Banner
Serieleiaren på besøk - med Hoseth? PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
fredag 18. august 2017 07:44

KBK 2 er gjestar i Parken i kveld. Reservene til eliteserielaget satsar hardt på opprykk og det er alltid spennande å sjå kor mange frå a-stallen som dukkar opp. Magne Hoseth vart klar for klubben på siste dag av overgangsvinduet. Veteranen treng kamptrening. Dukkar MFK-legenda opp i kveld? Den som møter opp får sjå. Kampstart 19.00. Siste: I den (foreløpige?) troppen på fotball.no er ikkje Hoseth med. Derimot tre andre veteranar, alle med godt over 100 a-kampar for KBK: Tor Erik Torske, Erlend Sivertsen og Andreas Rødsand.

Sist oppdatert fredag 18. august 2017 07:56