Banner
4. divisjon Nordmøre/Romsdal består PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
søndag 10. mars 2019 19:42

Som venta gjekk forbundstinget søndag inn endring i serieordninga, der nedrykket frå 3. divisjon blir redusert frå fire til tre lag. Dermed blir talet på opprykksplassar frå 4. divisjon redusert frå 24 til 18 og Møre og Romsdal må dele på ein plass. Dermed må vinnaren av 4. divisjon Nordmøre/Romsdal ut i kvalik mot nummer ein på Sunnmøre. Fleire kretsar får behalde sine opprykksplassar, mellom anna Trøndelag og Sogn og Fjordane. Vestnes Varfjell var saman med kretsana og fleire klubbar i fylket med på eit tilleggsforslag, men dette vart trekt då det som vart vedtatt omfatta også dette, nemleg at kretsane sjølve skal organisere 4. divisjon. Det opnar for fylkesserie i 4. divisjon seinare, men berre om klubbane sjølv vil det. Meir om fotballtinget her

Sist oppdatert søndag 10. mars 2019 19:48