Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
laur., 14. mar. 2020 00:00
Herd
Herd
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

tor., 27. feb. 2020 19:00
Emblem
Embl
3-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Tap for andrelaget
fredag 10. mai 2019 19:23

Vestnes Varfjell 2 tapte torsdag 1-5 heime mot Hjelset-Kleive 2 i 6. divisjon. Kay Connor skåra heimelagets einaste mål i kampen. Den avbrotne kampen mot Måndalen 2 blir for øvrig ståande med resultatet 4-0 slik stillinga var då snø stoppa kampen ved pause. SJÅ VIDEO FRÅ ANDRE OMGANG I VARFJELL-TV. Foto: Asbjørn Vik

Add a comment
 
Senka KFK med kontringsstyrke og god keepervikar
fredag 03. mai 2019 20:05

Vestnes Varfjell vann 3-1 også i sin andre heimekamp for året, men måtte kjempe hardt for poenga då laget møtte Kristiansund FK fredag. Heimelaget hadde skade både på førstekeeper Fredrik Bergslid og andrekeeper Fredrik Nakken. Dermed måtte Erling Magne Slemmen finne fram keeperhanskane. Han spelte ein praktkamp og vart kåra til lagets bestemann.

Det vart ein kamp der gjestane styrte mykje av spelet, men der Vestnes Varfjell var livsfarleg på kontringar. Det første målet kom etter ei slik. Amund Stavem sendte igjennom Tommy Kanishi som sette ballen til side for keeper. KFK utlikna på direkten på det som såg ut som eit innlegg som gjekk rett i mål. Linjedommaren var oppe med flagget for det som såg ut som ein spelar i offsideposisjon som uroa keeper, men dommaren dømte mål. 1-1 sto seg til pause. Rett etter kvilen var Ørjan Tangen frampå etter eit frispark frå Amund Stavem, og det sto 2-1. 3-1 kom etter eit mønsterangrep der Kanishi la tilbake til Stavem som plasserte ballen forbi keeper.

Varfjell ville også ha straffe i 2. omgang då Stavem vart felt, men dommaren meinte frispark på 16-meterstreken burde halde.

Gjestane kjempa på for å komme tilbake i kampen, men forsvaret med Svein Erik Lange Male i spissen og ein god keepervikar i veteranen Erling Magne Slemmen heldt unna den siste halvtimen pluss seks tilleggsminutt. Nærast var Jan Roger Angvik, men Magnus Nerheim fekk rydda unna i siste liten då ballen var på veg inn ved stolpen, Kampen utarta litt på slutten med mange frispark og gule kort til slitne spelarar på begge lag.

Snøværet i det siste skapte ingen problem og 45 tilskuarar fekk sjå ein spennande kamp i denne kjølige mai-kvelden.

Kay Connor debuterte på A-laget då han kom innpå på slutten.

Neste kamp er borte mot Eide.

Laget: Slemmen; Kjørvik, Tangen, Male, Nerheim (Eik) - Stavem, Mjøs, Ellingseter - Larsen (K Connor), Kanishi, Skare

Add a comment
 
Møter Kristansund fredag klokka 19
torsdag 02. mai 2019 16:26

Vestnes Varfjell tek imot Kristiansund FK til kamp i 4. divisjon fredag kveld. KFK har tapt sine to første kampar, og er nok svært sugne på å ta sine første poeng i kveld. Laget er i år forsterka med to erfarne målskårarar på topp i Jan Roger Angvik og Bjørnar Bugge. Ny trenar er Andreas Rødsand, som kjem frå KBK. Tilsvarande oppgjer i fjor endte med heimeseier 1-0. Oversikt over tidlegare møter her. Møt fram og støtt heimelaget i kampen om poenga.

