Banner

Sesongmeny

Neste kamp
fre., 23. aug. 2019 19:00
Kristiansund FK
KFK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 16. aug. 2019 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

# Team K Mål P
1 Eide 13 16 27
2 KBK 2 12 34 26
3 Dahle 13 15 24
4 Tomref 13 8 23
5 Malmefj. 13 5 23
6 Surnad. 13 0 21
7 Varfjell 13 -5 19
8 Midsund 13 -10 17
9 ÅIF 13 -4 15
10 KFK 13 -11 12
11 Elnesv. 12 -31 8
12 AK 13 -17 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sterk sluttspurt heldt berre til uavgjort PDF Skriv ut E-post
søndag 27. september 2009 01:11

Ronny Leikarnes reduserer til 1-2.
1-2: Leikarnes
Surnadal skåra eit tidleg mål i kvar omgang, men Vestnes Varfjell kom tilbake og sikra 2-2 i 3.-divisjonskampen i Vestnes idrettspark laurdag. Eitt poeng var likevel to for lite til å avansere til trygg grunn på tabellen. Ronny Leikarnes og Tommy Kanishi Andreassen skåra for heimelaget, Jostein Kvenset og Roy Bolme sette inn Surnadals mål. VarfjellTV: Connor om kampen | Surnadal-trenaren om kampen | Bildegalleri |  Surnadal om kampen 

 Program VVIL-Surnadal 2009 Program VVIL-Surnadal 2009 

 

{seyretpic id=1127 align=right}Trenar Alexander Connor var ikkje fornøgd med førsteomgangen og at laget måtte jage etter at gjestane tok leiinga 2-0. 

Tommy Kanishi Andreassen utliknar via Surnadal-bein.
2-2: Kanishi
- Laget viser moral som kjem tilbake og sikrar 2-2. Likevel var eitt poeng for lite og me må kjempe vidare for fleire poeng i dei to siste kampane, sa Connor til VarfjellTV etter kampen.

Sjølv var han ute med tre gule kort og måtte sjå laget sitt komme under 0-1 då Jostein Kvendset snappa opp ei dårleg avklaring frå keeper og sette inn 0-1 etter fem minutt ( video). Resten av omgangen hadde Vestnes Varfjell ballen mest, medan Surnadal hadde fleste store sjansar på kontringar. Like før kvilen var Simen Brennvik svært nære 1-1 då han sendte ballen mot ope mål, men ein Surnadal-spelar fekk rydda unna i siste liten.

Tidleg leing til gjestane ved Jostein Kvendset.
1-0: Kvendset
Andre omgang starta like katastrofalt som den første for heimelaget. Roy Bolme fekk ballen i gåve etter slurv på midtbana frå Vestnes Varfjell, runda ein mann og sette inn 2-0 ( video).

Vestnes Varfjell satsa alt framover etter dette og sendte fram Bjørn-Vegard Løvik som spiss. Ronny Leikarnes reduserte etter eit kvarter etter eit skot frå kloss hald og forarbeid av Ørjan Tangen (video). Så var Simen Brennvik nære på, men fekk ikkje avslutta tidsnok og keeper fekk blokkert på bakre stolpe. Så heada Leikarnes over etter innlegg frå Kanshi Andreassen. Så var det innbyttar Oddgeir Vikås sin tur til å heade over frå god posisjon før Tommy Kanishi Andreassen utlikna til 2-2 på eit frispak som gjekk via eit Surnadal-bein og i mål ( video). Fem minutt før slutt hadde Oddgeir Vikås sjansen til å sikre alle tre poenga, men avslutninga aleine med keeper vart for svak. Alle siste sjanse gjekk til Leikarnes som ikkje rakk opp på innlegget frå Løvik.

Surnadal, som låg 3 poeng føre Vestnes Varfjell held dermed avstanden på tabellen, medan Vestnes Varfjell må vinne ein av sine to kampar for å ha sjans til å avansere til trygg grunn.

Dette var den andre 2-2-kampen på rad heime og Vestnes Varfjell er framleis utan tap på eige kunstgras i haust. Dessverre tapte laget alle kampar heime i vår og det er denne magre poengfangsten som gjer at laget framleis ligg nest sist og d. Dahle borte og Træff heime står att. AK, som er eitt poeng føre, har att Elnesvågen borte og Eidsvåg heime.

På overtid vart det debut på A-laget for Magnus Nerheim, son av Varfjell-legenda Bjarne Nerheim. Ungguten har markert seg positivt på B-laget i år og gjorde ingen feil den korte tida han fekk vere på banen for ein skadd Ørjan Tangen.

Juryen kåra Tommy Kanishi Andreassen til bestemann på heimelaget.

Vestnes Varfjell - Surnadal 2-2 (0-1)
3. divisjon Nordmøre/Romsdal
Vestnes idrettspark, laurdag 26. september 2009 kl 15.50
50 tilskuarar
Mål:
0-1 (5) Jostein Kvendset
0-2 (49) Roy Bolme
1-2 (57) Ronny Leikarnes
2-2 (85) Tommy Kanishi Andreassen
Dommar: Ole Petter Kristiansen, Eide
Assistentdommarar: Rune Johnsen, Isfjorden og Bjørn Myklebust, MFK
Gult kort: Svein Erik Lange Male (35), Thomas André Brastad (90), Jostein Kvendset og Roy Bolme, Surnadal
Vestnes Varfjell 4-3-3: Marius Sivertsen; Ørjan Tangen (Magnus Nerheim 90.), Svein Erik Lange Male (Jakob Talberg 46.), Bjørn-Vegard Løvik, Thomas André Brastad - Jørgen Gravdehaug (Oddgeir Vikås 71.), Yngve Solevågseide, Elling Olafsen - Tommy Kanishi Andreassen, Ronny Leikarnes, Simen Brennvik.

Sist oppdatert måndag 05. oktober 2009 22:51
 

Våre sponsorar

Nyaste videoar

Klikk for å sjå