Banner
Klart for lokaloppgjer andre pinsedag PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
søndag 20. mai 2018 20:36

Andre pinsedag tek me imot nabo Tomrefjord til det som faktisk er eit toppoppgjør i 4.divisjon. To poeng skil laga. Vestnes Varfjell vann 2-1 i tilsvarande oppgjer i fjor. Eit pussig poeng i år er at Tomrefjord har spelt fleire kampar enn Vestnes Varfjell i Vestnes idrettspark i år (3 mot 2), etter som dei har hatt dette som heimebane til no.

Avspark kl 15. Møt opp, det er open kiosk og elles alt som skal til for ein triveleg dag for fotball.

Sist oppdatert søndag 20. mai 2018 20:50