Add a comment
 
Snø stoppa kamp for Vestnes Varfjell 2
torsdag 02. mai 2019 19:03

Vestnes Varfjell 2 møtte Måndalen i sin andre kamp i 6. divisjon torsdag kveld, men snøfall skapte trøbbel og kampen vart stoppa ved pause. Måndalen leia då 4-0. Trenar for Varfjell 2, Cato Andreassen, seier dei har fått beskjed om at kampen etter reglane skal spelast ferdig seinare med same mannskap. Andreassen meiner dette blir vanskeleg å gjennomføre i praksis og meiner at resultatet berre kan bli ståande. Foto: Tommy Kanishi Andreassen

Add a comment
 
Rib-a for alle poenga fem minutt på overtid
fredag 26. april 2019 22:00

Det var kvelden då det meste gjekk galt for Vestnes Varfjell som rota vekk ei tilsynelatande trygg leiing og måtte reise heim frå Midsund utan poeng: Motorstopp, skadd målvakt og brent straffespark var berre nokre av ingrediensane for eit bortelag som stilte i nye bortdrakter i den gamle Varfjell-fargen oransje.

EIT LITE BILDEGALLERI OG VIDEO AV DEN AVGJERANDE SKÅRINGA HER

Det var ikkje lett å få med seg full tropp til Otrøya fredag kveld. Vegar Skare var utelukka og sat i Oslo medan SAS-pilotane streika. Elling Olafsen hinka rundt på krykker etter overtrakk i første kamp, medan Nirut Mjøs var på jobb som langtransportsjåfør og måtte ha alternativ transport over fjorden. Ein hurtiggåande rib skulle ta han til Midsund, men båten fekk motorstopp på fjorden! Riben vart slept til ferjekaia i Solevågen og Mjøs var ikkje på plass på Midsund stadion før i pausen. Mjøs bidrog til å løfte laget i ein tung periode då han kom innpå, men for å gjere ulukkekvelden komplett var det "sjølvsagt" Mjøs som laga frispark fem minutt på overtid som den heimvendte Træff-spelaren Emil Sjøvik skrudde over muren og i mål.

I mellomtida hadde målvakt Fredrik Bergslid kasta inn handkledet tidleg med ein strekkskade i skuldra. Dermed var det duka for debut for Fredik Svensli Nakken mellom stengene. Så snudde lukka tilsynelatande. Vestnes Varfjell var nemleg klart best på den humpete vårbana i første omgang. Tommy Kanishi var spelt igjennom av Knut Stian Eik og sette ballen kontrollert forbi keeper til leiing 1-0 etter eit kvarter. Ti minutt seinare auka same mann til 2-0. Denne gongen etter assist frå Juan Rikard Larsen før kapteinen tverrvendte og sette ballen utagbart i motsett hjørne. Så tråkla Amund Stavem seg igjennom og Midsund-forsvaret hadde ikkje anna gjere enn å felle han. Stavem tok straffen sjølv, men Hermann Ræstad, som har vore juniorkeeper i Molde, redda. I staden for 3-0 og punktert kamp, fekk Midsund ei gåvepakke rett før pause. Den gamle storskåraren John Arne Øien let seg ikkje be to gongar og sette inn reduseringa frå 15 meter.

Dermed vart pausepraten lettare for Midsund-trenar Erik Brakstad, mannen som mellom anna leia Molde mot Real Madrid i Champions League. Denne gongen var motstanden av eit anna kaliber og Brakstad må ha fått spelarane sine til å tru at det var muleg å få noko ut av denne kampen. No skulle det slåast langt og kjempast. Vestnes Varfjell fekk lite til etter pause, men heimelaget skapte heller ikkje mykje før Erlend Blø plutseleg var igjennom om utlikna med kvarteret att å spele. Øien hadde også ein stor sjanse til å avgjere like før slutt, før kampen altså vart avgjort langt inn i overtida.

Kanishi var viktig med sine to skåringar, men me gir bestemannsprisen til backen Håkon Kjørvik, oppofrande og god i duellane kampen igjennom.

Neste kamp er heime mot KFK fredag.

