Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Slo Måndalen 5-0 PDF Skriv ut E-post
fredag 05. februar 2010 14:02
Nicolai Sivertsen
Starta: Nicolai Sivertsen
Vestnes Varfjell spelte vinterens første treningskamp torsdag kveld. Måndalen vart slått 5-0 i Vestnes idrettspark etter skåringar av Magnus Nerheim, Ronny Leikarnes (2), Tommy Kanishi og Simen Brennvik. - Ei grei gjennomkøyring der me hadde god uttelling. Fleire unge spelarar fekk prøve seg, seier trenar Alexander Connor til varfjell.no.

 

I kaldt og fint vinterver sette Magnus Nerheim inn det første målet etter ein corner før kvarteret var gått. Så følgde to litt heldige skåringar ved Ronny Leikarnes og Tommy Kanishi Andrassen slik at det stod 3-0 til pause.

 

Ronny Leikarnes sette inn sitt andre for kvelden etter pause, før Simen Brennvik avslutta til seier 5-0.

 

Sander Valde og Nicolai Sivertsen var nye spelarar på kvar sin back, Magnus Nerheim starta kampen på midtbana, medan Kristian Leikarnes og Justin Sætre kom innpå i andre omgang. 

 

Trenar Alexander Connor oppsummerer kampen slik:

"Greit å få ein kamp 11 mot 11 på stor bane. Til tider bra, men likevel nok å jobbe med fram mot seriestart. Eg er fornøgd med unggutane som fekk sjansen, både dei som starta og dei som kom innpå"

 

Han stod sjøl over og i tillegg er ikkje Tore Akselsen og Nirut Mjøs klar etter skade.

 

Neste avtalte treningskamp er mot Ørskog i mars, men det blir arbeidd med å få til ein eller fleire kampar innan den tid.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Måndalen 5-0 (3-0)

Treningskamp

Vestnes idrettspark, 25 tilskuarar

Torsdag 4. februar 2010 kl 19.30

Mål:

1-0 Magnus Nerheim 

2-0 Ronny Leikarnes

3-0 Tommy Kanishi Andreassen

4-0 Ronny Leikarnes

5-0 Simen Brennvik

Dommar: Johnny Svensli, Vestnes Varfjell

Gult kort: 3 til Måndalen

Vestnes Varfjell (4-4-2): Svale Leren; Sander Valde, Thomas André Brastad, Ørjan Tangen, Nicolai Sivertsen (Simen Brennvik) - Tommy Kanishi Andreassen, Yngve Solevågseide, Jørgen Gravdehaug (Kristian Leikarnes), Magnus Nerheim (Justin Sætre) - Elling Olafsen, Ronny Leikarnes (Oddgeir Vikås) 

Sist oppdatert torsdag 04. februar 2010 23:11
 

Våre sponsorar