Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Opna med seier PDF Skriv ut E-post
laurdag 17. april 2010 18:54
Skåra først: Simen Brennvik. (Foto: Asbjørn Vik)
Simen Brennvik
Vestnes Varfjell slo Bud/Elnesvågen 2 2-1 borte i serieopninga i 4. divisjon fredag kveld. Simen Brennvik sette inn det første målet rett før pause, vertane utlikna, men fem minutt før slutt sørga Tommy Kanishi Andreassen for borteseier. - Ingen stor kamp av oss, men det viktigaste var å starte med seier og tre poeng. Me brente 4-5 store sjansar i tillegg til skåringane, mellom anna eit straffespark, fortel spelande trenar ALexander Connor.

Det første målet var det finaste. Backen Simen Brennvik kom inn frå sida og sendte av garde eit skot/innlegg som gjekk over keeper og i motsatt kryss. 2-1 kom då Tommy drog seg fri og skaut frå 16 meter via stonga. Han brente straffe på overtid etter at han sjølv vart felt etter eit dribleraid. Også Jørgen Gravdehaug hadde eit skot i stolpen.

 - Tommy var best totalt sett, men Jørgen var god i første omgang. Nirut og Bjørn-Vegard var gode i forsvaret, oppsummerer oppmann Lars Jørgen Skjegstad. Han meiner Bud/Elnesvågen 2 var eit godt lag som han trur vil ta mange poeng utover.


Bud/Elnesvågen 2 om kampen: "Alt i alt var Vestnes best og vinner fortjent, men vi tror de må heve seg litt mer hvis de vil opp i 3. divisjon igjen."

Romsdals Budstikke om kampen: "Begge lagene bidro til en god og sjanserik 4. divisjonskamp på Bud kunstgress i går kveld. Buds unge mannskap hang godt med, men Vestnes avgjorde til slutt på rutinen. Banens beste: Bjørn Espen Vatne, Bud/Elnesvågen 2."

 

Kampfakta:  
Bud/Elnesvågen 2 - Vestnes Varfjell 1-2 (0-1)
4. divisjon
Fredag 16. april 2010 kl 19.00

Bud stadion, kunstgras

Tilskuarar: ca 30
Mål:

0–1 (45) Simen Brennvik

1–1 (77) Rune Aure

1–2 (84) Tommy Kanishi Andreassen

 

Dommar: Geir Hoel, Dahle

Gult kort VVIL: Jørgen Gravdehaug

 

Vestnes Varfjell (4-3-3): Svale Leren; Simen Brennvik, Bjørn-Vegard Løvik, Nirut Mjøs, Thomas André Brastad - Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Svein Erik Lange Male 85.), Alexander Connor - Elling Olafsen, Ronny Leikarnes (Magnus Nerheim 65.), Tommy Kanishi Andreassen

 

Sist oppdatert søndag 18. april 2010 02:40
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå