Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Reknesbanen laur., 13. okt. 2018 15:00
Træff 2
Træff2
1-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 07. okt. 2018 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
2-3 Referat
Eide
Eide

Tabellen

# Team K Mål P
1 Sunndal 22 43 48
2 Eide 22 39 48
3 Tomref 22 19 43
4 Surnad. 22 25 39
5 ÅIF 22 37 37
6 AK 22 11 35
7 KFK 22 24 32
8 Varfjell 22 2 31
9 Midsund 22 -22 24
10 MIL/E/A 22 -17 21
11 Elnesv. 22 -56 11
12 Træff2 22 -105 5

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sterk sluttspurt gav klar seier
fredag 22. juni 2018 20:56

Vestnes Varfjell måtte slite lenge, men vann etter kvart med klare 4-1 heime mot Træff 2 i 4. divisjon fredag. David Sissoko sendte heimelaget i ei tidleg leiing (sjå video av skåringa her) då han skaut til side for keeper etter forarbeid av Tommy Kanishi. Etter dette jamna kampen seg ut, utan fleire mål før pause. Træff 2 utlikna tidleg i andre omgang ved Eirik Kjørsvik (sjå video) på eit skot nesten i krysset. Vestnes Varfjell tok seg saman og etter at Tommy Kanishi hadde gitt ny leiing 20 minutt før slutt (sjå video), var det berre spørsmål om kor stor seieren skulle bli. Kapteinen tok igjen ansvar og skåra sikker aleine med keeper etter perfekt framspel frå Magnus Nerheim. Markus Brudseth og Svein Erik Lange Male skåra dei to siste måla, Brudeseth frå kloss hald (sjå video) etter innlegg frå Vegard Ellingseter, Lange Male på eit skot (sjå video her). Midstopparen flytta seg sjølv fram mot slutt og hadde fleire forsøk før han fann nettmaskene.

Amund Stavem sto over grunna sin strekkskade, men Elling Olafsen var tilbake frå sin ankelskade. Toppskåraren dei siste sesongane kom ikkje på skåringslista, men markerte seg med ein gong då han heada over på ein corner.

Knut Øyvind Hoem vikarierte som trenar i Alexander Connor sitt fråvær. Han var fornøgd med seieren, men ikkje med delar av kampen. I delar av første omgang var tempoet lavt og feilpasningane mange. Træff 2 hadde med 3-4 mann som heva laget opp frå det mannskapet som har tapt stort tidlegare i år, akkurat nok til å gje Vestnes Varfjell god motstand på ein dårleg dag.

- Me vinn greit til slutt. Starten er bra, men så slepp me oss nedpå slik at Træff får ulikne. Heldigvis skjerpar gutane seg, og etter 2-1 er me klart best, seier Hoem til varfjell.no.

Neste kamp er også heime. Åndalsnes kjem til Vestnes for å spele lokalderby fredag i det som er sist kamp før ferien. ÅIF tok sine første bortepoeng for sesongen då dei slo Tomrefjord 3-2 fredag.

VIDEOAR I VARFJELL-TV (foto: Asbjørn Vik | BILDEGALLER FRÅ KAMPEN HER

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Træff 2. lag 4-1 (1-0)

Vestnes idrettspark, 40 tilskuarar

Mål:

1-0 (12) David Sissoko

1-1 (52) Eirik Kjørsvik

2-1 (70) Tommy Kanishi Andreassen

3-1 (72) Markus Brudeseth

4-1 (80) Svein Erik Lange Male

Dommar: Alexander Aarøe, Eidsvåg

Gult kort: Aksel Saga (47) og Edvard Khachatrjan (63), begge Træff 2

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik (Yngve Solevågseide 85), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen, Magnus Nerheim (Jonas Lervik 76) - Vegard Ellingseter (Knut Stian Eik 84), Sivert Nerheim, Tommy Kanishi Andreassen (Vegard Ellingseter 87) - Jarle Løvik Salte (Elling Olafsen 62), Markus Brudseth, David Sissoko (Adrian Liabø 46)

 

Add a comment
 
Møter Træff 2 heime kl 19
fredag 22. juni 2018 10:54

Træff 2 er kveldens gjestar i Vestnes idrettspark. Ta fri frå VM-fotballen og få med deg litt fotball i levande live! Avspark klokka 19. Open kiosk.

