Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark laur., 19. okt. 2019 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Åndalsnes
ÅIF

Forrige kamp
søn., 13. okt. 2019 15:00
Elnesvågen
Elnesv.
2-1 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 21 58 46
2 Surnad. 21 16 42
3 Eide 21 17 40
4 Dahle 21 20 37
5 Tomref 21 -8 30
6 KFK 21 7 29
7 Malmefj. 21 4 28
8 Midsund 21 -19 26
9 Varfjell 21 -22 22
10 ÅIF 21 -14 21
11 Elnesv. 21 -40 20
12 AK 21 -19 19

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
A-laget: Seieren glapp 5 minutt på overtid! PDF Skriv ut E-post
laurdag 12. september 2009 14:28

Simon Brennvik skårar 1-0-målet. (Foto: GK)
1-0: Brennvik
Det skal ikkje vere lett for Vestnes Varfjell å skaffe poenga som skal sikre ny kontrakt i 3. divisjon. Fredag hadde laget leiinga 2-1 mot opprykksjagande Elnesvågen, men dommaren la til heile fem minutt og i kampens siste angrep utlikna gjestane frå Fræna. Simen Brennvik skåra begge måla for Vestnes Varfjell. ( Video) Stillinga ved pause var 1-0. Vestnes Varfjell forsvarte seg heroisk med ti mann dei siste minutta etter at banas bestemann, Elling Olafsen, fekk sitt andre gule kort. - Utruleg bittert, seier spelande trenar Alexander Connor. Videoar i VarfjellTV: | Video 1-0 | Video 1-1 | Video 2-1 | Video 5 siste minutt og 2-2 | Samandrag 1. omgang | Bildegalleri


- Gutane sto på og hadde fortent å vinne med så kort tid igjen, seier Connor til Varfjell.no. Samtidig legg han til at han hadde vore fornøgd med eitt poeng om nokon hadde spurt han før kampen. No lovar han at laget skal stå like bra i dei siste fire kampane.

Høyr Connor sin kommentar til kampen i VarfjellTV

Høyr Elnesvågen-trenar Kurt Mørkøre sitt syn på kampen

I ein sjansefattig og jamn førsteomgang skåra Vestnes Varfjell det einaste målet fem minutt før pause. Simon Brennvik var sist på ballen etter eit vellukka frispark-trekk der Ørjan Tangen la fram til Tommy Kanishi Andreassen som heada til Brennvik føre målet. Like etter var Ronny Leikarnes nære 2-0, men skotet frå daud vinkel gjekk i stolpen. Før dette skjedde hadde laga berre produsert halvsjansar. Elnesvågen var nærast på eit skot over etter ei utboksing, medan Ronny Leikarnes fekk eit skot blokkert frå kloss hald. Simoen Brennvik hadde ballen i mål, men vart avblåst for angrep på keeper.

Vestnes Varfjell vart pressa bakpå frå start i andre omgang, men forsvarte seg godt anført av Bjørn-Vegard Løvik og Nirut Mjøs i midtforsvaret. Etter tolv minutt glapp det likevel, men Løvik meinar han burde hatt frispark i forkant av 1-1-målet. Seinaren måtte krumtappen ut med ein strekkskade. Det hindra ikkje Vestnes Varfjell å utfordre Elnesvågen på kontringane. 17 minutt var spelt då Brennvik vart tomålsskårar med ein flott lobb over keeper.

Elnesvågen hadde ballen mykje resten av omgangen, men slurva i siste trekk, skaut utanfor eller Sivertsen plukka det som kom. I andren enden hadde Brennvik hadde eit godt skot utanfor, medan Oddgeir Vikås utfordra keeper like før ordinær tid var ute.

Dommar Halvard Rød la til tid mellom anna for to korte skadeavbrekk, og 4.50 på overtida kom utlikninga etter eit innlegg på bakre stolpe. Dermed vart tre kjærkomne poeng gjort om til eit bittert poengtap. Då hadde Vestnes Varfjell spelt i ti minutt med ti mann etter utvisinga av Olafsen.

Eitt poeng hjalp lite for begge laga. Vestnes Varfjell hadde med seier tatt seg over nedrykksstreken før dei andre laga spelar laurdag. Elnesvågen kan no bli passert av Træff i kampen om kvalifiseringsplassen for opprykk.

Laurdag ventar ein tøff bortekamp mot Eidsvåg, eitt av dei andre laga i nedrykksstriden.

Kampfakta:
Vestnes Varfjell - Elnesvågen 2-2 (1-0)
3. divisjon Nordmøre/Romsdal
Vestnes idrettspark
Fredag 11. september 2009 kl 19
Mål:
1-0 (40) Simen Brennvik
1-1 (57) Kjetil Brudseth
2-1 (62) Brennvik
2-2 (90 + 5) Kristian Benjaminsen
Dommar: Halvard Røe, MFK.
Assistentdommarar: Rolf Erik Pedersen, ÅIF og Rune Johnsen, Isfjorden
Raudt kort: Elling Olafsen (2 gule, 84.)
Gult kort: Elling Olafsen og Nirut Mjøs, VVIL, Kristian Benjaminsen og Peter Berg Hestad, Elnesvågen
Vestnes Varfjell (4-3-3): Marius Sivertsen; Ørjan Tangen, Nirut Mjøs, Bjørn-Vegard Løvik (Svein Erik Lange Male 60.), Thomas André Brastad - Alexander Connor (Oddgeir Vikås 81.), Yngve Solevågseide, Elling Olafsen - Simen Brennvik, Ronny Leikarnes (Sondre Akselsen 89.), Tommy Kanishi Andreassen

Sist oppdatert søndag 13. september 2009 21:20
 

Våre sponsorar