Banner
Ferien over: Møter Midsund borte i kveld PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 10. august 2018 11:47

A-laget møter Midsund på bortebane i første kamp i haustsesongen i kveld klokka 19. Midsund ligg i nedre del av tabellen, men har spelt jamnt heime med fleire av topplaga. Vestnes Varfjell sleit seg til ein 3-1-seier i første møtet mellom laga i vår. Oversikt over tidlegare kampar her. Midsund har spelt 3-3 mot Norborg/Brattvåg 2 i ein treningskamp og er ifølge lokalavisa Midsundingen i rute til haustsesongen. Det er meldt kraftig regn og vind i kveld, men forhåpentlegvis blir det gode speleforhold på ei god grasmatte.

Sist oppdatert fredag 10. august 2018 12:09