Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Halte i land sterk borteseier PDF Skriv ut E-post
laurdag 22. mai 2010 12:18

Seier som smakte: Ørjan Tange var mellom dei beste i kveld.
Vestnes Varfjell slo Midsund 2-1 borte i det som var toppkampen i 4. divisjon fredag kveld. Laga hadde kvar sin omgang, der Ronny Leikarnes og Tommy KanishiAndreassen sendte Vestnes Varfjell i leiinga 2-0 før pause. Midsund dominerte etter kvilen, men Vestnes Varfjell forsvarte seg godt, og det vart med eit reduseringsmål ti minutt før slutt. - Ein god førsteomgang av oss. Etter pause blir me spelt lave, men me er gode i forsvar og dei skaper ikkje mange sjansar, sa ein fornøgd trenar Alexander Connor etter kampen.

 

Vestnes Varfjell fekk ein god start i vårsola i Midsund då eit skot frå rundt 20 meter frå Jørgen Gravdehaug snirkla seg i mål via Ronny Leikarnes etter 12 minutt.  Det vart først meldt at skotet gjekk rett inn, men Leikarnes stadfesta etterpå at han var borti ballen og fekk den over strekn. Dette var starten på ein god Vestnes Varfjell-periode der Gravdehaug var ressigøren for mykje av det som skjedde frå sin sentrale midtbaneposisjon. 

 

Tommy Kanishi Andreassen la inn til Ronny Leikarnes som heada i mål etter 16 minutt, men linjemannen markerte for offside. Etter 19 minutt gjorde Tommy Kanishi Andreassen alt sjølv då han reiv seg laus på venstrekanten, lurte av halve Midsund-forsvaret og skåra frå kloss hald. Midsund sin største sjanse før pause kom då Arec Gosic skaut i stolpen.

 

Midsund tok over i andre omgang. Dei vann dei fleste av duellane på midtbanen og Vestnes Varfjell fekk nok med å forsvare seg. Det gjorde laget til gjengjeld godt, og berre ein gong måtte keeper Svale Leren kaste seg for å redde. Vertane vart også meir ufarleg i angrep etter at gode Gosic måtte gå ut. Reduseringa kom etter ein corner i det 79. minutt. Ballen vart slått tilbake føre mål og der fekk Joakim Stormyr sett ballen i mål. Midsund satsa no hardt på eit utlikningsmål, men fekk ikkje fleire sjansar. Vestnes Varfjell drog ned tempoet og rodde det heile i land. Vestnes Varfjell hadde nokre tilløp på kontringar i andre omgang og Ronny Leikarnes var berre ein vaken keeper unna 3-0 etter ein time.

 

Ingen stor toppkamp, men det var innsats og nerve heilt til siste tilleggsminutt var spelt. Vanlegvis strøkne Midsund stadion er framleis litt ujamn etter vinteren, og det skapte ein del pussige situasjonar med feilpasningar og regelrette skot i lause lufta frå begge lag. Begge lag ropte på kvart sitt straffespark. Elling Olafsen vart stoppa på veg inn i feltet før pause, medan Bjørn-Vegard Løvik gjekk i ryggen på John Arne Øien i andre omgang. Dommar Roger Hagbø fekk ufortent mykje kjeft frå begge lag og viste kva han syntes om det ved å gje gult kort til både Bjørn-Vegard Løvik og Ronny Leikarnes.

 

Heile forsvarsfiraren sto fram  i denne kampen, men bestemannsprisen går til Nirut Mjøs for sikkert forsvarsspel gjennom heile kampen.  

 

 

Kampfakta:

Midsund - Vestnes Varfjell 1-2 (0-2)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 21. mai 2010 kl 19 

Midsund stadion gras 

Tilskuarar: Ca 80

Mål:

0-1 (12) Ronny Leikarnes

0-2 (19) Tommy Kanishi Andreassen

1-2 (79) Joakim Stormyr

Dommar: Roger Hagbø, MFK

Gult kort: Bjørn-Vegard Løvik (23) og Ronny Leikares (33); eitt til Midsund

Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Simen Brennvik, Bjørn-Vegard Løvik, Nirut Mjøs, Ørjan Tangen - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug, Alexander Connor - Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes (Thomas André Brastad 89), Elling Olafsen 

Sist oppdatert fredag 21. mai 2010 23:13
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå