishi Andreassen. Dreg seg fri på kanten av 16-meteren og skyt i mål frå skrått hald.

12–1 (88) Brennvik. Lobb over keeper.

13–1 (89) Kanishi Andreassen. Kopi av sitt førre mål.

14–1 (90) Brennvik. Olafsen finn Brennvik føre mål.

15–1 (90) Brennvik. Set inn sitt 5. for kvelden etter to skotforsøk frå kloss hald.




 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Skåla 15-1 (5-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 11. juni 2010 kl 19

Vestnes idrettspark, 45 tilskuarar

Mål:

1–0 (26) Ronny Leikarnes

2–0 (28) Ørjan Tangen

3–0 (33) Simen Brennvik

4–0 (40) Leikarnes

5–0 (43) Leikarnes

6–0 (52) Brennvik

7–0 (55) Leikarnes

8–0 (60) Tangen

9–0 (66) Elling Olafsen

9–1 (70)

10–1 (77) Tangen

11–1 (87) Tommy Kanishi Andreassen

12–1 (88) Brennvik

13–1 (89) Kanishi Andreassen

14–1 (90) Brennvik

15–1 (90) Brennvik

Dommar: Hallgeir Talstad, MFK

Ingen kort 

Vestnes Varfjell: Svale Leren; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male (Tommy Solevågseide 80.), Yngve Solevågseide, Thomas André Brastad (Martin Lange Sylte 30.) - Alexander Connor (Christian Leikarnes 80.), Jørgen Gravdehaug (Sondre Akselsen 75.), Elling Olafsen - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes (Tommy Kanishi Andreassen 85.), Tommy Kanishi Andreassen (Magnus Nerheim 75.) 

Sist oppdatert måndag 21. juni 2010 14:10
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå