Banner
Kvass/Ulvungen første treningsmotstandar PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
måndag 18. februar 2019 16:35

Kvass/Ulvungen blir første motstandar i sesongoppkøyringa for Vestnes Varfjell i ein kamp som er avtalt 1. mars. Laget frå Ålvundeid og Ålvundfjord i Sunndal spelte 1-1 mot Surnadal i helga og blir venteleg eit av laga å rekne med i årets 5. divisjon. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier at det vidare er avtalt kamp mot Norborg/Brattvåg 2 4. april. Mellom desse kampane skal laget møte Åndalsnes på dato som enno ikkje er spikra, samt to kampar som truleg blir mot motstand på Sunnmøre, men der dei siste detaljane ikkje er heilt på plass enno.

Sist oppdatert tysdag 19. februar 2019 10:18