Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Håpet lever etter rekordseier borte PDF Skriv ut E-post
laurdag 03. oktober 2009 00:04
Hattrick-helt: Yngve Solevågseide i bussen heim frå Kristiansund. (Foto: Asbjørn Vik)
3 mål: Solevågseide
Vestnes Varfjell slo Dahle med uverkelege 9-2 på bortebane fredag og viste med det at laget vil kjempe til siste slutt for å berge plassen i 3. divisjon. Ynge Solevågseide skåra hattrcik og vart kåra Vestnes Varfjells beste. Kapteinen sette inn to skåringer med hovudet og ein kanon av eit frispark frå 30 meter.

 

Vestnes Varfjell ville mest og var også effektive i flomlyset i Kristiansund fredag kveld. Stillinga ved pause var 3-1 og spelande trenar Alexander Connor følte seg ikkje trygg på seieren før det sto 5-1 tidleg i andre omgang.

 

{seyretpic id=1138 align=center}  {seyretpic id=1129 align=center} 
{seyretpic id=1130 align=center}  {seyretpic id=1131 align=center} 
{seyretpic id=1132 align=center}  {seyretpic id=1133 align=center} 
{seyretpic id=1134 align=center}  {seyretpic id=1135 align=center} 
{seyretpic id=1136 align=center}  {seyretpic id=1137 align=center} 
   

 

- Me forventa ein tøff bortekmap og var heldige som leia 3-1 ved pause, for Dahle hadde nokre store sjanar. I pausen bestemte me oss for å stå saman og sjølvtilliten vekste mellom spelarane etter kvart som måla kom i andre omgang,  seier Connor. Høyr intervju med Connor på skotsk-engelsk i VarfjellTV til glede for våre internasjonale sjåarar. Intervjuar er Alex Connor senior.

 

Slik kom skåringane:

0-1 (14) Ronny Leikarnes. Innlegg frå Tommy Kanshi Andreassen på venstrekanten blir sett kontant i mål frå kloss hald. 

1-1 (15) Andreas Nielsen. Dahle utliknar med ein gong. 

1-2 (21) Yngve Solevågseide. Frispark frå 25 meter rett i mål til venstre for keeper. 

1-3 (29) Tommy Kanishi Andreassen. Venstrekanten gjer alt på eigahand og lurer av halve Dahle-forsvaret før han avsluttar med eit velplassert skot frå 20 meter.

1-4 (50) Elling Olafsen. Midtbanespelaren får klem på eit skot frå 20 meter og ballen går inn ved stolpen. 

1-5 (52) Yngve Solevågseide. Kapteinen skårar sitt andre mål for kvelden på ei heading over keeper etter framspel frå Kanishi. 

1-6 (62) Ronny Leikarnes. Toppskåraren er på rett plass i feltet og styrer vidare i mål eit frispark-innlegg frå Solevågseide. 

1-7 (66) Kanishi Andreassen.   Også Kanishi med to for kvelden. Corneren frå Jørgen Gravdehaug blir stussa vidare i mål.

2-7 (77) Arnt Wenaas. Dahle får eit trøstemål. 

2-8 (79) Yngve Solevågseide. Sjeldant hattrick på midtbanekrigaren. Leikarnes lobbar over keeper, ballen treff stolpen, men Solevågseide er påpasseleg framme og set inn retturen. 

2-9 (81) Simen Brennvik. Innbyttar Magnus Nerheim på raid langs venstrekanten. Innlegget finn Simen Brennvik som set ballen over streken frå 5 meter. 

 

 

Seieren tok laget opp på trygg grunn før kampane laurdag, men er truleg avhengig av å ta poeng også mot opprykksjagande Træff heime i siste kamp.  

 

Dette var den største borteseieren i heile 3. divisjon i år og den største seieren til Vestnes Varfjell gjennom tidene på dette nivået. Ei seier 9-1 mot Vågstranda i gamle 5. divisjon i 1970 er det einaste resultatet på A-lagsnivå som overgår dette på bortebane i seriekamp.

 

 

Kampfakta:

Dahle - Vestnes Varfjell 2-9 (1-3)

3. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 2. oktober 2009 kl 18.45

Dahle kunstgresspark

Mål:

0-1 (14) Ronny Leikarnes

1-1 (15) Andreas Nielsen

1-2 (21) Yngve Solevågseide

1-3 (29) Tommy Kanishi Andreassen

1-4 (50) Elling Olafsen

1-5 (52) Solevågseide

1-6 (62) Ronny Leikarnes

1-7 (66) Kanishi Andreassen

2-7 (77) Arnt Wenaas 

2-8 (79) Solevågseide

2-9 (81) Simen Brennvik

Dommar: Rolf Erik Pedersen, ÅIF

Assistentdommarar: Per Ivar Skrøvset, Bøfjord og Tor Sunde, KFK

Gult kort: Ronny Leikarnes 

Vestnes Varfjell (4-5-1): Marius Sivertsen, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Thomas André Brastad, Martin Lange Sylte - Simen Brennvik, Elling Olafsen (Sondre Akselsen 85.), Yngve Solevågseide, Alexander Connor (Jørgen Gravdehaug 65.), Tommy Kanishi Andreassen (Magnus Nerheim 77.)- Ronny Leikarnes

Sist oppdatert måndag 05. oktober 2009 22:47
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå