Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Vestnes Idrettspark tys., 04. feb. 2020 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Blindheim
Blindheim

Bane: Vestnes Idrettspark tor., 20. feb. 2020 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
--- Forhånds
Rollon
Rollon

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 56 46
2 Eide 22 19 43
3 Surnad. 22 14 42
4 Dahle 22 22 40
5 KFK 22 9 32
6 Malmefj. 22 7 31
7 Tomref 22 -11 30
8 Midsund 22 -21 26
9 Varfjell 22 -22 23
10 ÅIF 22 -14 22
11 AK 22 -16 22
12 Elnesv. 22 -43 20

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Stortap mot Eide
fredag 10. mai 2019 19:33


Det vart ein tung bortekamp for Vestnes Varfjell mot eit av dei antatte topplaga i divisjonen, Eide, fredag. 7-1 sto det til slutt, utan at resultatet gir eit heilt korrekt bilde av kampen sjølv om Eide var betre. Vestnes Varfjell måtte stille med utspelar Knut Stian Eik i mål og starta i tillegg kampen med å skåre eit tidleg sjølvmål. Magnus Nerheim utlikna til 1-1 i ein god Varfjell-periode før pause der laget også hadde store sjansar til å ta leiinga. I staden var det Eide som skåra både eitt og to til før pause. I andre omgang starta også Varfjell bra, men laget rakna etter kvart som Eide skåra på den eine gaveapakken etter den andre samtidig som laget ikkje makta å skåra på eigne klare sjansarr. Ruben Toven vart heimelagets store spelar med fire mål, Ole Martin Halås skåra to. Kampfakta her

Eide starta best og trenar Odd Bergs mannskap tok tak i midtbana anført av Peter Berg Hestad. Keeper Fredrik Bergslid var ikkje frisk frå skaden heller til denne kampen, og no var det utspelar Knut Stian Eiks tur til å prøve seg. Han starta med ein fin beinparade, men kunne ikkje hindre 1-0 alt etter 12 minutt. Skåringa var eit sjølmål der Svein Erik Lange Male meinte han var skubba slik at ballen gjekk i mål via han etter ein corner.

Vestnes Varfjell spelte seg etter kvart inn i kampen og eit flott angrep vart avslutta ved at Tommy Kanishi spelte fram Magnus Nerheim som sette ballen forbi keeper til 1-1 etter 22 minutt. Like etter var same duo på ferde igjen, men denne gongen gjekk avslutninga frå Nerheim like utanfor. Så var det Audun Løkke som hadde to store sjansar. Først rakk han nesten fram på eit framspel frå Kanishi før han skaut over frå god posisijon etter eit innlegg frå same mann.

I staden for leiing til Vestnes Varfjell kom Eide tilbake i andre enden i ein sjanserik omgang. Fint veggspel endte i 2-1 frå bakre stolpe. Keeper Eik var kanskje også heldig som slapp med skrekken då han glapp ballen, men dommarane meinte den ikkje hadde vore over streken. Så var Kanishi først på ballen i ein duell med ein utrusande keeper, "alle" såg ballen i mål, men den trefte stolpen og gjekk ut. Så var Ørjan Tangen nære med hovudet etter eit frispark frå Vegard Ellingseter, men Musa i Eide-målet stoppa forsøket. I staden for det som hadde vore ei fortent utliking kom 3-1 då Eide først heada i tverrliggaren og var først på returen som vart sette i mål til pauseresultat 3-1.

Det var eit tøft mål å få imot like før pause sjøl om Eide hadde vore hakket betre og nok fortente å vere i føringa. Vestnes Varfjell hadde eit lite initiativ tidleg i andre omgang, men kom ikkje nærare enn eit skot i nettveggen frå Amund Stavem. Nirut Mjøs måtte i tillegg ut med ein begynnande lyskestrekk noko som gav mindre duellkraft på midtbanen. Eide måtte likevel ha god hjelp til å skåre neste mål. Ein utrusande Eik var uheldig og Eide snappa ballen som vart sett i det tomme målet til 4-1. Kanishi kom nærme ei redusering, men innlegget frå Håkon Kjørvik vart heada over via keeper og tverrliggar.

