torsdag 28. februar 2019 21:40 |
Vestnes Varfjell spelar sin første treningskamp for vinteren fredag. Motstandar er ikkje Kvass/Ulvungen som først meldt, men Måndalen. Avspark er klokka 19 i Vestnes idrettspark.
|
måndag 18. februar 2019 16:35 |
Kvass/Ulvungen blir første motstandar i sesongoppkøyringa for Vestnes Varfjell i ein kamp som er avtalt 1. mars. Laget frå Ålvundeid og Ålvundfjord i Sunndal spelte 1-1 mot Surnadal i helga og blir venteleg eit av laga å rekne med i årets 5. divisjon. Vestnes Varfjell-trenar Alexander Connor seier at det vidare er avtalt kamp mot Norborg/Brattvåg 2 4. april. Mellom desse kampane skal laget møte Åndalsnes på dato som enno ikkje er spikra, samt to kampar som truleg blir mot motstand på Sunnmøre, men der dei siste detaljane ikkje er heilt på plass enno.
|
fredag 15. februar 2019 23:22 |
Grunna ny arbeidssituasjon har angrepsspelar Markus Brudeseth (21) valgt å returnere til ÅIF.  - Varfjell vil takke han for innsatsen, og ønsker han lukke til vidare. Vi tror nok at vi får sjå han i marineblått igjen om ikkje altfor lenge. Med bakgrunn i dette vil vi no jobbe vidare med å finne ein erstattar for Markus, seier trenar Alexander Connor.
Måndalingen kom til Varfjell før 2017-sesongen og står med 39 kampar og 17 mål.
|
fredag 15. februar 2019 23:18 |
Onsdag 13.februar var det klart for kvalifiseringskamp for NM G16 mellom Vestnes Varfjell G16 11’er og Træff på Vestnes stadion. Træffguttene hadde gjort rent i serien sin i fjorårets sesong, og ble av guttene definert som et SVÆRT godt lag.Nervene var derfor til å ta og føle på hos flere av guttene våre, men etter 17 minutt og et fantastisk samspill banket William Honningdal inn vårt 1.mål. Utover i 1.omgang hadde vi mye fint spill, og flere store målsjanser, men vi gikk til pause på 1-0.I 2.omgang var Træff mer med i kampen, men grunnet blant annet et robust forsvar og en iskald keeper var det ingen av angrepene fra Træff som endte med mål til gjestene. Vi fikk etterhvert kjenne på frustrasjonen til motstanderne, og spillet ble tidvis unødvendig stygt. I det 74. minutt satte igjen William ballen i nettet bak Træff-keeperen og stillinga var da 2-0 til oss. Træff fikk rett etter dette straffe, og keeperen vår så med ett relativt liten ut i det store 11’målet. Keeperfantomet Owen var full i adrenalin og reddet straffen på mesterlig vis til Træffs store sorg. Rett i etterkant av dette satte Eirik Tomren inn vårt 3.mål og lufta gikk i stor grad ut av motstanderne våre. Flott innsats av samtlige gutter i dag, tidvis spilte vi Træff i senk på tempo, samspill og teknikk . God arbeidsmoral og positive gutter på stadion i kveld. Lover bra for sesongen videre.
I første omgang venter ny motstander i NM G16, det blir borte mot Brattvåg mandag 4. mars kl 19.
|
fredag 15. februar 2019 23:16 |
Det er gjort fleire endringar på terminlista for 4. divisjon. Lokaloppgjeret mot Tomrefjord er flytta frå 18. til 16. mai. Dermed blir det kamp på fotballens festdag likevel!
|
søndag 27. januar 2019 14:58 |
Vestnes Varfjell Fotball har gleden av å meddele at vi stiller 2.-lag i 6. divisjon i 2019. Trener blir Cato Andreassen med Jørgen Hovde som assistent. Laget vil bestå av en fin mix av ungdom og litt eldre ungdom/voksne som har hatt noen treninger allerede. Vi ser frem til mye fotball i Vestnes Idrettspark i 2019.
Styret i VVIL Fotball
Â
|
måndag 21. januar 2019 16:30 |
Vestnes Varfjell er sett opp med første kamp heimekamp mot Malmefjorden i forslaget til terminliste for 4. divisjon Nordmøre/Romsdal. Seriestart er fredag 22. april. Midsund ventar borte i andre runde. Det blir ikkje runde 16. mai i år, men første lokaloppgjeret mot Tomrefjord er sett opp i Vestnes idrettspark 18. mai. Også i år vil dei to laga frå Vestnes ha mange heimekampar samtidig, noko som er synd for publikum som vil sjå begge. Heile oppsettet her.
