Banner
Oppdatert adelskalender: Male passerte 150 kampar PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
måndag 10. desember 2018 18:48

Adelskalenderen for Vestnes Varfjell er oppdatert med kampane for 2018. Her var det berre Svein Erik Male som fekk notert full pott med 22 seriekampar og 1 cupkamp. Han passerte dermed også 150 kampar og fekk saman med Sivert Nerheim (passert 100 kampar). pokal for dette på årsfesten laurdag. Håkon Kjørvik passerte 50 kampar. Av dei som var aktive sist sesong har Yngve Solevågseide spelt flest kampar med 271, fulgt av Elling Olafsen (233) og Tommy Kanishi Andreassen (229). Olafsen og Kanishi er også høgt på toppskårarlista med 127 og 119 mål total. Det er likevel eit stykke fram til duoen på topp: Ronny Leikarnes med 385 kampar og 325 mål og Bjarne Nerheim med 333 kampar og 188 mål. Totalt har 263 spelarar kampar i Varfjell-trøya sidan 1968.

SJÅ HEILE ADELSEKALENDEREN HER

Sist oppdatert måndag 10. desember 2018 19:07