KAMPFAKTA

Midsund - Vestnes Varfjell 3-2 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 26. april 2019 kl 19

Midsund stadion, 100 tilskuarar

Mål:

0-1 (15) Tommy Kanishi Andreassen

0-2 (26) Tommy Kanishi Andreassen

1-2 (43) John Arne Øien

2-2 (74) Erlend Blø

3-2 (90 + 5) Emil Sjøvik

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Gult kort: Audun Løkke (80) og Nirut Mjøs (90), Vestnes Varfjell; Johannes Sjøvik (36) og Lars Erik Haugen, Midsund

Vestnes Varfjell (4-3-3: Fredrik Bergslid (Fredrik Svensli Nakken 8.); Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Arjan Sylte (Nirut Mjøs 55.) - Magnus Nerheim, Vegard Ellingseter, Amund Stavem - Knut Stian Eik (Audun Løkke 63.), Tommy Kanishi Andreassen, Juan Rikard Larsen

Add a comment
 
Møter Midsund borte fredag
fredag 26. april 2019 11:20

Vestnes Varfjell tek turen til Otrøya for å møte Midsund i årets første bortekamp fredag kveld. Begge lag vann i serieopninga, Midsund med imponerande 4-2 borte mot Tomrefjord. Erik Brakstad, som mellom anna har trent Molde mot Real Madrid i Champions League, er ny trenar for Midsund. Laget er også er forsterka med Emil Sjøvik som har returnert frå Træff og målvakt Hermann Ræstad frå Molde. Den gamle storskåraren John Arne Øien er også med for fullt. For Vestnes Varfjell er Vegar Skare ute grunna jobb, medan Elling Olafsen er i troppen sjølv om han måtte ut tidleg med skade sist. Også Knut Stian Eik er tilbake i troppen. I fjor vart det tap i tilsvarande kamp som vart prega av regn og overvatn. Det blir det ikkje i kveld. Det er meldt sol og 18 varmegrader og truleg strøken grasmatte. Kampen blir oppdatert på Twitter.

Add a comment
 
Opna sesongen med seier
måndag 22. april 2019 20:13

Vestnes Varfjell sleit lenge mot eit godt Malmefjorden-lag i serieopninga i 4. divisjon, men vann til slutt 3-1. Gjestane tok fortent leiinga før pause, før Svein Erik Lange Male utlikna etter ein corner. I andre omgang var Vestnes Varfjell farlegast og Amund Stavem sytte for 2-1 frå straffemerket før Tommy Kanishi avslutta til 3-1.

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

Gjestane frå Fræna, forsterka i år med fleire gode studentar frå høgskolemiljøet i Molde, starta kampen med eit lite overtak. Vestnes Varfjell, som forsøkte eit nytt spelesystem, fekk lite til å stemme og måtte også bytte spiss tidleg då Elling Olafsen fekk ein skade. Erstattar Juan Rikard Larsen fekk den første store sjansen for heimelaget då han sette ballen over frå god posisjon etter 22 minutt. Like etter tok Malmefjorden leiinga då Fredrik Aas Røkkum fekk fulltreff og ballen fauk i mål bak Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid.

Utlikninga kom etter fleire store sjansar. Først sendte Kanishi eit frispark via ein motstandar i tverrliggaren og over. Det påfølgande hjørensparket var Nirut Mjøs først på, men igjen trefte ballen tverrliggaren. Svein Erik Lange Male var først på returen og sørga for 1-1. Malmefjorden varta opp med eit par gode forsøk etter dette, medan Vegar Skare var nære på å sende vidare i mål eit sleivskot frå Amund Stavem. 1-1 sto seg til pause.

Vestnes Varfjell starta best etter kvilen, no med Kanishi på topp. To minutt var spelt då kapteinen kom åleine igjennom, men avslutninga traff stolpen. Så hadde Juan Larsen eit forsøk like over, same skjebne hadde forsøk frå Malmefjorden i andre enden. Etter 16 minutt skjedde det ein situasjon som førte til diskusjonar. Dommaren dømte fordel då Amund Stavem var på veg igjennom,. Han vart felt igjen, denne gongen innanfor 16-meteren, men dommaren valgte no å blåse for den første situasjonen. Frisparket tok Kanishi, men keeper redda. Ti minutt etter sendte Stavem Kanishi fri på nytt, men igjen redda keeper. Vegard Ellingseter var først på returen, men igjen blokkerte Preben Lyngstad, som har returnert til Malmefjorden frå Træff.

