Banner
Sissoko matchvinnar i landslagsdebut!! PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
søndag 05. august 2018 17:29

Me gratulerer David Sissoko som søndag historisk som den første gutespelar frå Vestnes Varfjell på landslaget. Han kom innpå i andre omgang mot Kina i ope nordisk meisterskap på Færøyene og skåra like godt kampens einaste mål etter fem minutt på banen. Dermed fekk G16-landslaget ein god start på turneringa. Sissoko hadde også to andre store sjansar etter at han kom innpå. Landslagsstrenar Erland Johnsen seier dette om skåringa til fotball.no: - Han brøytet seg plass mellom stopperne etter en overgang og satte den kaldt og rolig da han kom alene med keeper.

Kampfakta og meir om kampen  kan du lese på NFFs nettsider her.

Neste kamp er mot vertsnasjonen Færøyene tirsdag.

Sist oppdatert søndag 05. august 2018 21:04