Eide hadde ikkje slike marginar mot seg og 5-1 kom etter eit skot som Eik var etter. Så fekk Eide lov til å skyte fleire skot før 6-1 gjekk ifør siste mål kom på nok ein retur.

Då fekk også Eik lov til å sleppe meir og Fredrik Nakken sto dei siste minutta. Eik kom i standen inn som spiss og vart kanskje snytt for straffe i duell med keeperkollega Musa. Kampens siste sjanse til redusering hadde Kanishi etter ein corner, men igjen sto ein god keeper i vegen.

Lars-Helge Lien fekk sin debut på a-laget då han kom innpå på slutten. Unggutten erstatta kaptein Kanishi dei siste minutta.

Neste kamp er lokalderbyet mot Tomrefjord 16. mai.

 

Add a comment
Les meir…
 
Møter Eide borte fredag klokka 19
fredag 10. mai 2019 12:25

Vestnes Varfjell tek fredag turen til Eide. Eide var berre målforskjellen unna opprykk i fjor og har i år fått MFK-legenda Odd Berg inn som ny trenar. Tilsvarande oppgjer i fjor endte 2-2 som det også gjorde året før. Oversikt over tidlegare møte her. Vestnes Varfjell ser ut til å stille omtrent same tropp som sist. Kampen blir oppdatert via Twitter her. Sjekk også Eides twitterkonto.

Add a comment
 
Tap for andrelaget
fredag 10. mai 2019 19:23

Vestnes Varfjell 2 tapte torsdag 1-5 heime mot Hjelset-Kleive 2 i 6. divisjon. Kay Connor skåra heimelagets einaste mål i kampen. Den avbrotne kampen mot Måndalen 2 blir for øvrig ståande med resultatet 4-0 slik stillinga var då snø stoppa kampen ved pause. SJÅ VIDEO FRÅ ANDRE OMGANG I VARFJELL-TV. Foto: Asbjørn Vik

Add a comment
 
Senka KFK med kontringsstyrke og god keepervikar
fredag 03. mai 2019 20:05

Vestnes Varfjell vann 3-1 også i sin andre heimekamp for året, men måtte kjempe hardt for poenga då laget møtte Kristiansund FK fredag. Heimelaget hadde skade både på førstekeeper Fredrik Bergslid og andrekeeper Fredrik Nakken. Dermed måtte Erling Magne Slemmen finne fram keeperhanskane. Han spelte ein praktkamp og vart kåra til lagets bestemann.

Det vart ein kamp der gjestane styrte mykje av spelet, men der Vestnes Varfjell var livsfarleg på kontringar. Det første målet kom etter ei slik. Amund Stavem sendte igjennom Tommy Kanishi som sette ballen til side for keeper. KFK utlikna på direkten på det som såg ut som eit innlegg som gjekk rett i mål. Linjedommaren var oppe med flagget for det som såg ut som ein spelar i offsideposisjon som uroa keeper, men dommaren dømte mål. 1-1 sto seg til pause. Rett etter kvilen var Ørjan Tangen frampå etter eit frispark frå Amund Stavem, og det sto 2-1. 3-1 kom etter eit mønsterangrep der Kanishi la tilbake til Stavem som plasserte ballen forbi keeper.

Varfjell ville også ha straffe i 2. omgang då Stavem vart felt, men dommaren meinte frispark på 16-meterstreken burde halde.

Gjestane kjempa på for å komme tilbake i kampen, men forsvaret med Svein Erik Lange Male i spissen og ein god keepervikar i veteranen Erling Magne Slemmen heldt unna den siste halvtimen pluss seks tilleggsminutt. Nærast var Jan Roger Angvik, men Magnus Nerheim fekk rydda unna i siste liten då ballen var på veg inn ved stolpen, Kampen utarta litt på slutten med mange frispark og gule kort til slitne spelarar på begge lag.

