Banner
Møter Eidsvåg borte onsdag klokka 18.30 PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
onsdag 11. oktober 2017 12:43

Vestnes Varfjell spelar den utsette bortkampen mot Eidsvåg onsdag kveld. Kampen er utan betydning for nokon av laga. Eidsvåg er alt klare for nedrykk, men vil nok gje alt i eit siste forsøk på å sikre seg årets første< seier. Sjølv om vertane står med berre eitt poeng har laget i mange kampar spelt jamnt lenge med lag langt oppe på tabellen. Det er med andre ord ingen grunn til å ta lett på oppgåva. Vestnes Varfjell vann 3-1 på Vestnes. Oversikt over tidlegare kampar her. Kampen blir oppdatert på Twitter her og sikkert også via 4.-divisjonssida på Facebook.

Sist oppdatert onsdag 11. oktober 2017 19:43