Add a comment
 
Sterkt bortepoeng på Eide
fredag 15. juni 2018 20:11

Vestnes Varfjell var i leiinga to gongar, men det vart til borte mot Eide fredag. - Me tek med oss eit sterkt bortepoeng, men det kunne også vore tre, oppsummerer Varfjell-trenar Alexander Connor. Han såg laget sitt starte best og ta leiinga på ein corner frå Magnus Nerheim som tilsynelatande gjekk rett i mål. Eide kom sterk mot slutten av omgangen og Vestnes Varfjell var heldige som hadde 1-0 ved pause. Eide utlikna 20 minutt ut i andre omgang, men Vestnes Varfjell tok leiinga igjen på straffespark ved Svein Erik Lange Male. Tommy Kanishi vart felt på veg igjennom. Like etter kunne Vegar Skare sett inn 3-1, men keeper redda på corner. På den vart ballen sett i mål, men dommaren hadde blåst, noko Connor meiner det ikkje var grunn til. Eide sette inn ein sluttspurt, men Varfjell var farleg på kontringar. Utlikninga kom tolv minutt før fulø tid. Begge lag pressa på for seiersmålet, nærast for Varfjell var Skare som igjen kom aleine med keeper etter perfekt framspel frå Kanishi, som var banens gigant. Varfjell varta opp med mykje bra spel med mange tekniske detaljar og viste igjen at lager kan spele jamnt med dei beste laga i divisjonen. Meir seinare

Kampfakta

Eide og Omegn - Vestnes Varfjell 2-2 (0-1)

Eide kunstgressbane, 100 tilskuarar

Fredag 15. juni 2018 kl 19

Mål:

0-1 (16) Magnus Nerheim

1-1 (66) Ole Martin Lynstad Halås

1-2 (71) Svein Erik Lange Male, straffespark

2-2 (78) Paul André Farstad

Laget:  Fredrik Bergslid, Håkon Kjørvik (Vegard Ellingseter 64), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Ørjan Tangen - Sivert Nerheim, Magnus Nerheim, Tommy Kanishi Andreassen - Vegar Skare, Markus Brudeseth (Knut Stian Eik 87), Amund Stavem (David Sissoko 10 (Jarle Løvik Salte 64))

Dommar: Kurt Einar Ansnes. Kvass/Ulvungen

Gult kort: Ørjan Tangen (85) og, Liam Conor (90) Tommy Kanishi Andreassen (90)

Add a comment
 
Målbonanza då Surnadal vart slått
laurdag 09. juni 2018 15:17

Vestnes Varfjell sikra seg alle poenga då Surnadal vart slått 5-4 i Vestnes idrettspark laurdag. Heimelaget låg under tidleg, men snudde til 3-2 ved halv tid. Etter pause auka Varfjell til 5-2, før Surnadal kom med ein sluttspurt. Målskårarar: Daivs Sissoko 2, Tommy Kanishi Andreassen 2 og Jarle Løvik Salte 1.

VarfjellTV: Videoar frå kampen her | Bildegalleri frå kampen her

Med Fredrik Bergslid bortreist, sto Vestnes Varfjell uten alternativ på keeperplass til denne kampen. Venstreback Adrian Liabø tok utfordringa. Han har mellom anna stått litt i mål i innandørsturneringar, men dette var første gong på full bane. Dessverre vart starten verst tenkeleg for keepervikaren då Erik Andersen snappa ballen etter eit innlegg som keeper såg ut til å ha kontroll på. Varfjell-benken vile ha frispark for angrep på keeper, men dommar Alexander Aarø - med fortid som Varfjell-keeper - godkjente. SJÅ SKÅRINGA HER.

Vestnes Varfjell kom rakst til hektene og alt etter 18 minutt kom utlikinga då David Sissoko drog seg fri langs 16-meterstreken og avslutta med eit skot forbi keeper. SJÅ SKÅRINGA HER Så var det klart for Tommy Kanishi-show. Først fekk han ballen tilbake fra Sissoko før han avslutta med ein markkrypar i lengste hjørnet. Minuttet etter fekk han sikte frå same posisjon, og denne gongen var skotet velplassert oppe i nettaket. SJÅ SKÅRINGANE HER

Stein Todalshaug fekk redusere ein gong før pause då han curla ballen over keeper til pauseresultat 3-2.