Vestnes Varfjell hadde no taket på gjestane som virka slitne utover i omgangen. Kanishi kom på nytt raid, og denne gongen vart det blåst straffe. Keeper Lyngstad svarte med å gå etter Kanishi, noko som endte med gult kort til begge. Amund Stavem sette straffesparket kontant i mål med ti minutt igjen å spele. Kanishi var ikkje ferdig for kvelden og då han igjen kom aleine, sette han ballen kontant forbi kamphane Lyngstad til 3-1 og til jubel for dei rundt 120 som hadde funne vegen i påskesola. Flott oppmøte og eit flott resultat.

Målvakt Fredrik Bergslid storspilte og fekk bestemannsprisen frå den lokale juryen i sterk konkurranse med Kanishi. Særleg i andre omgang viste kapteinen kor viktig har er for dette laget. Amund Stavem som frustrete Malmefjorden-forsvaret. Nirut Mjøs og Vegard Ellingseter var tilbake i laget og viste at dei blir nyttige tilvekster denne sesongen.

Neste kamp er borte mot Midsund som måndag vann 4-2 borte mot Tomrefjord.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Malmefjorden 3-1 (1-1)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Måndag 22. april 2019 kl 19

Vestnes idrettspark, 120 tilskuarar

Mål:

0-1 (26) Fredrik Aas Røkkum

1-1 (38) Svein Erik Lange Male

2-1 (80) Amund Stavem, straffespark

3-1 (83) Tommy Kanishi Andreassen

Dommar: Nils Myrvang, Batnfjord

Gult kort: Vegar Skare (20) og Tommy Kanishi Andreassen (79), Vestnes Varfjell; Preben Gjerdseth Lyngstad (79), Malmefjorden

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Vegard Ellingseter, Vegar Skare, Nirut Mjøs - Amund Stavem, Elling Olafsen (Juan Rikard Larsen 14.), Tommy Kanishi Andreassen

Add a comment
 
Seriestart: Møter Malmefjorden andre påskedag
søndag 21. april 2019 14:44

Måndag andre påskedag er ventetida over. Då tar Vestnes Varfjell imot Malmefjorden i serieopninga i 4. divisjon. Vestnes Varfjell har i vinter mellom anna mista angripar Markus Brudeseth til Åndalsnes og målvakt Fredrik Bergslid til Træff (blir lånt tilbake i vårsesongen), medan midtstoppar Nirut Mjøs er tilbake i laget. Treningskampane har vore varierande med tap mot Hjelset-Kleive som det svakaste, men dei to siste gav sigrar mot Elnesvågen (3-0) og Norborg/Brattvåg 2 (4-1).

Åretsa første motstandar er altså Malmefjorden, eit lagt som starta med å toppe tabellen i fjor, men til slutt endte på nedre halvdel. Samarbeidet med Ekko/Aureosen er avslutta, men dei beste blitt med vidare. Laget har også henta ein keeper tilbake frå Træff og fått forsterkingar både frå Molde og Trondheim, les med på klubbens Instagram-konto. I tillegg har dei eit par studentar i laget som har spelt på høgt nivå tidlegare. Det er med andre ord ein tøff mostandar som ventar i første serierunde.

Møt opp og hei heimelaget fram i kampen om årets første poeng. Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 19.

Add a comment
 
Før seriestart i 4. divisjon: Kanishi skryt av lagkamerat
søndag 21. april 2019 14:20

Romsdals Budstikke har i ein serie på Rbnett (krev abonnement) snakka med profilar i alle dei tolv klubbane i årets 4. divisjon Nordmløre/Romsdal. Vestnes Varfjell-kaptein Tommy Kanishi Andreassen er mellom dei som har svart på spørsmål. Han utnemner Christoffer Folland (AK) og Arn Erik Brakstad (Eide) som dei beste spelarane i divisjonen, men trekker også fram lagkamerat Amund Stavem som "utstoppleg når han er i form". I Tomrefjord er det Erlend Søberg som har svart, og han utropar like godt Kanishi til avdeklingas beste og gjer ein viktig jobb på det kan omtalar som eit "middelmådig" Vestnes Varfjell-lag. Begge ser mest fram til lokaloppgjeret 16. mai.

