Banner
Opnar borte mot Eide, lokalderby 16. mai PDF Skriv ut E-post
Skrive av administrator   
onsdag 18. januar 2017 18:35

Fotballkretsen har sendt ut forslag til speleplan for 4. divisjon. Vestnes Varfjell får ein tøff start med bortekamp mot Eide fredag 21. april, heimekamp mot Averøykameratene 28. april og bortekamp mot KBK 2 i dei tre første kampane. 16. mai blir det durabeleg lokaloppgjer borte mot Tomrefjord, tør me håpe på reprise av det sagnomsuste oppgjeret i 1990 då Varfjell vann 1-0 mot alle odds? Litt overraskande at kretsen har sett opp full runde 16. mai då Molde skal spele heime mot Sogndal same kveld. Kamptidspunkt kan bli endra på terminlistemøtet i februar.