Vestnes Varfjell gjekk rett i angrep etter pause og Sissoko auka til 4-2 etter at Markus Brudseth først skaut og tvang fram ein retur frå keeper. Så runda Sissoko keeper og la tilbake til Magnus Nerheim, men han skaut utanfor for omtrent ope mål. 5-2 vart det likevel då innbyttar Jarle Løvik Salte kom igjennom og avslutta forbi keeper etter forarbeid av Sivert Nerheim.

Dermed såg det ut til å gå mot ein grei heimeseier. Surnadal forsøkte seg med langskot som stort sett gjekk utanfor, men fem minutt før oridnær tid var over fekk dei straffespark etter ei felling av Magnus Nerheim. Stein Todalshaug sette den i mål, og like etter var Varfjell-forsvaret på gyngande grunn slik at Patros Simon Bokre reduserte enno ein gong. Dommaren lag til 6 og eit halvt minutt, mellon anna på grunn av vatnpause i varmen. Surnadal fekk ein sjanse heilt på slutten, men Vestnes Varfjell sikra seg tre velfortente poeng. Dei fekk også Vegar Brøske utvist for to gule kort på slutten etter tumultar med Svein Erik Lange Male då begge ville hente ballen ut av nettet etter 5-4-skåringa.

Dei to tomålsskårarane utmerka seg denne gongen. Også dei to sidebackane Ørjan Tangen og Håkon Kjørvik bidrog godt offensivt. Godt var også å ha Amund Stavem tilbake, sjølv om han ikkje heldt heile kampen fordi strekkskaden dukka opp att.

Neste kamp er borte mot topplaget Eide.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Surnadal 5-4 (3-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Vestnes idrettspark, laurdag 9. juni 2018 kl 15

90 tilskuarar

Mål:

0-1 (12) Erik Kvendset Andersen

1-1 (19) David Sissoko

2-1 (29) Tommy Kanishi Andreassen

3-1 (31) Kanishi Andressen

3-2 (33) Stein Todalshaug

4-2 (47) Sissoko

5-2 (80) Jarle Løvik Salte

5-3 (85) Todalshaug, straffespark

5-4 (87) Petros Simon Bokre

Dommar: Alexander Aarø, Eidsvåg

Raudt kort: Vegar Brøske, Surnadal (87) (to gule)

Gult kort: Vegar Brøske (30), Hallvar Næss (80), Surnadal. Svein Erik Lange Male (87), Vestnes Varfjell

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Liabø; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Liam Connor - Magnus Nerheim (Yngve Solevågseide 82.), Sivert Nerheim, Tommy Kanishi Andreassen - Amund Stavem (Jarle Løvik Salte 55.), Markus Brudeseth, (Vegar Skare 80.) David Sissoko (Vegard Ellingseter 84.)

Add a comment
 
Møter Surnadal laurdag kl 15
fredag 08. juni 2018 23:21

Vestnes Varfjell møter Surnadal på heimebane i 4. divisjon laurdag kl 15. Open kiosk og fint vêr. Møt opp og støtt heimelaget i kampen om poeng.

Add a comment
 
Sikra bortepoeng på overtid
fredag 01. juni 2018 19:55

Vestnes Varfjell låg under 0-2 borte mot heimesterke Malmefjorden/ Ekko/Aureosen, men sikra poeng etter ein sterk sluttspurt. Fem minutt på overtid steig Sivert Nerheim til vers på ein corner og stanga inn utlikinga eller innlegg frå storebror Magnus. Kvarteret før hadde kaptein Tommy Kanishi redusert på eit langskot som gjekk i mål via stolpen. Same mann var også sjølv nære å utlikne like etterpå då han var igjennom, men Malmefjordens-spelar Erlend Holmen fekk rensa ballen unna streken i siste sekund. - Eit viktig poeng etter to tap på rad, sa trenar Alexander Connor etter kampen.

Han måtte komponere laget på ein heilt ny måte etter mange skadeforfall. Varfjell gjekk friskt ut, uten å skape det heilt store. Malmefjorden, med sin direkte spelestil, var flinkare til å ta vare på sjansane som baud seg. Keeper Fredrik Bergslid hadde alt varta opp med ei god redning, før han måtte redde på akrobatisk vis då ein frekk lobb frå langt hald nær hadde gått over keeperen og i mål. Malmefjorden meinte ballen hadde vore over streken, men Varfjell slapp med skrekken.

35 minutt var spelt då heimelaget tok leiinga, Varfjell-forsvaret avklare først, men på andre forsøk kunne Even Melsæter sette inn 1-0. På orvertid i første omgang var heimelaget også nærne 2-0 på eit skot som målvakt Bergslid redda.

Vestnes Varfjell starta med å ha ballen mest også etter pause, men igjen var det heimelaget som skapte dei farlege sjansane. 2-0 kom etter at Bergslid først hadde gjort ei god redning, men på neste forsøk vart Melsæter tomålsskårar då han plasserte ballen i hjørnet.

No såg det mørkt ut med tanke på poeng, men det var enno ein halvtime pluss overitid att å spele. Vestnes Varfjell forsøkte å spele seg igjennom, men det kompakte heimeforsvaret stod godt imot. Faktisk kom den første store sjansen til redusering dår ein heime-forsvarar nær hadde sleiva ballen i eige mål på eit hjørnespark.

I andre enden var vertane farleg på kontringar, og heada mellom anna over frå god posisjon. Heimelaget verka mest køyrd i varmen, og siste del av kampen vart prega av mykje duellar og lite spel. Dette utnytta kaptein Tommy Kanishi då han på eigenhand nær hadde sendt Varfjell tilbake i kampen. Då han berre greidde ei redusering, såg det ut til å bli 2-1. Det vart lagt til mykje grunna vatnpauser i varmen, Vestnes Varfjell fekk mange cornerar på slutten, og på den siste av desse sat utlikinga. Dermed eitt poeng i ein kamp der heimelaget nok følte at dei skapte nok til å fortene alle.

Keeper Bergslig og kaptein Kanishi best på Vestnes Varfjell. Neste kamp er heime mot Surnadal laurdag.

Kampfakta:

Malmefjorden/Ekko/Aureosen - Vestnes Varfjell 2-2 (1-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 1. juni 2018 kl 19

Malmefjorden  stadion, 60 tilskuarar

Mål:

1-0 (35) Even Mælseter

2-0 (60) Melsæter

2-1 (75) Tommy Kanishi Andreassen

2-2 (90 + 4) Sivert Nerheim

Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Elnesvågen

Gult kort: Ørjan Tangen (30), Vestnes Varfjell og Bent Rune Stangeland (55), Anders Hustad (90), Mathias Hollen (90), MIL/Ekko/A

Vestnes Varfjell: Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Adrian Liabø - Sivert Nerheim, Jonas Lervik (Knut Stian Eik 73.), Tommy Kanishi Andreassen - David Sissoko, Markus Brudseth, Magnus Nerheim

 

 

Add a comment
 
Møter Malmefjorden borte fredag
fredag 01. juni 2018 14:26

Fredag tek me turen til Fræna for møte Malmefjorden/Ekko/Aureosen i 4. divisjon.  Vertane er på 4. plass. Avspark på Malmefjorden stadion er klokka 19. Oppdatering på twitter. Oversikt over tidlegare kampar her.

Add a comment
 
Hang ikkje med i starten og tapte klart
søndag 27. mai 2018 11:20

Det vart klart tap 2-6 i bortekampen mot AK laurdag. AK leia 4-0 ved pause etter tre mål det første kvarteret. Andre omgang endte med andre ord 2-2 og det får vere trøysta i ein kamp der lite stemte på ujamnt underlag. Ørjan Tangen og Knut Stian Eik skåra. Eit revansjesugent heimelag, som kom frå to strake stortap, hadde mobilisert til eiga grasbaneopning. Toppskårar Christoffer Folland var tilbake og skåra likegodt fem av måla. Magne Hoseth rakk å sette eit straffespark før han måtte ut med skade.

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Ørjan Tangen, Svein Erik Lange Male, Sivert Nerheim, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Vegard Ellingseter (Jonas Lervik 83), Tommy Kanishi Andreassen (Knut Stian Eik 86) - Jarle Løvik Salte (David Sissoko 46), Markus Brudeseth, Adrian Liabø (Håkon Kjørvik 75)

Gult kort: Bergslid, eitt til AK

https://mobile.twitter.com/VestnesVarfjell/status/1000391670255538176

Add a comment
 
Møter AK borte lørdag - og du kan bli med
fredag 25. mai 2018 19:30

I morgen drar vi til Averøya for å spille kamp mot AK. Vi har leid inn en stor buss for anledningen, og har plass til 25 stk ekstra. Om du/dere vil være med å heie på oss i morgen, så ta kontakt med Knut Øyvind Hoem, tlf 48272458. Vi drar med ferga kl 12.00 fra Vestnes.

Add a comment
 
Surt tap i lokaloppgjer
måndag 21. mai 2018 15:08

Tomrefjord skåra det einaste målet i eit tett og jamnt lokaloppgjer måndag. Vestnes Varfjell hadde det meste av banespelet og det som var av halvsjansar før Tomrefjord skåra på omtrent sin einaste sjanse i heile kampen. Erlend Søberg avgjorde kampen drygt ti minutt før slutt etter presist framspel frå tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Jørgen Gravdehaug. Varfjell ville ha frispark fordi Søberg gjekk til med strake bein mot ein utrusande keeper Fredrik Bergslid. Magnus Nerheim var nære ved å redde og fekk ballen ut via stolpen, men dommarane meinte heile ballen alt hadde vore over streken. Videoen gir ikkje klart svar på om det var rett å godkjenne, uansett eit svært uheldig baklengsmål. Rundt 300 tilskuarar hadde møtt fram i det varme og fine vêret andre pinsedag, der heimepublikummet dominerte i heiarop denne gongen.

VarfjellTV: SJÅ MÅLET HER | SJÅ HEILE KAMPEN HER

 

Add a comment
Les meir…
 
Klart for lokaloppgjer andre pinsedag
søndag 20. mai 2018 20:36

Andre pinsedag tek me imot nabo Tomrefjord til det som faktisk er eit toppoppgjør i 4.divisjon. To poeng skil laga. Vestnes Varfjell vann 2-1 i tilsvarande oppgjer i fjor. Eit pussig poeng i år er at Tomrefjord har spelt fleire kampar enn Vestnes Varfjell i Vestnes idrettspark i år (3 mot 2), etter som dei har hatt dette som heimebane til no.

Avspark kl 15. Møt opp, det er open kiosk og elles alt som skal til for ein triveleg dag for fotball.

Add a comment
 
Sjå årets lagbilde og portrett av spelarane
tysdag 15. mai 2018 20:02

Årets lagbilde av A-laget i Vestnes Varfjell er tatt i kveld. Her kan du sjå årets lagbilde og portrett av enkelspelarar (to mann mangla og vil bli komplettert). Lav kveldssol skapte litt problem, men her er resultatet.

Add a comment
 
Seier i målrik bortekamp
onsdag 09. mai 2018 20:43

Vestnes Varfjell vann til slutt 4-3 borte mot Elnesvågen i 4. divisjon onsdag kveld. Vestnes Varfjell var best før pause i nydeleg spelevær på Tornes og hadde fortent å leie meir enn 2-1. Etter kvilen kom Elnesvågen betre med, men Vestnes Varfjell slo tilbake to gongar etter at vertane utlikna tidleg i omgangen. Det vart dramatikk på slutten då Elnesvågen reduserte på ein corner heilt på slutten og var svært nærme 4-4 på ei ny corner like etterpå. Trenar Alexander Connor kunne dermed konstatere at laget hans vann på ein litt dårleg dag og der personlege feil lett kunne ha kosta dyrt.

Nokre bilde frå kampen

Vestnes Varfjell opna best og berre ei god redning av keeper hindra Tommy Kanishi etter ni minutt. Så fann Vegard Ellingseter Elling Olafsen, men avslutninga får god posisjon vart for svak. Samen mann var endå nærare etter 22 minutt då eit lurt innkast til Amund Stavem hamna tilbake hos Olafsen som sette ballen utanfor. Så la Stavem opp for Sivert Nerheim som skaut over frå 16 meter. Like etter heada Olafsen i stolpen, men vart vinka av for offside. Elnesvågen var også frampå sporadisk og hadde mellom anna ei avslutning som trefte oppå tverrliggaren. Etter 35 minutt sat ballen endeleg i nota. Olafsen heada til sides for keeper etter eit presist innlegg frå Sivert Nerheim. Berre minuttet etter sto det 1-1. Liam Connor var uheldig då han skulle avklare, Elnesvågen vann ballen og kaptein Kirkaune kunne etter kvart sette ballen i ope mål til utliking. Fem minutt før pause får Kanishi god tid til å sikte, men også han skyt over frå god posisjon. Då skot ikkje nytta, fann Stavem ut at han måtte tråkle seg heilt fram til dørlinja. Olafsen venta framom mål og kunne nærast spasere ballen i mål til pauseleiing 2-1.