Add a comment
 
Bergslid til Træff, men blir lånt tilbake
søndag 21. april 2019 13:58

Like før seriestart kjem meldinga om at Vestnes Varfjell-målvakt Fredrik Sivertsen Bergslid har skreve under for 3.-divisjonsklubben Træff. Ungguten har gjort det godt mellom stengene dei siste sesongane, noko som har blitt oppdaga på andre sida av fjorden. Heldigvis har Træff gått med på å låne han tilbake, i første omgang ut vårsesongen. - Kva som skjer vidare er usikkert, men me håper at låneavtalen blir forlenga. Viss ikkje må me ut og finne ei ny målvakt, seier trenar Alexander Connor til varfjell.no.

Add a comment
 
Seier mot Norborg
torsdag 04. april 2019 21:30

Vestnes Varfjell slo Norborg/Brattvåg 2 4-1 i ein treningskamp i Vestnes idrettspark tirsdag. Målskårarar var Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andersson, Svein Erik Lange Male og Knut Stian Eik. Laget frå Haram rykka opp i 4. divisjon på Sunnmøre sist sesong. Meir seinare.

Add a comment
 
Seier mot Elnesvågen
onsdag 27. mars 2019 11:03

Vestnes Varfjell vann måndag 3-0 mot Elnesvågen i ein treningskamp. Sist veke vart det tap 4-6 mot Hjelset-Kleive. Meir info kjem seinare. Neste kamp er mot Norborg 4. april.

Add a comment
 
4. divisjon Nordmøre/Romsdal består
søndag 10. mars 2019 19:42

Som venta gjekk forbundstinget søndag inn endring i serieordninga, der nedrykket frå 3. divisjon blir redusert frå fire til tre lag. Dermed blir talet på opprykksplassar frå 4. divisjon redusert frå 24 til 18 og Møre og Romsdal må dele på ein plass. Dermed må vinnaren av 4. divisjon Nordmøre/Romsdal ut i kvalik mot nummer ein på Sunnmøre. Fleire kretsar får behalde sine opprykksplassar, mellom anna Trøndelag og Sogn og Fjordane. Vestnes Varfjell var saman med kretsana og fleire klubbar i fylket med på eit tilleggsforslag, men dette vart trekt då det som vart vedtatt omfatta også dette, nemleg at kretsane sjølve skal organisere 4. divisjon. Det opnar for fylkesserie i 4. divisjon seinare, men berre om klubbane sjølv vil det. Meir om fotballtinget her

Add a comment
 
Tok leiinga 2-0, men tapte
torsdag 07. mars 2019 20:41

Det blei tap 3-4 i torsdagens treningskamp mot divisjonskollega Åndalsnes i Vestnes idrettspark. Vestnes Varfjell gikk opp i leiinga 2-0 før ÅIF kom tilbake og snudde kampen.  Knut Stian Eik, Tommy Kanishi og Elling Olafsen skåra måla.

Connor om kampen:

Vi har hatt en del skader og sjukdom, så nå når vi begynte å få litt flere folk tilbake, så var det kjekt å få ei avveksling fra den vanlige treningskvardagen med en treningskamp. I forhold til treninger har vi den siste perioden hatt fokus på det offensive og syns vi fikk vist dette. Spesielt i første omgang hadde vi noen gode overganger. Utover i kampen har vi dårligere struktur og er dårligere i presset, sånn at ÅIF totalt sett, er nok litt bedre enn oss i andre omgang. Men alt i alt en grei gjennomkjøring mot en god divisjonskollega, der begge lag har nok en del å gå på.

Laget: (4-4-2) Fredrik Nakken- Håkon Kjørvik - Magnus Nerheim – Svein Erik Male (Arjan Sylte 79m) – Ørjan Tangen – Amund Stavem – Tommy Kanishi – Vegar Skare – Nirut Mjøs – Knut Stian Eik (Audun Løkke 70m)  - Elling Olafsen (Jonas Lervik 65m)

Mål:

14 min: 1-0 Kanishi

20 min: 2-0 Knut stian

33 min: 1-2 Markus Brudeseth

53 min: 2-2 Åif

65 min: 2-3 Åif

80 min: 3-3 Elling

85 min 3-4 Åif

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 6 av 257

Generalsponsor

sbmoreny.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

vikelektro-logo.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer