Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sissoko på "skyggelandslaget"
måndag 12. juni 2017 17:27

Vestnes Varfjells gode 14-åring David Sissoko er tilbake frå skade. Landslagsdebuten gjekk i vasken grunna passtrøbbel, men no kan han få nye sjansar for Norge. Sissoko er tatt ut til Statoil talentleir i Porsgrunn 26.-30. juni. Tidlegare har Varfjell hatt Trond Klokset og Elling Olafsen med på tilsvarande samling av dei beste unggutane i landet. Her er det også tatt ut ein landslagstropp og eit "skyggelandslag" der Sissiko er med. Søndag kom han innpå i andre omgang for MFK G16 som slo Rosenborg 3-2 i den nasjonale serien. Vestnesingen kom til ein stor sjanse då han heada over frå god posisjon. Også målvakt Fredrik Bergslid var i MFK-troppen, men fekk ikkje speletid denne gongen.

Add a comment
 
Sjanselause mot topplaget
fredag 09. juni 2017 21:00

Vestnes Varfjell tapte 0-6 borte mot KFK i 4. divisjon fredag. Det var ingen tvil om kva lag som var best, særleg før pause var Vestnes Varfjell på etterskot. Gjestane fekk ha ballen litt meir i andre omgang, og kom nærme ei redusering. I andre enden hindra ein god Fredrik Bergslid fleire baklengs. Angvik skåra tre for KFK.

Ein frekk lobb frå Amund Stavem i kampens første minutt kunne gitt gjestane ein flying start, men så styrte vertane det meste. 1-0 kom etter at Vestnes Varfjell ga frå seg ballen på midtbana. Denne stillinga sto seg lenge, men mot slutten av omgangen putta KFK tre gongar slik at det sto 4-0 ved halv tid. Ei heading over frå Sivert Nerheim var den andre halvsjansen me noterte for Varfjell i første omgang

Varfjell fekk ha ballen meir i andre omgang då KFK skrudde ned tempoet og også brukte heile innbyttarkvoten på 7 etter kvart. Det vart med to nye skåringar, samtidig som Varfjell ikkje makta å redusere. Magnus Nerheim skaut over etter flrearbeid frå Kanishi, Svein Erik Lange Male heada over, og på slutten kom den største sjansen då Karl Arne Stokkeland var nære med ei heading frå kloss hald som vart stoppa av keeper. Stokkeland spelte ein god kamp mot gamle lagkameratar og var sitt las beste saman med målvakt Bergslid. Jarle Løvik Salte var tilbake etter langt skadefravær, Vegar Skare og Markus Brudeseth  var mellom frafalla (begge jobb).

No ventar heimekamp mot Elnesvågen som viste gode takter med 4-0 borte mot Eidsvåg laurdag. KFK om kampen

Laget:

Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik, Kalle Stokkeland,  Svein Male, Justin Sætre - Sivert Nerheim, Yngve Solevågseide  (Kim Rodi Brudeseth 46.) Magnus Nerheim - Amund Stavem (Jarle Løvik Salte 86.) Elling Olafsen, Tommy Kanishi (Knut Stian Eik 78)

Gult kort: Justin Sætre (36)

75 tilskuarar på Kristiansund stadion

Add a comment
 
Vann 3-0 "for halv maskin"
fredag 02. juni 2017 21:26

Vestnes Varfjell slo Frei 3-0 heime i Parken fredag etter skåringar av Markus Brudeseth, Amund Stavem og Elling Olafse (straffe). Sjå måla i VarfjellTV til høgre. Kampen var ikkje direkte velspelt og tempoet dårleg, men det heldt til ein komfortabel seier. Vestnes Varfjell hadde den første sjansen, men eit forsøk på brassespark frå Sivert Nerheim endte over etter ein corner. Amund Stavem hadde eit skot over etter 19 minutt. Frei var frampå to gongar før pause, men begge gongar hindra ei beinparade frå keeper Fredrik Bergslid skåring. 1-0 kom etter halvtimen. Sivert Nerheim sendte ballen fram til Tommy Kanishi Andreassen, keeper redda, men Markus Brudseth var først på returen.

Vestnes Varfjell heldt fram med å ha grei kontroll i andre omgang, men så lenge det sto 1-1 var det litt skummelt dei gongane gjestane kom på kontringar. Spenninga forsvann då Amund Stavem drog seg fri og sette inn 2-0 frå hjørnet av 16-meteren. Same mann skaffa straffespark då han gjekk over halve bana før han vart stoppa. Elling Olafsen sette inn straffen. Ingen stor kamp, men det var nok til å sikre tre viktige poeng. Det er heller ikkje kvar gong at laget heldt "nullen". Det skjedde ein gong i fjor, heime mot Åndalsnes (5-0), også då med unge Bergslid mellom stengene. Neste kamp er borte mot topplaget KFK fredag.

RBnett om kampen her (med fokus på keeper Bergslid) | Videoar i VarfjellTV: Høgdpunkt | Heile kampen

Kampfakta:

Vestnes Varfjell – Frei 3-0 (1-0)

4. divisjon fredag 2. juni 2017 kl 19
Vestnes idrettspark – 75 tilskuarar
Mål:

1-0 Markus Brudeseth (32)
2-0 Amund Stavem (68)
3-0 Elling Olafsen str (72)
Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Karl Arne Stokkeland, Magnus Nerheim - Markus Brudseth (Kim Rodi Brudseth 73.), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Amund Stavem (Knut Stian Eik 85.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen
Gult kort: Varfjell: Amund Stavem (41). Frei: Roar Henden (90). Dommer: Ole Petter Lysgård, Kristiansen, Eide.

Add a comment
 
Storseier til G16
måndag 22. mai 2017 21:07

Vestnes Varfjell G16 vann 5-0 heime mot Elnesvågen i 1. divisjon måndag kveld. Mål ved Daniel Gravdehaug 2, Christer Enger, Martin Hofstad og eitt sjølvmål. Laget er dermed oppe på 12 poeng og har heng på tetlaga.

Add a comment
 
Tine fotballskole
måndag 22. mai 2017 13:37

Vestnes Varfjell inviterer alle jenter og gutter i alderen 7 – 13 år (1. -7. klasse) til årets TINE fotballskole i Vestnes idrettspark.

Fotballskolen gjennomføres i perioden mandag 3. juli – onsdag 5. juli 2017.


Påmelding fram til 15 juni på denne linken:
https://goo.gl/forms/fZ1cYbZaOnSoJYeh2

Trening hver dag fra kl 1000 – 1400
· Instruktører til stede fra 0930-1430
· Frukt/drikke hver dag
· Treningsopplegg tilpasset aldersklasser
· Instruktører er a-spillere
· Onsdag er kampdag/turneringsdag.
· Åpen kiosk alle dagene

Pris:
· Ett barn: Kr 700,-
· Søskenpris: Kr 650.- (for nr 2, 3 osv)

Utstyr:
Hver enkelt deltaker får TINE diplom og TINE utstyrspakke 

Har du spørsmål, kontakt Alexander Connor på mobilnr 992 66 630 eller mail: Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa

Add a comment
 
Endeleg borteseier mot Træff 2
søndag 21. mai 2017 14:02

Etter mange forsøk vart det seier borte mot Træff 2 for Vestnes Varfjell som vann 3-2 på Reknesbanen søndag. Sist laget tok poeng mot Træff 2 borte var i 2006 (sjå oversikt over tidlegare kampa her). Markus Brudeseth, Sivert Nerheim og Tommy Kanishi Andreassen skåra måla i ein kamp der laga veskla på å ha initiativet.

Vestnes Varfjell starta kampen best i regnveret på Reknesbanen og kom til gode skotforsøk ved Amund Stavem og Tommy Kanishi Andreassen. I andre enden måtte Varfjell-forsvaret reddet to gongar på streken i ein Træff-offensiv. Halvvegs i omgangen vart Markus Brudseth spelt igjennom i bakrommet, men keeper redda skotet. Så endte ein Elling Olfsen/Tommy Kanishi-kombinasjon med lobb over. Like etter var rollene snudd om, men skotet frå kloss hald gjekk utanfor. Træff, som kom sterkt utover i omgangen, hadde eit skot som skrudde i stolpen før laget kontra inn 1-0 like før pause. Skotet sneik seg forbi Varfjells unge målvakt Fredrik Bergslid, som elles sto trygt og godt. Magnus Nerheim kom nærast utlkning i første omgang, med ein susar i tverrliggaren.

1-1 sto det likevel rett etter pause. Varfjell braut etter ein Træff-corner. Karl Arne Stokkeland sendte i veg Markus Brudseth som frå spiss vinkel sette ballen vakkert i nettaket. Nokre minutt etter var bortelaget i leiinga. Træff-målvakta mista ballen og etter litt rot framom målet, fekk til slutt Sivert Nerheim pirka ballen over streken.

Træff 2 utlikna etter ein time, då Varfjell-forsvaret var for seine opp i presset på ballførar og ballen gjekk i boge via eit Varfjell-bein over keeper og i mål. Kampen sto no og vippa litt, men Varfjell var hakket farlegare når laget kom i angrep. 3-2 kom etter 67 minutt og var ein tru kopi av 1-1. Denne gongen var det Brudeseth som spelte fram Tommy Kanishi Andreassen. Kapteinen gjorde ingen feil og sette ballen kontant i nettaket frå skrått hald. Brudseth hadde sjølv ein sjanse til å auke, men skotet gjekk utanfor. Varfjell kontrollerte inn resten av kampen og tok med seg tre nye poeng over fjorden.

Neste kamp er heime mot Frei fredag 2. juni (spelefri til helga).

Laget: Fredrik Bergslid: Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Karl Arne Stokkeland - Sivert Nerheim, Vegar Skare (Yngve Solevågseide 63.), Markus Brudseth (Kim Rodi Brudeseth 85.) - Amund Stavem, Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Gult kort Larhammer, Træff 2 (50)

Reknesbanen: 35 tilskuarar (10 Vestnes)

Add a comment
 
Tapte lokaloppgjeret
tysdag 16. mai 2017 21:05

Tomrefjord kunne juble til slutt etter eit jamnt og tett lokalderby 16. mai. Heimelaget opna best og tok ei tidleg leiing. Eit utspark vart frå Varfjell-målvakta vart head tilbake av ein Tomrefjord-spelar. Ballen gjekk over og mellom to Varfjell-backar. Ken Robin Hildre tok seg av nedfallsfrukta, runda ein etrusande keeper og sette balle i mål frå skrått hald. Elling Olafsen utlikna like før pause. Eit langt framspel frå Karl Arne Stokkeland vart heada ned av Tommy Kanishi og Olafsen kunne enkelt sette ballen i ml. Vestnes Varfjell greidde å tilrive seg eit lite overtak utover i andre omgang, men greidde ikkje å omsette det i skåring. Tomrefjord låg lavt og satsa på kontringar. Det lukkast. 2-1 kom på eit langskot kvarteret før slutt. Det var to innbyttarar som sto for regien. Taklo la tilbake til Solbakken som fekk draumatreff på heil volley og ballen fauk inn ute ved stolpen.  3-1 etter kommunikasjonssvikt og ein regelrett bom av keeper. Djupvik snappa ballen og sette den i ope mål. Rundt 150 tilskuarar såg kampen i lett regnver. Vestnes Varfjell sleit med å få igang spelet sitt mot divisjonens gjerrigaste forsvar. Likevel hadde laget fleire gode sjansar både før og etter at heimelaget skåra i andre omgang: Amund Stavem skaut over på eit frispark frå god posisjon, Tommy Kanishi Andreassen hadde eit godt skot som keeper fekk slått til corner. På corneren vart eit frekt hælspark frå Karl Arne Stokkeland nesten farleg, men Tomrefjord fekk rydda unna. Mot slutten hadde Elling Olafsen eit skot like utanfor. Neste kamp er borte mot Træff 2 søndag. VarfjellTV: Sjå heile kampen her

Kampfakta
Tomrefjord - Vestnes Varfjell 3-1 (1-1)
4. divisjon Nordmøre/Romsdal
Tomrefjord stadion, ca 150 tilskuarar
Tirsdag 16. mai 2017 kl 19
Mål:
1-0 (13) Ken Robin Hildre
1-1 (41) Elling Olafsen
2-1 (75) Aleksander Solbakken
3-1 (79) Simen Djupvik
Dommar: Kristoffer Lie Førde, Rival
Gult kort: Markus Brudseth (36) og Svein Erik Lange Male (77), Vestnes Varfjell; Daniel Holm Sundet (84) og Thomas André Brastad (90), Tomrefjord
Vestnes Varfjell: Adrian Gabrielsen; Adrian Liabø (Svein Erik Lange Male 46.), Karl Arne Stokkeland, Sivert Nerheim, Justin Sætre - Magnus Nerheim, Vegar Skare, Markus Brudseth (Ørjan Tangen 81.) - Amund Stavem (Knut Stian Eik 89.), Elling Olafsen, Tommy Kanishi Andreassen

 

Add a comment
 
Slaget om Vestnes, 16. mai kl 19
måndag 15. mai 2017 19:01

På "fotballens nasjonaldag" er det klart for det første av årets lokaloppgjer mot Tomrefjord. Bildet er henta frå forrige møte i Tomrefjord i ein 16. mai-kamp. Det var i 1990 då Harald Innli avgjorde med ei sein skåring etter at heimelaget hadde dominert kampen. I fjor gjekk kampen på Vestnes 16. mai (0-7). Returoppgjeret var jamnare, men Tomrefjord var effektive og vann 5-1. Med andre og ikkje så reint lite å revansjere for Vestnes Varfjell i denne kampen.

Add a comment
 
VarfjellTV: Alle måla og heile kampen mot Eidsvåg
søndag 14. mai 2017 18:16

Klikk på bilde for å sjå videoar

 

 

 

Add a comment
 
Kanishi gonger tre på nygrønt kunstgras
fredag 12. mai 2017 21:16

Tre mål av Tommy Kanishi Andreassen sikra årets første seier då Vestnes Varfjell innvia det nylagte kunstgraset i Vestnes idrettspark med å slå Eidsvåg 3-1 fredag. Vestnes Varfjell opna sterkt og gjestane hadde meir enn nok med å halde unna. Mange gode forsøk endte utanfor før den endeleg sat då Tommy Kanishi sette ballen kontant i mål etter pasning frå Vegar Skare. Heimelaget slappa litt av på tempoet og slurvete pasningsspel gav gjestane dei kontringssjanane dei tydeligvis var komne for å ta. Brødene Brakstad storma i angrep og utlikna til 1-1 med skot kontant i nettaket frå kaptein Einar Olav Brakstad.

Vestnes Varfjell festa grepet ingen mot slutten av omgangen og Kanishi sendte igjen laget i føringa - denne gongen etter forarbeid av Amund Stavem. Stavem sjølv trefte stolpen rett før pause.

Toppskårar dei siste sesongane, Elling Olafsen, var tilbake frå skade til starten av andre omgang og såg ut til å vere ivrig etter å ta tilbake det tapte, men alle forsøk endte utanfor.

Eidsvåg låg framleis veldig lavt sjølv om dei hadde noko å ta att i målprotokollen. Det førte til mykje balltrilling på eigen halvdel for Vestnes Varfjell og dårleg tempo i kampen.

Eidsvåg hadde nær utbytta ein glipp i dei bakre rekker og hadde også ei rekke farlege hjørnespark. Dei 75 heimesupporterane som hadde møtt fram i vårsola sat nok med ei kjensle av at mål nummer tre måtte komme om denne seieren skulle sikrast. Og det kom tolv minutt før slutt. Kanishi fullførte sitt hattrick då han var først på returen etter at Olafsen først hadde forsøkt seg. Kampen vart avslutta med stor sjanse til Yngve Solevågseide og stangskot frå Markus Brudeseth.

I tillegg til tremålsskårar Kanishi var Amund Stavem lagets beste. Han måtte dessverre ut med skade etter ein time. Neste kamp er lokalderbyet mot Tomrefjord 16. mai kl 19 i Tomrefjord.

Rbnett.no om kampen | Eidsvåg om kampen | VarfjellTV: Alle måla - Heile kampen | Bilde frå kampen

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Eidsvåg 3-1 (2-1)

Vestnes idrettspark, 75 tilskuarar

Fredag 12. mai 2017 kl 19

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Mål:

1-0 (21) Tommy Kanishi Andreassen

1-1 (27) Einar Olav Brakstad

2-1 (38) Kanishi

3-1 (78) Kanishi

Laget: Gabrielsen, Liabø, L Connor (Tangen 80.), Lange Male, Kjørvik - S Nerheim, Stokkeland (M Brudeseth 89), Skare - Stavem (Solevågseide 60) M Brudeseth (Olafsen 46), Kanishi (Lervik 87)

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden.

Gult kort: Stokkeland (45) og EO Brakstad (32)

 

 

Add a comment
 
Nytt kunsgras lagt på rekordtid
onsdag 10. mai 2017 00:00

Les Romsdals Budstikkes artikkel om det nye kunstgraset i Vestnes idrettspark her.

Add a comment
 
Bortetap mot eliteseriereservene i KBK
måndag 08. mai 2017 19:03

Det vart til slutt tap 2-5 for Vestnes Varfjell i måndagens bortekamp mot Kristiansund BK 2. KBK 2 tok leiinga etter halvspelt førsteomgang, men Tommy Kanisi Andreassen utlikna før pause då han vendte opp og sette ballen i krysset fra 14 meter. Etter kvilen gjekk KBK 2 opp i 4-1 før Vestnes Varfjell reduserte ved Håkon Kjørvik på eit flott skot frå 20 meter. KBK 2 stilte med spissane Sørli og Bamba frå eliteseriestallen. Begge skåra kvar sin gong.

Trenar Alexander Connor seier laget heldt godt følge i ein omgang. - Igjen slepper me inn for mange lette mål. Eg synes ikkje me blir overkjørt, men etter kvart vart det klart at dei har ein større breidde i stallen å spele på.

Etter tre tøffe bortekampar, ventar no Eidsvåg heime fredag og Tomrefjord borte 16. mai. - Eg har tru på at me skal plukka mange poeng framover, seier trenar Connor.

Han var sjølv på benken måndag då troppen var noko redusert fordi G16 spelte kamp samtidig (tapte 0-1 mot Sunndal).

Laget (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Håkon Kjørvik (Justin Sætre 46.), Svein Erik Lange Male, Karl Arne Stokkeland (Kjørvik 83.), Addrian Liabø (Ørjan Tangen 46.) - Vegar Skare, Magnus Nerheim, Sivert Nerheim - Amund Stavem, Markus Brudseth, Tommy Kanishi Andreassen

Dommar: Per Ivar Skrøvset, Bøfjord. Ingen kort til Vestnes Varfjell, 2 til KBK 2

Tidens Krav om kampen | KSU.no med bildeserie frå kampen

Add a comment
 
Sissoko ute med skade
tysdag 02. mai 2017 16:05

David Sissoko brekte kragebeinet og er ute i minst seks veker. 14-årigen skada seg i kamp for G16 i 1-0-sigeren borte mot Åndalsnes/Isfjorden sist måndag. - Utruleg trist, seier trenar Alexander Connor. Spelaren som forårsaka skaden slapp unna med gult kort. Sissoko har ikkje vore heldig denne våren og gjekk glipp av landslagsdebuten på grunn av passtrøbbel. Spisstalentet vart den yngste debutanten på A-laget til Varfjell då han kom innpå i serieopninga borte mot Eide.

Add a comment
 
Borteseier for G 16
måndag 01. mai 2017 17:28

Vestnes Varfjell G16 har idag vunne 3-0 borte mot Surnadal.

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 4 av 244

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer