Banner
Klart for årets første obligatoriske kamp PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
onsdag 21. mars 2018 11:32

Vestnes Varfjell tek i kveld turen til Molde for å spele første kvalifiseringsrunde til NM. Motstandar er Træff, og avspark på Reknesbanen er klokka 19. Træff er naturleg nok store favorittar. Dei spelte jamnt mot Brattvåg frå 2. divisjon (tap 2-3) sist,  medan Vestnes Varfjell tapte 3-6 mot 5.divisjonslaget Langevåg. Vestnes Varfjell var også det siste laget frå 4.divisjon so fekk plass i NM og møter eit av laga frå 3. divisjon som ikkje gjekk rett inn i 1.runde. Sist laget spelte cup, i 2013, vart AK slått ut i tilsvarande runde, mens Herd vart for sterke i runden etter. Varfjell har vore i 1. ordinære runde ein gong, då laget tapte 0-4 borte mot Molde.

Sist oppdatert onsdag 21. mars 2018 11:59