Snøværet i det siste skapte ingen problem og 45 tilskuarar fekk sjå ein spennande kamp i denne kjølige mai-kvelden.

Kay Connor debuterte på A-laget då han kom innpå på slutten.

Neste kamp er borte mot Eide.

Laget: Slemmen; Kjørvik, Tangen, Male, Nerheim (Eik) - Stavem, Mjøs, Ellingseter - Larsen (K Connor), Kanishi, Skare

Add a comment
 
Møter Kristansund fredag klokka 19
torsdag 02. mai 2019 16:26

Vestnes Varfjell tek imot Kristiansund FK til kamp i 4. divisjon fredag kveld. KFK har tapt sine to første kampar, og er nok svært sugne på å ta sine første poeng i kveld. Laget er i år forsterka med to erfarne målskårarar på topp i Jan Roger Angvik og Bjørnar Bugge. Ny trenar er Andreas Rødsand, som kjem frå KBK. Tilsvarande oppgjer i fjor endte med heimeseier 1-0. Oversikt over tidlegare møter her. Møt fram og støtt heimelaget i kampen om poenga.

Add a comment
 
Snø stoppa kamp for Vestnes Varfjell 2
torsdag 02. mai 2019 19:03

Vestnes Varfjell 2 møtte Måndalen i sin andre kamp i 6. divisjon torsdag kveld, men snøfall skapte trøbbel og kampen vart stoppa ved pause. Måndalen leia då 4-0. Trenar for Varfjell 2, Cato Andreassen, seier dei har fått beskjed om at kampen etter reglane skal spelast ferdig seinare med same mannskap. Andreassen meiner dette blir vanskeleg å gjennomføre i praksis og meiner at resultatet berre kan bli ståande. Foto: Tommy Kanishi Andreassen

Add a comment
 
Rib-a for alle poenga fem minutt på overtid
fredag 26. april 2019 22:00

Det var kvelden då det meste gjekk galt for Vestnes Varfjell som rota vekk ei tilsynelatande trygg leiing og måtte reise heim frå Midsund utan poeng: Motorstopp, skadd målvakt og brent straffespark var berre nokre av ingrediensane for eit bortelag som stilte i nye bortdrakter i den gamle Varfjell-fargen oransje.

EIT LITE BILDEGALLERI OG VIDEO AV DEN AVGJERANDE SKÅRINGA HER

Det var ikkje lett å få med seg full tropp til Otrøya fredag kveld. Vegar Skare var utelukka og sat i Oslo medan SAS-pilotane streika. Elling Olafsen hinka rundt på krykker etter overtrakk i første kamp, medan Nirut Mjøs var på jobb som langtransportsjåfør og måtte ha alternativ transport over fjorden. Ein hurtiggåande rib skulle ta han til Midsund, men båten fekk motorstopp på fjorden! Riben vart slept til ferjekaia i Solevågen og Mjøs var ikkje på plass på Midsund stadion før i pausen. Mjøs bidrog til å løfte laget i ein tung periode då han kom innpå, men for å gjere ulukkekvelden komplett var det "sjølvsagt" Mjøs som laga frispark fem minutt på overtid som den heimvendte Træff-spelaren Emil Sjøvik skrudde over muren og i mål.

