Banner
G16 avslutta på sterk 4. plass PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
torsdag 26. oktober 2017 19:21

Det vart tap 0-6 borte mot kretsmester Molde 1 for Vestnes Varfjell G16 torsdag kveld. Det var bekmørkt på gamle KGB under oppvarminga, og mørkt vart med tanke på poeng vart det også då heimelaget gjekk opp til 2-0 tidleg. Ved pause sto det 3-0, og to av måla lukta av offside ifølge engasjerte trenarar og supporterar frå Vestnes. Vestnes Varfjell kom betre med etter pause og både Christer Enger (godt skotforsøk) og David Sissoko (nesten igjennom) hadde sjansen til å redusere. I staden fekk MFK sette inn tre mål også i andre omgang, der det igjen var offsidediskusjon rundt det eine. Dermed 4. plass på sluttabellen for 1. divisjon. Trenar Alexander Connor hadde håpet på ei endå betre plassering. Laget slo Træff 1 i ein knallkamp, men mot både Elnesvågen og Hjelset-Kleive hindra ei endå betre plassering. Mange utsetjingar førte til at laget måtte spele to kampar i veka på slutten, i tillegg til a-kamp for fleire av spelarane. - Me har omtrent ikkje fått trene, og det har vore plaga med skadar og slitne spelarar, seier Connor.

Sist oppdatert torsdag 26. oktober 2017 19:45