Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-3 Åndalsnes
ÅIF

søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Må håpe på Træff-opprykk PDF Skriv ut E-post
søndag 11. oktober 2009 12:07

Image
Jubel for 1-0
Vestnes Varfjell tapte 2-6 mot Træff heime i siste seriekamp i 3. divisjon er avhengig av at nettopp Træff vinn opprykkskvalifiseringa for at det ikkje skal bli nedrykk til 4. divisjon. Averøykameratene gjorde nemleg jobben ved å vinne 5-2 heime mot Eidsvåg. Vestnes Varfjell tok ei tidleg leiing, men fekk mål imot på straffespark like etter. På stillinga 2-3 i andre omgang var det litt spenning, men Træff skåra igjen på straffespark og kunne til slutt kontre inn ein klar seier samtidig som heimelaget satsa meir framover. Støtteapparatet kåra Svein Erik Male til bestemann på heimelaget.
Træff om kampen | Bildegalleri

VarfjellTV: Træff-trenar Erik Brakstad om kampen | Bjørn Vegard Løvik om kampen | Mål 1. omgang | Mål 2. omgang


- Me fekk kampen inn i vårt spor etter ei tidleg skåring, men så gjer me det vanskeleg for oss sjøl ved å miste ballen på midtbana, noko Træff utnyttar, sa Vestnes Varfjell-midtstoppar Bjørn-Vegard Løvik til VarfjellTV etter kampen. Han var ikkje samd dommaravgjersler og nemnte spesielt straffesituasjonane.

- Men me taper mot eit klart betre lag. Træff må likevel heve seg om dei skal vinne i kvalifiseringa, noko me håper at dei gjer, sa Løvik.

Træff-trenar Erik Brakstad er fornøgd med førsteomgang for sitt lag, men meinte det vart meir "rufsete" etter pause. Han meinte kampen bar preg av at den var viktig for begge lag.

- Me skal gje Aalesund 2 god kamp, sjølv om dei på førehand er favorittar, sa Brakstad.

Vestnes Varfjell fekk ein god start i skjebnekampen. Seks minutt var spelt då Ronny Leikarnes sendte i veg eit langskot som Træff-keeperen på underleg vis greide å fomle i eige mål.

Træff-nervane roa seg tolv minutt seinare då laget fekk straffespark etter ei felling av Bjørn-Vegard Løvik. Her fekk Træff lov til å avslutte med skot utanfor, men dommaren såg an fordelen og dømte straffe likevel. Bertil Kjørsvik sette ballen til høgre for Marius Sivertsen i Vestnes Varfjell-målet. No tok Træff over og tok leiinga då Stian Rødal fekk fritt spelerom og auka til 2-1. Rett før pause dukka innbyttar Thomas Flemmen opp på bakre stolpe og heada inn 3-1.

Andre omgang starta med ei Træff-avslutning i stolpen før Vestnes Varfjell skapte dei neste store sjansane. Først eit veggspel mellom Ronny Leikarnes og Bjørn-Vegard Løvik der Løvik til slutt bomma på innlegget frå Leikarnes framføre mål. Så kom ein trippelsjanse etter eit frispark inn i feltet frå Yngve Solevågseide med heading mot mål frå Alexander Connor så heading i tverrliggar frå Svein Erik Lange Male før Ørjan Tangen sitt forsøk blir redda på strek. Vestnes Varfjell-spelarane markerte skåring, men dommarane var ikkje samde. Yngve Solevågseide skapte likevel ny spenning då han sendte eit frispark frå 35 meter over keeper og i lengste hjørne til 2-3.

Dessverre varte håpet like kort tid som i første omgang, for igjen vart det dømt straffespark til Træff, denne gongen etter hands på Ronny Leikarnes ein corner. Kjørsvik sette ballen same stad som første gong og det sto 4-2. Vestnes Varfjell måtte no sende fleire folk i angrep, men greide ikkje å skape all verda. Solevågseide hadde eit godt skot frå kloss hald. Bakover vart det no rom for Træff som skåra ved Rødal og Martin Christensen i sluttminutta til seier 6-2.

AK var oppe i leiing 4-0 like etter pause i sin kamp og til slutt vann 5-2. Vestnes Varfjell måtte dermed ha uavgjort for å halde AK bak på betre målforskjell, men slik gjekk det altså ikkje.

 

Honnør til heile laget for god innsats, men Træff var rett og slett for gode i dag. Sesongen vart avslutta med middag og festleg samkome på Vestnes Fjordhotell.

 

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Træff 2-6 (1-3)

3. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 10. oktober 2009 kl 15.00

Vestnes idrettspark, 85 tilskuarar

Mål:

1-0 (6) Ronny Leikarnes

1-1 (18) Bertil Kjørsvik, str.

1-2 (24) Stian Rødal

1-3 (45) Thomas Flemmen

2-3 (61) Yngve Solevågseide

2-4 (64) Kjørsvik, str.

2-5 (84) Rødal

2-6 (88) Martin Christiansen

Dommar: Helge Roar Åndal, Malmefjorden

Gult kort; Yngve Solevågseide, Vestnes Varfjell (88); Bertil Kjørsvik og Henrik Hjelle, Træff.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Elling Olafsen (Jakob Talberg 50.), Yngve Solevågseide, Alexander Connor - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes, Tommy Kanishi Andreassen.

Sist oppdatert onsdag 21. oktober 2009 22:42
 

Våre sponsorar