I mellomtida hadde målvakt Fredrik Bergslid kasta inn handkledet tidleg med ein strekkskade i skuldra. Dermed var det duka for debut for Fredik Svensli Nakken mellom stengene. Så snudde lukka tilsynelatande. Vestnes Varfjell var nemleg klart best på den humpete vårbana i første omgang. Tommy Kanishi var spelt igjennom av Knut Stian Eik og sette ballen kontrollert forbi keeper til leiing 1-0 etter eit kvarter. Ti minutt seinare auka same mann til 2-0. Denne gongen etter assist frå Juan Rikard Larsen før kapteinen tverrvendte og sette ballen utagbart i motsett hjørne. Så tråkla Amund Stavem seg igjennom og Midsund-forsvaret hadde ikkje anna gjere enn å felle han. Stavem tok straffen sjølv, men Hermann Ræstad, som har vore juniorkeeper i Molde, redda. I staden for 3-0 og punktert kamp, fekk Midsund ei gåvepakke rett før pause. Den gamle storskåraren John Arne Øien let seg ikkje be to gongar og sette inn reduseringa frå 15 meter.

Dermed vart pausepraten lettare for Midsund-trenar Erik Brakstad, mannen som mellom anna leia Molde mot Real Madrid i Champions League. Denne gongen var motstanden av eit anna kaliber og Brakstad må ha fått spelarane sine til å tru at det var muleg å få noko ut av denne kampen. No skulle det slåast langt og kjempast. Vestnes Varfjell fekk lite til etter pause, men heimelaget skapte heller ikkje mykje før Erlend Blø plutseleg var igjennom om utlikna med kvarteret att å spele. Øien hadde også ein stor sjanse til å avgjere like før slutt, før kampen altså vart avgjort langt inn i overtida.

Kanishi var viktig med sine to skåringar, men me gir bestemannsprisen til backen Håkon Kjørvik, oppofrande og god i duellane kampen igjennom.

Neste kamp er heime mot KFK fredag.

KAMPFAKTA

Midsund - Vestnes Varfjell 3-2 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 26. april 2019 kl 19

Midsund stadion, 100 tilskuarar

Mål:

0-1 (15) Tommy Kanishi Andreassen

0-2 (26) Tommy Kanishi Andreassen

1-2 (43) John Arne Øien

2-2 (74) Erlend Blø

3-2 (90 + 5) Emil Sjøvik

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Gult kort: Audun Løkke (80) og Nirut Mjøs (90), Vestnes Varfjell; Johannes Sjøvik (36) og Lars Erik Haugen, Midsund

Vestnes Varfjell (4-3-3: Fredrik Bergslid (Fredrik Svensli Nakken 8.); Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Arjan Sylte (Nirut Mjøs 55.) - Magnus Nerheim, Vegard Ellingseter, Amund Stavem - Knut Stian Eik (Audun Løkke 63.), Tommy Kanishi Andreassen, Juan Rikard Larsen

Add a comment
 
Møter Midsund borte fredag
fredag 26. april 2019 11:20

Vestnes Varfjell tek turen til Otrøya for å møte Midsund i årets første bortekamp fredag kveld. Begge lag vann i serieopninga, Midsund med imponerande 4-2 borte mot Tomrefjord. Erik Brakstad, som mellom anna har trent Molde mot Real Madrid i Champions League, er ny trenar for Midsund. Laget er også er forsterka med Emil Sjøvik som har returnert frå Træff og målvakt Hermann Ræstad frå Molde. Den gamle storskåraren John Arne Øien er også med for fullt. For Vestnes Varfjell er Vegar Skare ute grunna jobb, medan Elling Olafsen er i troppen sjølv om han måtte ut tidleg med skade sist. Også Knut Stian Eik er tilbake i troppen. I fjor vart det tap i tilsvarande kamp som vart prega av regn og overvatn. Det blir det ikkje i kveld. Det er meldt sol og 18 varmegrader og truleg strøken grasmatte. Kampen blir oppdatert på Twitter.

Add a comment
 
Opna sesongen med seier
måndag 22. april 2019 20:13

Vestnes Varfjell sleit lenge mot eit godt Malmefjorden-lag i serieopninga i 4. divisjon, men vann til slutt 3-1. Gjestane tok fortent leiinga før pause, før Svein Erik Lange Male utlikna etter ein corner. I andre omgang var Vestnes Varfjell farlegast og Amund Stavem sytte for 2-1 frå straffemerket før Tommy Kanishi avslutta til 3-1.

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

Gjestane frå Fræna, forsterka i år med fleire gode studentar frå høgskolemiljøet i Molde, starta kampen med eit lite overtak. Vestnes Varfjell, som forsøkte eit nytt spelesystem, fekk lite til å stemme og måtte også bytte spiss tidleg då Elling Olafsen fekk ein skade. Erstattar Juan Rikard Larsen fekk den første store sjansen for heimelaget då han sette ballen over frå god posisjon etter 22 minutt. Like etter tok Malmefjorden leiinga då Fredrik Aas Røkkum fekk fulltreff og ballen fauk i mål bak Varfjell-målvakt Fredrik Bergslid.

Utlikninga kom etter fleire store sjansar. Først sendte Kanishi eit frispark via ein motstandar i tverrliggaren og over. Det påfølgande hjørensparket var Nirut Mjøs først på, men igjen trefte ballen tverrliggaren. Svein Erik Lange Male var først på returen og sørga for 1-1. Malmefjorden varta opp med eit par gode forsøk etter dette, medan Vegar Skare var nære på å sende vidare i mål eit sleivskot frå Amund Stavem. 1-1 sto seg til pause.

Vestnes Varfjell starta best etter kvilen, no med Kanishi på topp. To minutt var spelt då kapteinen kom åleine igjennom, men avslutninga traff stolpen. Så hadde Juan Larsen eit forsøk like over, same skjebne hadde forsøk frå Malmefjorden i andre enden. Etter 16 minutt skjedde det ein situasjon som førte til diskusjonar. Dommaren dømte fordel då Amund Stavem var på veg igjennom,. Han vart felt igjen, denne gongen innanfor 16-meteren, men dommaren valgte no å blåse for den første situasjonen. Frisparket tok Kanishi, men keeper redda. Ti minutt etter sendte Stavem Kanishi fri på nytt, men igjen redda keeper. Vegard Ellingseter var først på returen, men igjen blokkerte Preben Lyngstad, som har returnert til Malmefjorden frå Træff.

Vestnes Varfjell hadde no taket på gjestane som virka slitne utover i omgangen. Kanishi kom på nytt raid, og denne gongen vart det blåst straffe. Keeper Lyngstad svarte med å gå etter Kanishi, noko som endte med gult kort til begge. Amund Stavem sette straffesparket kontant i mål med ti minutt igjen å spele. Kanishi var ikkje ferdig for kvelden og då han igjen kom aleine, sette han ballen kontant forbi kamphane Lyngstad til 3-1 og til jubel for dei rundt 120 som hadde funne vegen i påskesola. Flott oppmøte og eit flott resultat.

Målvakt Fredrik Bergslid storspilte og fekk bestemannsprisen frå den lokale juryen i sterk konkurranse med Kanishi. Særleg i andre omgang viste kapteinen kor viktig har er for dette laget. Amund Stavem som frustrete Malmefjorden-forsvaret. Nirut Mjøs og Vegard Ellingseter var tilbake i laget og viste at dei blir nyttige tilvekster denne sesongen.

Neste kamp er borte mot Midsund som måndag vann 4-2 borte mot Tomrefjord.

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Malmefjorden 3-1 (1-1)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Måndag 22. april 2019 kl 19

Vestnes idrettspark, 120 tilskuarar

Mål:

0-1 (26) Fredrik Aas Røkkum

1-1 (38) Svein Erik Lange Male

2-1 (80) Amund Stavem, straffespark

3-1 (83) Tommy Kanishi Andreassen

Dommar: Nils Myrvang, Batnfjord

Gult kort: Vegar Skare (20) og Tommy Kanishi Andreassen (79), Vestnes Varfjell; Preben Gjerdseth Lyngstad (79), Malmefjorden

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Magnus Nerheim - Vegard Ellingseter, Vegar Skare, Nirut Mjøs - Amund Stavem, Elling Olafsen (Juan Rikard Larsen 14.), Tommy Kanishi Andreassen

