Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Tabelltopp og keeper-comeback PDF Skriv ut E-post
laurdag 08. mai 2010 19:42

Stor stemning etter kampen. (Foto: Asbjørn Vik)
Jubel for seier
Vestnes Varfjell toppar 4.-divisjonstabellen aleine etter ein overbevisande 4-1-seier borte mot nabo Måndalen fredag kveld. Vestnes Varfjell tok ei tidleg 2-0-leeing. Måndalen kom sterkt tilbake, men to nye skåringar tidleg i andre omgang avgjorde kampen endeleg. Ola Marius Sæter gjorde comeback som målvakt for Vestnes Varfjell. Bilder i MMS-bloggen | Videoar i VarfjellTV | Måndalen om kampen | Åndalsnes Avis om kampen

 

Image
Ole Marius Sæter
Vestnes Varfjell opna friskt i vårsola på Øran-kunsgtgraset. Elling Olafsen skaut knallhardt inn det første målet etter ein retur på eit langt innkast 13 minutt ut i kampen. Same mann hadde eit nytt godt skotforsøk, før Yngve Solevågseide dobla leiinga midtvegs i omgangen. Kapteinen kom aleine med keeper etter flott framspel av Ronny Leikarnes.

 

Etter dette gav laget frå seg initiativet i kampen til heimelaget, som var farleg frampå på cornerar og lange innkast frå Tommy Nikolaisen. Sju minutt før pause førte eit slikt innkast til mølje føre mål og til slutt redusering til 1-2.

 

Ole Martius Sæter gjorde comback i målet i Svale Lerens karantefråvær. Det gjorde han godt i det som også var A-kamp nummer 150, og den første på A-laget sidan han hadde eit vikariat i bortekampen mot Halsa/Valsøyfjord i 2006. Sæter var trygg og god og rydde også opp i eigen feil med ei god redning då Måndalen fekk frispark etter at Sæter trakka utanfor streken på eit utspark. 

 

Måndalen var eit stolpeskot unna utlikning like etter pause, men i staden auka Vestnes Varfjell til 3-1 på eit straffespark sju minutt ut i omgangen. Tommy Kanishi Andreassen, som var usikker heilt til kampstart grunna ein muleg hjernerysting på trening, vart felt av keeper Espen Pedersen. Ronny Leikarnes sette straffen i mål.  Etter eit kvarter sette toppskåraren inn sitt andre for dagen frå kloss hald. Like etter hadde både Yngve Solevågseide og Elling Olafsen gode forsøk på frispark, men det vart ikkje fleire skåringar.

 

Godt gjennomført kamp av Vestnes Varfjell som dermed er på toppen av tabellen aleine med 10 poeng. 

 

PS: Måndalen hadde fem tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar på banen i denne kampen: Audun Leikarnes, Marius Ulla, Vegar Skare, Sindre Balstad og Tor Gunnar Venås. Alle gjorde ein god jobb for heimelaget som mangla Freddy Nikolaisen.

 

Ronny Leikarnes vart kåra til BB i Romsdals Budstikke, men her var det mange som gjorde ein god kamp. Keepervikar Sæter er alt nemnt, i tillegg synest me Nirut Mjøs viste trygt og godt stopparspel gjennom heile kampen. 

 

Kampfakta:

Måndalen - Vestnes Varfjell 1-4 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 7. mai 2010 kl 19

Øran stadion (kunstgras)

100 tilskuarar

Mål:

0-1 (13) Elling Olafsen

0-2 (24) Yngve Solevågseide

1-2 (38) Kim Rodi Nikolaisen

1-3 (52) Ronny Leikarnes, straffespark

1-4 (59) Leikarnes

Dommar: Rolf Erik Pedersen, Åndalsnes

Gult kort: Simen Brennvik, Vestnes Varfjell. Audun Leikarnes og ?, Måndalen.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Ole Marius Sæter; Simen Brennvik, Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Tommy Solevågseide 85.), Alexander Connor (Bjørn-Vegard Løvik 75.) - Elling Olafsen (Magnus Nerheim 80.), Ronny Leikarnes (Martin Lange Sylte 85.), Tommy Kanishi Andreassen  

Sist oppdatert søndag 09. mai 2010 11:18
 

Våre sponsorar