Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Sesongens første tap PDF Skriv ut E-post
søndag 06. juni 2010 21:31

Yngve Solevågseide og Tommy Kanishi Andreassen etter kampen.
Solevågseide og Kanishi
Vestnes Varfjell gjekk på sitt første tap i 4. divisjon då Træff 2 vart for sterke og vann 3-1 på Reknesbanen søndag. Det sto 0-0 ved pause. Træff skåra like etter pause, men Svein Erik Lange Male utlikna til 1-1 på ei heading etter corner like etterpå. Vestnes Varfjell hadde ein god periode etter utlikninga, men Træff sikra seieren med to nye skåringar kvarteret før slutt. - Me tapte mot ei betre lag i dag, seier vikarierande oppmann Svein Kåre Stjern til varfjell.no. Vestnes Varfjell hadde mange forfall, i tillegg styrka Træff 2 laget med eit par A-lagsspelarar etter pause, noko som vart avgjerande for kampen. Træffbloggen om kampen | Træff om kampen>>


Træff 2 opna best og hadde dei fleste stora sjansane før pause, mellom anna eit skot i stolpen. Vestnes Varfjell var to gongar aleine med keeper, i tillegg var mange usamde då dommaren bles for offside etter at Thomas André Brastad sette ballen i mål.

Thomas Flemmen og keeper Andreas Beinset kom innpå for Træff 2 i pausen og dei to A-lagsspelarane skulle bli matchvinnarar i kvar sin ende av banen. Flemmen la opp til to mål og skåra sjølv det siste, medan Beinset hindra i alle fall tre klare målsjansar andre vegen. Flemmen har det med å spele og skåre for B-laget til Træff mot nettopp Vestnes Varfjell. For to år sidan skåra han i begge oppgjera.


Bestemannsprisen går til midtstoppar Ørjan Tangen. Målvakt Svale Leren var også god, medan Tommy Kanishi Andreassen var den som skapte mest framover på bana.

Kampen var eit prov på at Vestnes Varfjell treng alle sine beste spelarar på plass skal laget halde unna i tetstriden. Denne gongen mangla Simen Brennvik (3 gule kort), Bjørn-Vegard Løvik (skade), Alexander Connor (bryllupsfeiring i Skottland) og Nirut Mjøs.

Kampen:
1 min: Stor sjanse til Træff 2. Svale Leren reddar
9 min: Ronny Leikarnes får ballen litt for langt føre seg aleine med keeper
13 min: Tommy Kanishi igjennom, men keeper rykker ut og får hindra skåring
20 min: Træff 2 skot like utanfor
24 min: God redning frå Leren hindrar heimelaget i å ta leiinga
30 min: Thomas André Brastad blir spelt igjennom og skyt hardt i mål. Linjemannen vinkar for offside
37 min: Træff 2 med skot i stolpen
Pause
45 min: Bytter i pausen: Martin Lange Sylte inn for Magnus Nerheim. Thomas Flemmen og målvakt Andreas Beinset inn for Træff 2
46 min: Flemmen igjennom for Træff 2. Skot utanfor
47 min: 1-0. Skot frå Flemmen, returen hamnar hos Abel Araya som set inn 1-0
48 min: 1-1. Svein Erik Lange Male ragar høgast på ein corner og headar inn utlikninga
51 min: Godt skot frå Kanishi Andreassen har retning vinkelen, men Beinset får fista den over
60 min: Jørgen Gravdehaug spelar fri Kanishi, igjen er Beinset der og hindrar skåring
65 min: Ny avslutning frå Kanishi, denne gongen hindrar ein Træff-rygg ballen som har bane mot mål
70 min: 2-1. Flemmen spelar fri Araya som set inn 2-1
76 min: 3-1. Uheldig avklaring gjer at ballen hamnar hos Arya. Han finn Flemmen som set inn 3-1 i ope mål


Kampfakta:
Træff 2 - Vestnes Varfjell 3-1 (0-0)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Søndag 6. juni 2010 kl 15.30
Reknesbanen (kunstgras)
Tilskuarar: ca 50
Mål:
1-0 (47) Abel Araya
1-1 (50) Svein Erik Lange Male
2-1 (70) Araya
3-1 (76) Thomas Flemmen
Dommar: Modolf Holm, Isfjorden
Gult kort: Svein Erik Lange Male, 1 til Træff 2
Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren, Sander Valde (Mangus Nerheim 85), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Thomas André Brastad (Tommy Solevågseide 75) - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug, Elling Olafsen - Magnus Nerheim (Martin Lange Sylte 46), Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen

Gult kort: Svein Erik Lange Male
50 tilskuarar
Dommar. Holm, Isfjorden

Sist oppdatert fredag 11. juni 2010 13:15
 

Våre sponsorar