Vestnes Varfjell sine kampar:
Â
22.04.2019 |
mandag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Malmefjorden |
26.04.2019 |
fredag |
19.00 |
Midsund |
- |
Vestnes Varfjell |
03.05.2019 |
fredag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
KFK |
10.05.2019 |
fredag |
19.00 |
Eide og Omegn FK |
- |
Vestnes Varfjell |
18.05.2019 |
lørdag |
15.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Tomrefjord |
25.05.2019 |
lørdag |
15.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Surnadal |
31.05.2019 |
fredag |
19.00 |
Averøykameratene |
- |
Vestnes Varfjell |
07.06.2019 |
fredag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Dahle |
14.06.2019 |
fredag |
19.30 |
Kristiansund BK 2 |
- |
Vestnes Varfjell |
21.06.2019 |
fredag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Elnesvågen |
28.06.2019 |
fredag |
19.00 |
Ã…ndalsnes |
- |
Vestnes Varfjell |
09.08.2019 |
fredag |
19.00 |
Malmefjorden |
- |
Vestnes Varfjell |
16.08.2019 |
fredag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Midsund |
23.08.2019 |
fredag |
19.30 |
KFK |
- |
Vestnes Varfjell |
30.08.2019 |
fredag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Eide og Omegn FK |
06.09.2019 |
fredag |
18.30 |
Tomrefjord |
- |
Vestnes Varfjell |
14.09.2019 |
lørdag |
15.00 |
Surnadal |
- |
Vestnes Varfjell |
20.09.2019 |
fredag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Averøykameratene |
27.09.2019 |
fredag |
19.00 |
Dahle |
- |
Vestnes Varfjell |
04.10.2019 |
fredag |
19.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Kristiansund BK 2 |
13.10.2019 |
søndag |
15.00 |
Elnesvågen |
- |
Vestnes Varfjell |
19.10.2019 |
lørdag |
15.00 |
Vestnes Varfjell |
- |
Ã…ndalsnes |
Â
|
onsdag 26. desember 2018 18:12 |
Laget "Simon e redd" med spillere fra Tomrefjord og Vesnes Varfjell og med Brattvåg Simon Tomren på laglederbenken vant Kjetil Rekdals juleturnering 2018. De slo Heskey Town 3 - 1 i finalen i Vestneshallen 2. juledag. Vinnerlagets Tommy Kanishi ble turneringas toppskårer med åtte mål, mens Bendik Ødegård ble kåret til beste spiller.
Se video fra finalen og en annen kamp her.
Se bildegalleri fra turneringa her.
Foto: Asbjørn Vik
|
søndag 23. desember 2018 00:00 |
Varfjell.no ønskjer alle våre lesarar ei riktig god jul! Velkommen til Vestneshallen 2. juledag.
|
laurdag 22. desember 2018 21:25 |
Kampoppsettet for Kjetil Rekdal juleturnering er klart. Velkommen i Vestneshallen andre juledag
Â
hele oppsettet under:
Â
|
Les meir…
|
måndag 17. desember 2018 18:19 |
Fleire lag i 4. divisjon får nye trenarar neste år, og det er kjente namn som vil sette sitt preg på avdelinga. Lasse Olsen byttar frå AK til Tomrefjord der Gunnar Eik gir seg etter fleire suksessrike sesongar. Samtidig er Kjell Inge Vågen klar for Elnesvågen. Frå før er det klart at dei tidlegare MFK-trenarane Odd Berg skal trene Eide og Erik Brakstad skal trene Midsund. Andreas Røsand blir spelande trenar i KFK og Malvin Husby er tilbake som sjef for AK.
Â
Vestnes Varfjell var ein plass unna, men desse laga i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal får spele NM-kvalik i 2019:
Eide
Tomrefjord
Surnadal
Ã…ndalsnes
Averøykameratene
Kristiansund FK
Â
Sunndal skal også inn i 1. kval-runde medan Molde, Kristiansund BK og Træff går rett inn i 1. runde.
|
måndag 10. desember 2018 18:48 |
Adelskalenderen for Vestnes Varfjell er oppdatert med kampane for 2018. Her var det berre Svein Erik Male som fekk notert full pott med 22 seriekampar og 1 cupkamp. Han passerte dermed også 150 kampar og fekk saman med Sivert Nerheim (passert 100 kampar). pokal for dette på årsfesten laurdag. Håkon Kjørvik passerte 50 kampar. Av dei som var aktive sist sesong har Yngve Solevågseide spelt flest kampar med 271, fulgt av Elling Olafsen (233) og Tommy Kanishi Andreassen (229). Olafsen og Kanishi er også høgt på toppskårarlista med 127 og 119 mål total. Det er likevel eit stykke fram til duoen på topp: Ronny Leikarnes med 385 kampar og 325 mål og Bjarne Nerheim med 333 kampar og 188 mål. Totalt har 263 spelarar kampar i Varfjell-trøya sidan 1968.
SJÃ… HEILE ADELSEKALENDEREN HER
|
søndag 09. desember 2018 11:41 |
Klikk for å sjå
Â
Tommy Kanishi tok storeslem då årets fotballprisar vart delt ut laurdag. Kapteinen vart både årets toppskårar og årets spelar. Liam Connor vart årets unge spelar. Svein Erik Lange Male (150) og Sivert Nerheim (100) fekk pokal for runde kamptal. Sjå opptak frå festen med Bernt Hulsker som konferansier i VarfjellTV ved å klikke på bildet over. Foto: Asbjørn Vik
|
tysdag 04. desember 2018 17:03 |
Sesongstatistikken for 2018-sesongen er omsider ajourført. Den viser at Svein Erik Lange Male spelte flest kampar med 23, inkludert cupkampen mot Træff. Midstopparen var på banen i alle kampar i årets 4. divisjon. Han starta sesongen med to korte innhopp, men spelte 90 minutt i alle kampar etter det. Fredrik Bergslid sto over ein kamp, men målvakta spelte likevel fleire minutt enn Male. Kaptein Tommy Kanishi stoppa på 20 kampar før han dro på ferie i sesongavslutninga, men heldt unna på topåskårarlista med sine 13 fulltreffarar. Amund Stavem, som gjekk glipp av fem kampar grunna skade, kom nærast med 10. Totalt var 23 spelarar i aksjon i årets sesong. Tre unge spelarar fekk sin debut på A-laget: Arjan Sylte, Daniel Gravdehaug og Audun Løkke. I tillegg til seriekampane tel også cupkampen mot Træff med på adelskalenderen. Den vil bli offentleggjort etter spelarar som har nådd runde kamptal får sin heider på årsfesten laurdag. Då skal også årets spelar stemt fram av spelarane sjølve kårast og årets unge spelar kåra av trenar og støtteapparat. LES HEILE STATISTIKKEN HER
|
|
|
|
|
Side 8 av 258 |