Add a comment
 
Seriestart: Møter Malmefjorden andre påskedag
søndag 21. april 2019 14:44

Måndag andre påskedag er ventetida over. Då tar Vestnes Varfjell imot Malmefjorden i serieopninga i 4. divisjon. Vestnes Varfjell har i vinter mellom anna mista angripar Markus Brudeseth til Åndalsnes og målvakt Fredrik Bergslid til Træff (blir lånt tilbake i vårsesongen), medan midtstoppar Nirut Mjøs er tilbake i laget. Treningskampane har vore varierande med tap mot Hjelset-Kleive som det svakaste, men dei to siste gav sigrar mot Elnesvågen (3-0) og Norborg/Brattvåg 2 (4-1).

Åretsa første motstandar er altså Malmefjorden, eit lagt som starta med å toppe tabellen i fjor, men til slutt endte på nedre halvdel. Samarbeidet med Ekko/Aureosen er avslutta, men dei beste blitt med vidare. Laget har også henta ein keeper tilbake frå Træff og fått forsterkingar både frå Molde og Trondheim, les med på klubbens Instagram-konto. I tillegg har dei eit par studentar i laget som har spelt på høgt nivå tidlegare. Det er med andre ord ein tøff mostandar som ventar i første serierunde.

Møt opp og hei heimelaget fram i kampen om årets første poeng. Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 19.

Add a comment
 
Før seriestart i 4. divisjon: Kanishi skryt av lagkamerat
søndag 21. april 2019 14:20

Romsdals Budstikke har i ein serie på Rbnett (krev abonnement) snakka med profilar i alle dei tolv klubbane i årets 4. divisjon Nordmløre/Romsdal. Vestnes Varfjell-kaptein Tommy Kanishi Andreassen er mellom dei som har svart på spørsmål. Han utnemner Christoffer Folland (AK) og Arn Erik Brakstad (Eide) som dei beste spelarane i divisjonen, men trekker også fram lagkamerat Amund Stavem som "utstoppleg når han er i form". I Tomrefjord er det Erlend Søberg som har svart, og han utropar like godt Kanishi til avdeklingas beste og gjer ein viktig jobb på det kan omtalar som eit "middelmådig" Vestnes Varfjell-lag. Begge ser mest fram til lokaloppgjeret 16. mai.

Add a comment
 
Bergslid til Træff, men blir lånt tilbake
søndag 21. april 2019 13:58

Like før seriestart kjem meldinga om at Vestnes Varfjell-målvakt Fredrik Sivertsen Bergslid har skreve under for 3.-divisjonsklubben Træff. Ungguten har gjort det godt mellom stengene dei siste sesongane, noko som har blitt oppdaga på andre sida av fjorden. Heldigvis har Træff gått med på å låne han tilbake, i første omgang ut vårsesongen. - Kva som skjer vidare er usikkert, men me håper at låneavtalen blir forlenga. Viss ikkje må me ut og finne ei ny målvakt, seier trenar Alexander Connor til varfjell.no.

Add a comment
 
Seier mot Norborg
torsdag 04. april 2019 21:30

Vestnes Varfjell slo Norborg/Brattvåg 2 4-1 i ein treningskamp i Vestnes idrettspark tirsdag. Målskårarar var Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andersson, Svein Erik Lange Male og Knut Stian Eik. Laget frå Haram rykka opp i 4. divisjon på Sunnmøre sist sesong. Meir seinare.

Add a comment
 
Seier mot Elnesvågen
onsdag 27. mars 2019 11:03

Vestnes Varfjell vann måndag 3-0 mot Elnesvågen i ein treningskamp. Sist veke vart det tap 4-6 mot Hjelset-Kleive. Meir info kjem seinare. Neste kamp er mot Norborg 4. april.

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 5 av 256

Generalsponsor

sbmoreny.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

vikelektro-logo.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer