Banner
Seier i første treningskamp PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
laurdag 17. februar 2018 12:38

Det vart seier 5-0 mot Molde 3 i årets første treningskamp.  Magnus Nerheim og Tommy Kanishi skåra to mål kvar, Sivert Nerheim eitt. Vestnesavisa kallar kampen "ei grei gjennomkjøring". To langskot av Kanishi og Magnus Nerheim gav 2-0 til pause. Vestnes Varfjell hadde full kontroll også i andre omgang, og sette inn tre nye mål. Eit ungt heimelag hadde ballen meir i laget enn i fjor og motstandarane vart springande mykje imellom. Vegard Ellingseter var tilbake i mørekblått og ifølge Vestnesavisa i ei betre trent utgåve enn sist. "En spiller som helt klart vil styrke midtbanen".

Laget: Fredrik Bergslid – Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim,  Liam Connor, Magnus Nerheim – Vegar Skare, Jonas Lervik, Tommy Kanishi Andreassen - Adrian Liabø, Markus Brudeseth (Elling Olafsen 46.), Jarle Løvik Salte (Knut Stian Eik 60.)

Sist oppdatert måndag 05. mars 2018 21:27