Banner
Frå 3-3 til 3-6, og så rauk hjulet PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 16. mars 2018 17:57

Vestnes Varfjell starta best, men tapte 3-6 til slutt mot Langevåg i ein treningskamp torsdag kveld. Amund Stavem 2 og Elling Olafsen var målskårarar. Stillinga ved pause var 3-3, Varfjell tok leiinga på straffespark og også dei to andre måla kom på dødball. Heimreisa var meir dramatisk enn venta då minibussen mista eit hjul i Blindheimtunnelen. Heldigvis gjekk alt bra og ingen vart skada, seier sportsleg leiar Knut Øyvind Hoem. Sjølve kampen seier han var rotete frå Varfjell si side. Onsdag ventar Træff borte i cupkvalifiseringa.

Laget mot Lanevåg:
Fredrik- Liam – Svein- Adrian- Håkon- Kanishi (Sissoko 60) – Vegard (Jarle 70)- Sivert (Jonas 25min) – Amund – Markus (Eik 60)- Elling
Sist oppdatert laurdag 24. mars 2018 14:40