Kampbildet endra seg noko etter pause. Vestnes Varfjell slurva mykje både på midten og i forsvar og etter 20 minutt unytta den gamle storskåraren Kristian Benjaminsen ein slik situasjon og sette inn 2-2. Heimelaget var nærme å ta leiinga for første gong i kampen like etter, men Fredrik Bergslid i Vestnes Varfjell-målet fekk fista over ein lurt lobb frå langt hald. I staden tar Vestnes Varfjell leiinga for tredje gang i kampen. Kanishi la ballen tilbake til Stavem som sette inn 3-2 med eit hardt skot. Ti minutt før slutt hadde Kanishi sjansen til å punktere kampen då han vann ballen på midtbana og kom aleine med keeper. I staden for å skyte, prøvde han å finne Olafsen som kom på løp og Elnesvågen fekk rydda unna i siste liten. 2-4 skulle likevel komme. Eit frispark vart slått inn i feltet og ein Elnesvågen-forsvarar var uheldig og heada ballen i eige mål. Dommar Modolf Holm godkjente skåringa etter at han og linjemannen først diskuterte om det kunne ha vore offside.

Dermed skulle ein tru at alle poenga var sikra, men Elnesvågen var farleg på dødballar og i siste ordinære speleminutt fekk dei krangla ballen i mål på ein corner. Denne gongen var det Vestnes Varfjell som ville ha angrep på keeper. Anders Varhol var sist på ballen og om me ikkje tek feil var det same mann som skåra sjølvmålet like før også. Det var lagt til 4 minutt og Elnesvågen fekk to nye corner-forsøk, på den eine var det full mølje framom mål før ballen til slutt gjekk over. Dermed tre nye poeng til Vestnes Varfjell, i ein vanskeleg bortekamp.

Ingen utmeka seg på eit Vestnes Varfjell-lag der det var mykje smårusk over heile linja, men Olafsen markerte seg igjen som den giftige målskåraren han kan vere. Markus Brudeseth var heime frå militæret og sesongdebuterte med eit positivt innhopp i andre omgang. No ventar lokaloppgjeret mot Tomrefjord, heime andre pinsedag klokka 15.

Kampfakta:

Elnesvågen - Vestnes Varfjell 3-4 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Tornes kunstgras, 55 tilskuarar (7 Vestnes)

Mål:

0-1 (35) Elling Olafsen

1-1 (36) Thor-Inge Kirkaune

1-2 (42) Olafsen

2-2 (65) Kristian Benjaminsen

2-3 (72) Amund Stavem

2-4 (84) sjølmål

3-4 (90) Anders Varhol

Dommar: Moldof Holm, Isfjorden

Gult kort: Martin Kjørsvik, Elnesvågen (75)

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Magnus Nerheim, Liam Connor (Adrian Liabø 46.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen - Tommy Kanishi Andreassen (Håkon Kjørvik 87.), Jonas Lervik (Markus Brudseth 69.), Sivert Nerheim - Vegard Ellingseter, Elling Olafsen (Knut Stian Eik 90.), Amund Stavem

 

Add a comment
 
Vestnes Varfjell fotball starter bruktbutikk
fredag 04. mai 2018 22:37

VVIL Fotball åpner snart bruktbutikk i Kjøpmannsgata, ved siden av Solstudioet. Har du noe du ikke trenger, som andre kan ha bruk for, tar vi gjerne i mot! Allerede fra i morgen lørdag 5. mai mellom kl 12-14 tar vi i mot varer. Åpningsdato er ikke helt bestemt enda.

Besøk oss på Facebook: https://www.facebook.com/Vestens-Varfjell-Fotball-Bruktbutikk-1649430905173320/

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 3 av 249

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

vikelektro-logo.png

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer